Feststund på Bautahaugen
Rundt 150 fikk med seg sommermatineen som Hedalen ungdomslag satte opp på Bautahaugen samlinger sist søndag.
Det var nydelig sommervær, og det var tydelig at mange satte pris på å kunne møtes igjen. Mat og drikke sørget de frammøtte for selv. Sang, musikk og dans sørget barn og voksne i ulike aldre for.
Det var et knippe svenske viser som ble framført. Noen av aktørene var godt kjent fra tidligere oppsetninger, men nye var også kommet til. Anne Mathea Digene hadde regien denne gangen.
Eldor Bråthen har lagt sendt følgende hilsen etter forestillinga:
To dagar etter matineen
Hjartelig takk til kvar og ein av dei involverte for ei minneverdig oppleving i Brakadokka amfi sundag ettermiddag. Heilt rettferdig overfor alle dykk andre er det vel ikkje, men eg fekk lyst til å nemne to personar. At du, Rolf Gunnar Olsen, kan noko av kvart, visste eg. At du var så god til å tolke Evert Taube, har eg ikkje fått med meg, sjølv om eg har kjent deg i bortimot 50 år.
Den andre eg vil nemne er Arnstein Lie. Hjarteleg til lukke med ein vel fortent pris! Alle slike prisar er meint som oppmuntring til vidare innsats. Det veit eg du veit, ettersom du var med også denne gongen.
Eit lite minne frå mine dagar som lærar. Lærarar frå Vestoppland var samla til kurs på Gjøvik, og vertskapet der hadde fått ei dansegruppe til å underhalde. Da dei var ferdige, snudde ein lærar frå dei traktene seg mot meg og sa: – Slikt noko har de vel ikkje i Hedalen? – Jo, sa eg. Vi har ei ganske stor gruppe. Ho som instruerer dei, er norsk meister.
Tusen takk for songen, musikken og, ikkje minst, dansen. Mykje bra lyd, men å sjå på var jentene i dansegruppa dei aller finaste.