Flomstor elv. Foto: Stein Bergum

Formannskapet sett på sidelinja?LEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 23.09.2023. Sist oppdatert 22.09.2023.

Uvêret «Hans» råka Sør-Aurdal hardt. Beredskapsplanen kommunestyret vedtok i oktober 2022, vart teken i bruk, og omfattande tiltak vart sette i verk.

Beredskapsplanen har avsnitt om økonomi og rapportering ved uønskte hendingar. Vi siterer frå side 11 i planen:

«Ved uønskede hendelser
Ordfører/Kommunedirektør har fullmakt til å disponere ressurser inntil kr 2 – to – million i krisesituasjoner. Dersom formannskapet ikke kan sammenkalles, kan rammebeløpet overskrides ved påtrengende behov. Formannskapet skal godkjenne slik overskridelse så snart som mulig jf. kommuneloven § 13. Alle utgifter i forbindelse med en hendelse skal merkes med et eget prosjektnummer og med navnet på den uønskede hendelsen.»

28. august publiserte vi intervju med ordførar Marit Hougsrud der vi stilte spørsmål om kommunen hadde brukt meir enn to millionar kroner i samband med «Hans».

Til dette svarte ordføraren at ein ikkje kjende den endelege summen, og at kostnadene måtte fordelast mellom fleire partar. Det var for tidleg å ta saka til politisk behandling.

Denne veka stilte vi spørsmål om same sak til kommunedirektøren. – Kommunen er framleis i prosess med å samanfatte kostnader knytt til hendinga. Kva totalkostnaden vil komme på til slutt, er litt vanskeleg å seie då ein del av kostnadene vil strekke seg langt ut i tid, seier Boie Ludvigsen.

Han legg til at alle direkte kostnader knytt til beredskapen vert førte på eige prosjekt for å sikre best mogleg oversikt.

Viss ordførar og kommunedirektør har brukt mindre enn to millionar kroner, vil det vere i tråd med fullmakta kommunestyret har gjeve dei. Er det brukt meir enn det, er det problematisk ettersom formannskapet ikkje har fått ei sak om temaet.

28. september er det kalla inn til nytt formannskapsmøte, men heller ikkje på dette møtet, rundt1 1/2 månad etter hendinga, får formannskapet ei sak om pengebruken knytt til «Hans».

Les også..

Hedalen helselag ny logo

Helselagstur til Akershus slott og museer

BEKJENTGJØRELSE: Torsdag 21 august.Invitasjon kommer, bli med!Hilsen Hedalen helselag

Kulturprisen 2025

Formannskapet har vedtatt at Kulturprisen fra Sør-Aurdal kommune for år ...
Folkemusikk

Folkemusikkprogram på Bautahaugen

KUNNGJERING: Fredag 18. juli arrangerer Valdresmusea folkemusikkprogram med spel og ...
Leirdeltakere fra Hedalen

Ælt går an på Hadeland

26.–29. juni 2025 var det fylkesleir i 4H. I år ...
Plantefarging

Farget garn med løkskall

Denne sommeren står sauen i sentrum på Bautahaugen samlinger. Temalørdagene ...
Logoen til Bautahaugens Venner

Bautahaugen lørdag 12. juli

BEKJENTGJØRELSE: Lørdag 12. juli blir temaet SKINNTRYKK med Oddbjørg og ...