Erling Sande. Foto: Senterpartiet

Galskap å tvinge seksåringar til å sitje endå meir

Publisert av Erling Sande, stortingsrepresentant for Senterpartiet 08.07.2025. Sist oppdatert 02.07.2025.

YTRING: Det er reine galskapen å tru at løysinga på utfordringane i skulen er å tvinge seksåringar til å sitje endå meir i ro. Høgre sin skulepolitikk – med meir teori, meir testing og mindre leik – treffer heilt feil. Dette gir verken meir motivasjon eller betre læring.

Sanninga er at Høgre-skulen har spelt fallitt.

For mange elevar, særleg dei som slit med motivasjon og meistring, er ikkje medisinen fleire timar med stillesitting og teoretiske fag. Skal vi løfte skulen, må vi gjere det ved å gjere kvardagen meir praktisk, variert og aktiv.

Senterpartiet vil ha ein skule som ser heile barnet – ikkje berre det som kan målast i testar og karakterar. Difor gir vi no tre klare råd til Erna Solberg og Høgre:

1. Meir leik og mindre teori for dei yngste

Dei første skuleåra legg grunnlaget for vidare utvikling. Men Høgre vil presse inn meir teori og fleire testar, også for fem- og seksåringar. Det er feil veg å gå. Små barn treng frileik. Leiken styrkjer språk og sosial kompetanse, gir betre fysisk helse og skapar ein trygg start på skuletida. Frileik bidreg også til å førebyggje både uro og fråvær.

2. Styrk lærarane – gje skulen meir ressursar

Lærarane er ryggrada i skulen. Skal dei få følgje opp kvar elev, må dei ha tid og ressursar. Det krev at kommunane får betre økonomi og fridom til å satse på skulen. Når Høgre samtidig vil kutte i kommuneøkonomien og krevje meir rapportering, heng ikkje politikken saman. Ei god skulesatsing startar med tillit og ressursar – ikkje kontroll og innsparing.

3. Praktisk læring gir betre meistring

Ikkje alle elevar lærer best gjennom å sitje stille og lese i bøker. Mange treng å bruke hender, kropp og fantasi for å kjenne på meistring. Senterpartiet vil difor ha fleire valfag på mellomtrinnet, innføre arbeidslivsfag på ungdomstrinnet og gje fleire elevar høve til å lære utanfor klasserommet. Praktisk læring byggjer motivasjon, livsglede og nyttig kompetanse for framtida.

Vi kan ikkje forme framtida med gamle løysingar. Barna våre treng ein skule som tek heile mennesket på alvor. Å tvinge seksåringar til å sitje endå meir stille er det stikk motsette av det dei treng.

Les også..

Jul med Valdresmål og Meining

Jul med Valdresmål og Meining holder 17 konserter før jul. ...
Øivind Næss

Øivind Næss tilsatt som kommunedirektør

Kommunestyret vedtok i dag, 11. desember 2025, å tilby Øivind ...

Lysmesse

Sist søndag var det lysmesse i Hedalen stavkirke ved Ellen ...
Hedalsheimen. Foto: Helge Nordby

Minnegave

Hedalsheimens venner takker for minnegave ved Inger Erika Holte Jensens (Minsten) ...
Hedalen Løypelag kjører opp 12 mil med høystandardløyper

Skisporet blir Sporet

Sporet er en ny, landsdekkende føremeldingstjeneste for skiløyper i Norge, ...

Koselig førjulskonsert

Torsdag 4. desember var det konsert i Den kulturelle spaserstokken ...