Hilde Lysengen Havro

Avisa Valdres går frå tre til to papiraviser

Publisert av Pressemelding 22.05.2024. Sist oppdatert 22.05.2024.

Frå og med 2. juli vil «Valdres» koma ut i to papirutgåver per veke; tysdag og fredag. Frå same dato vil avisa også bli levert med Posten. – Inga enkel avgjerd, seier ansvarleg redaktør Hilde Lysengen Havro i avisa Valdres.

Frå og med 2. juli vil avisa Valdres koma i papirutgåve og eavis-utgåve to dagar i veka. 

– Det har ikkje vore ei enkel avgjerd for oss. Vi veit at mange er glade i papiravisa, seier Hilde Lysengen Havro, ansvarleg redaktør i avisa Valdres.

Utgjevingsdagar blir tysdag og fredag kvar veke. Fram til 1. juli vil avisa koma ut som normalt tysdag, torsdag og laurdag.

Endringa skjer som ein fylgje av at abonnentane stadig har vorte meir digitale. I tillegg har prisane for trykk og distribusjon av papiravisa auka kraftig dei seinare åra. 

– Vi ser fyrst og fremst at stadig fleire av abonnentane våre les avisa digitalt. Verda endrar seg, abonnentane endrar seg, og då må vi også endre oss. 55 prosent av abonnentane er no heildigitale, og mange av dei som har komplettabonnement les også avisa digitalt. Samstundes har talet på abonnentar med papiravis vore synkande i mange år, og dei siste åra har vi hatt ein nedgang på rundt 10 prosent i papiropplaget kvart år, seier Hilde Lysengen Havro, som er ansvarleg redaktør og dagleg leiar i avisa Valdres.

– Vi veit at det er mange som er glade i papiravisa, så det er inga enkel avgjerd for oss, seier Havro.

Avisa Valdres gjer det no som mange lokalaviser har gjort eller er i ferd med å gjera, tilpasse seg til kostnadsbiletet. Avisbransjen har dei siste åra hatt store kostnadsauker knytt til trykk og distribusjon av papiravisa. Sjølv om abonnementsprisen også har gått opp, har ikkje denne prisen kompensert for dei auka utgiftene våre, fortel Havro.

– Prisen på digitalt abonnement og komplettabonnement blir den same som før. Årsaka til det, er at det blir like mykje redaksjonelt innhald som før. Avisene tysdag og fredag blir dermed tjukkare aviser. Dei som har sett fram til kryssord og anna godt helgestoff i laurdagsavisa, vil no få dette i fredagsavisa. Vi trur at denne endringa vil gjera at vi framleis kan sikre ei god papiravis i åra som kjem, seier Havro.

Kostnadsauken dei siste åra har kome samstundes med at annonseinntektene på papir har svekka seg. Denne utviklinga har treft mediebransjen generelt dei seinare åra, og avisa Valdres er ikkje noko unntak. 

– Då kjem ein til eit punkt der det blir eit spørsmål om å kutte i redaksjonelt innhald eller kutte i talet på papiraviser. Vi meiner det er viktigare å sikre og styrke ein lokal og uavhengig journalistikk, seier Havro.

Frå 2. juli vil avisa Valdres bli distribuert med Posten. Unntaket er dei delane av det sentrale Austlandet der det framleis vil vera ei bodordning, og som ikkje er omfatta av den statsstøtta avisomberinga. Posten skal levere avisa seinast kl. 17.00 på utgjevingsdagen.

– Staten la på bordet ei støtteordning for avisombering i distrikta. Denne ordninga sikrar avisombering gjennom Posten alle kvardagar, og det gjer at våre abonnentar får avisa på utgjevingsdagen tysdag og fredag, seier Havro.

Les også..

De tre skolene i kommunen

Ny opplæringslov

Ny opplæringslov med forskrifter trer i kraft 1. august 2024. ...
Hedalen stavkirke. Foto: Dagfinn Heimestøl

GudstjenesteBEKJENTGJØRELSE 

Velkommen til gudstjeneste med dåp i Hedalen stavkirke søndag 21. ...
Foto: Arne Heimestøl

Knivmaking

Lørdag 13. juli var temaet knivmaking på Bautahaugen. Bjørn Michaelsen ...
Drikkevann

Bør flere sjekke fluoridinnhold i drikkevannet?

Det har vært stor interesse knyttet til oppslagene Hedalen.no og ...
Thomas Bye

Høyaktuell teaterforestilling på kulturfestivalen

Lørdag 3. august kl. 18.00 blir det en teaterforestilling på ...
Oddvar Gran. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Oddvars 16. dialektkviss

Oddvar sender oss fortsatt dialektord som vi kan lage kvisser ...