Leiar

Har kommunestyret delegert for mykje?LEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 14.01.2023. Sist oppdatert 13.01.2023.

– Har eg blitt ført bak lyset? spurde Kjell Eriksen i budsjettmøtet 15.12. Kommunestyrerepresentanten frå Tverrpolitisk kommuneliste hadde mellom anna rekna ut at samanslåinga av Begnadalen skole og Bagn skule ikkje hadde gitt innsparingar, men auka utgifter for kommunen. Dette var ikkje i tråd med det han hadde fått opplyst skulle skje.

I ein lengre artikkel torsdag denne veka svara kommunedirektøren på ei rekke spørsmål knytt til nemnde innlegg, og vi meiner det i svara kom fram fleire interessante opplysningar.

Det som overraska oss mest, var utsegna om at kommunestyret berre har vedteke rammene på kvart rammeområde i driftsbudsjettet.

Når vi les reglementsheftet kommunestyret vedtok i 2020, ser vi at kommunedirektøren har eit poeng: «Bevilgningene i driftsbudsjettet gis som nettorammer pr. rammeområde.»

Men på side 28 og reglementsheftet finn vi følgjande:

«Kommunedirektøren utarbeider detaljert driftsbudsjett med utgangspunkt i vedtatt årsbudsjett. Reglementet skal ivareta grunnprinsippet i kommunelovens formålsbestemmelse om at bevilgninger i årsbudsjettet er bindende for underordnede organ. Kommunestyret har myndighet til å vedta driftsbudsjett og endringer i dette. Delegert myndighet må ikke anvendes slik at kommunestyrets forutsetninger og premisser i årsbudsjettet undergraves.»

Slik vi tolkar kommunedirektøren, får budsjett til for eksempel kvar skule og barnehage ein ny, administrativ runde i januar. Så kan dei folkevalde spørje seg om det er slik dei vil ha det.

Gjennom økonomireglementet har kommunestyret delegert makt til kommunedirektøren. Reglementet skal vere tufta på den nye kommunelova – som er ei slags grunnlov for kommunane. Her er det lagt inn eit skarpare skilje mellom politikk og lokal administrasjon.

Kommunestyret er framleis det øvste organet i kommunen, og har mynde til å treffe vedtak til andre folkevalde organ, ordføraren eller kommunedirektøren innanfor rammene av kommunelova eller andre lover (kommunelova § 5).

Kommunestyret har dessutan det øvste politiske ansvaret for årsbudsjett, medan kommunedirektøren har det øvste administrative ansvaret for økonomiforvaltninga.

Kommunedirektøren har plikt til å rapportere om utviklinga i inntekter og utgifter i forhold til årsbudsjettet. I Sør-Aurdal skjer dette gjennom rapportar etter kvar fjerde månad.

Dessutan har kommunedirektøren plikt til å foreslå budsjettendringar ved vesentlege avvik. Vi kan ikkje sjå at det er mange slike saker som er lagde fram for kommunestyret dei siste åra. Kan hende det hadde vore på sin plass å definere kva vesentlege avvik er i Sør-Aurdal kommune?

Kommunelova legg òg til grunn at det er folkevalde organ som skal behandle saker som har prinsipiell betydning (kommunelova § 13-1) om ikkje kommunestyret sjølv har bestemt noko anna.

Berekraftig kommuneøkonomi vert eit viktig tema for kommunestyret i 2023. Ordføraren har varsla at kommunestyret sitt vedtak av 16. juni 2022 skal følgjast opp. Her vert det venteleg mange prinsipielle spørsmål å ta stilling til.

Les også..

Kristian Vidvei og Magne Omsrud Foto: Arne Heimestøl

Hedda Hytter – veien videre

Etter flere medieoppslag om bemanningsreduksjoner hos Hedda Hytter har det ...
Torodd Lybeck Foto: Bjørn Karsrud

Ny bok løftar fram kulturhistoriske dammar i Drammensvassdraget

Torodd Lybeck er aktuell med boka Brøtningsdammane – kulturhistoriske monument ...
Hytta

Skjulte krigshemmeligheter i Vassfar-hytte

Suzanne Clareus Weston er i dag eier av hytta Raggebu ...
Erling Sande. Foto: Senterpartiet

– Nå får du billigere vann og avløp – ny momsreduksjon sparer deg for en tusenlapp

PRESSEMELDING FRA SENTERPARTIET: Tirsdag 1. juli ble momsen på vann ...
Drosje

Bestillingsbussen

ANNONSE: Skal du til eller fra Hedalen, Bagn, Begnadalen, kan ...
Ola Jonny Fossholt

Etterlyste markering

Rehabiliteringen av Hedalen barne- og ungdomsskole er nå fullført. Prosjektet ...