Reinsdyr

Ingen nye tilfelle av skrantesjuke på Hardangervidda

Publisert av Arne Heimestøl 17.10.2021. Sist oppdatert 16.10.2021.

Det har vore knytta stor spenning til villreinjakta på Hardangervidda. Til no er det felt over 1300 dyr, men ein har etter prøvetaking ikkje funne nye tilfelle av den mest alvorlege varianten av skrantesjuke.

Spørsmålet er om det vil vere mogleg å hindre at skrantesjuke, som råkar hjortedyr, spreier seg til nye område.

3. september 2020 vart det skote ein villreinbukk som hadde den farlege varianten av sjukdommen, på Hardangervidda.

Mogleg å bekjempe sjukdommen?

– Vi er glade for at det ikkje er funne fleire positive prøver av dyr under jakta på Hardangervidda i haust. Det gjev grunn til å tru at området er i tidleg fase av sjukdomsutbrotet, og at det vil vere mogleg å bekjempe sjukdommen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet, til Hjortevilt.no.

25. januar 2018 vart nedskytinga av villrein i Nordfjella villreinområde avslutta. Ca. 2000 villrein vart felte. 18 av desse hadde den alvorlege varianten av skrantesjuke.

Tiltak på Hardangervidda

For å avgrense smitte, og om mogleg å utrydde klassisk skrantesjuke, sette Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartement som mål at andelen av bukkar på 3,5 år og eldre skulle reduserast til eit minimum, og at 1000–1500 simler skulle fellast i jakta på Hardangervidda i 2021.

12. november skal Miljødirektoratet og Mattilsynet levere ei vurdering til Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartement om det er nødvendig med ekstra jakt etter at ordinær jakttid på Hardangervidda.

Skrantesjuke

Skrantesjuke er ein smittsam sjukdom som kan ramme elg, hjort, rådyr og rein. Sjukdommen er dødeleg for dyret.

Skrantesjuke kan spreie seg direkte mellom hjortedyr, eller frå miljøet til hjortedyr.

I Noreg finst det to variantar av skrantesjuke. Ein smittsam variant er funnen på villrein i Nordfjella villreinområde og Hardangervidda villreinområde.

Ein annan, truleg mindre smittsam variant, er funnen på elg og hjort fleire stadar i landet.

Avmagring og unormal oppførsel er to av dei vanlegaste symptoma, men ifølgje Miljødirektoratet kan hjortedyr ha sjukdommen utan å vise sjukdomsteikn.

Styresmaktene har innført ei midlertidig forskrift for heile landet om forbod mot fôring av hjortevilt og utlegging av slikkesteinar til hjortevilt.

Testing

Alt fallvilt av elg, hjort, rådyr og villrein som er eitt år eller eldre, skal testast for skrantesjuke. Dersom du observererer hjortevilt som ser ut til å vere sjuke, skal du kontakte den kommunale viltforvaltinga.

Dyr som har skrantesjuke, vert ikkje friske. Kommunen skal avlive sjuke dyr viss ein finn dette nødvendig.

Håp om normalisering

Filefjell reinlag har beiteområde som grensar mot Nordfjella. – Vi har i fleire år teke prøver av slaktedyr utan å finne smitte, fortel Olaf Søbekkseter. No har det gått så lang tid etter utbrotet på Nordfjella at vi håper på ei normalisering.

I første halvdel av desember er det tid for den årlege reinslaktinga i laget. Seinare vert om lag 3000 dyr flytta til Dyttholsfjellet og kringliggande område ved Vassfaret.

Reinsdyr i Hedalsfjella
Reinsdyr i Hedalsfjella. Foto: Olaf Søbekkseter

Les også..

Bilvask

Ren bil til 17. mai?!ANNONSE 

9. trinn tar oppdraget! Inntektene går til 10. klassetur. Tidspunkt: ...
Begnadalen barnehage. Foto: Rune Stenslette

Det blir både barnehage og SFO i Begnadalen fra høsten

Torsdag 2. mai behandlet kommunestyret i Sør-Aurdal saken Endring av ...
Ved Småvatna. Foto: Olaf Søbekkseter

Ut på ski?

Det er fortsatt mye snø i fjellet, og det er ...
Taket på mellombygget begynner å ta form. Foto: Arne Heimestøl

Rehabiliteringsprosjektet fortsetter nær som planlagt

Til tross for kostnadssprekk på vel 25 % på rehabiliteringsprosjektet ...
Oddvar Gran. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Oddvars 11. dialektkviss

Oddvar sender fortsatt inn dialektuttrykk som vi lager kvisser av. ...
Kor

Konsertar med koret OFFbeat frå Nord-Tyskland

OFFbeat er eit kor frå Schleswig i Tyskland, nærare bestemt ...