Årbok for Valdres

Ny årbok frå Valdres Historielag: Utvandring og migrasjon i fokus

Publisert av Arne Heimestøl 22.10.2025. Sist oppdatert 22.10.2025.

I ei pressemelding frå Valdres Historielag les vi at Årbok for Valdres 2025 no er klar. Boka tel 256 sider og har utvandring og migrasjon som hovudtema, men byr òg på eit breitt spekter av lokalhistoriske artiklar.

Frå Restauration til Midtvesten

I år er det 200 år sidan emigrantskuta Restauration sette kursen mot Amerika. Nær 900 000 nordmenn følgde etter i det neste hundreåret, av dei kring 20 000 frå Valdres.

Fag- og forskingsdirektør ved Norsk utvandrermuseum, Terje Mikael Hasle Joranger, skriv om dei første valdrisane som drog, og korleis dei fann vegen til Midtvesten.

Musikk, kunst og kultur over Atlanteren

Artiklane tek òg for seg kulturelle band mellom Valdres og det norskamerikanske miljøet:

  • Laura Ellestad om fem spelemenn som skapte samhald med musikken.
  • Marit Årseth om faren Sigmund og rosemålinga hans i USA.
  • Anne Mette Strand om Decorah-utvekslinga av studentar.

Innanlands migrasjon og flyktningar

Årboka løftar fram flyttehistorier også innanlands – og eit tilbakeblikk på då iranske flyktningar kom til Vang i 1986. Til saman er 27 artiklar vigde til utvandrings- og migrasjonstema.

Portrett av Elling Fekjær

I portrettdelen møter lesarane Elling Fekjær, ein kulturinteressert hedøl som bygde opp Fekjær psykiatriske senter. Alice Gudheim teiknar eit nært og personleg bilete av han.

Breitt spekter av lokalhistorie

Årboka inneheld dessutan 16 andre artiklar, mellom anna:

  • Kyrkjevegane frå Hemsedal til Sankt Tomaskyrkja (Ragnar Eltun)
  • Skulehistorie frå Vestre Slidre (Kirsten Inga Kamrud)
  • Sovjetiske krigsfangar i Valdres (Tatiana og Odd Ingar Toresen)
  • Eit gløtt inn i lokalavisene for 100 år sidan (Hilde Lysengen Havro)
  • Gjesteprotokollen til Grindaheim hotell 1904
  • 60 år sidan Troll Rally starta

Tilgjengeleg i bokhandel og på nett

Årboka blir lagt ut for sal i bokhandlar og fleire butikkar rundt om i Valdres, og du kan òg bestille via heimesida til Valdres Historielag.

Boka vil bli å få kjøpt på Joker i Hedalen frå og med denne veka.

Les også..

Emma

Barnedåp

Emma ble døpt i Hedalen stavkirke søndag 19. oktober. Her ...

Barnedåp

Eirik ble døpt i Hedalen stavkirke søndag 19. oktober.
Vaksinering

Tryggere vinter med vaksine – dette anbefaler FHI

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler at eldre og personer i risikogrupper tar ...
Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter søker til nyopprettede stillinger sykepleier, sosionom og helsefagarbeider

STILLINGSANNONSE: Fekjær psykiatriske senter (FPS) er en stiftelse innen spesialisthelsetjenesten. ...
HIL-logo

HØSTDUGNAD lørdag 25. oktober kl. 12.00

BEKJENTGJØRELSE: Vi rydder bort sommeren og gjør oss klar for ...
Fossbrøtta

Elva som renner gjennom Hedalen?

Visste du at elva gjennom Hedalen har hele fire offisielle ...