Valgfagsgruppa framfor skada benk Foto: Arne Heimestøl

Øydelagd benk på Hedalen barne- og ungdomsskole

Publisert av Eivind Olmhus 25.10.2023. Sist oppdatert 24.10.2023.

Ungdomstrinnet ved HEBU har starta opp med valfaget Praktiske handverksfag dette skuleåret. Dette er eit fag som legg opp til praktisk arbeid og utprøving der elevane skal lære seg å bruke og vedlikehalde verktøy og nytte materialar på ein god måte.

Haustprosjekt med støtte frå lokalt næringsliv

Haustprosjektet i år har vore å laga litt større ting av tre, og vi har vore så heldige å få sponsa materialar av Begna Bruk. Det har blitt bygd sykkelhopp, utstyrskassar og ballkasse til småtrinnet og eit nytt utebord til skuleplassen (ein av to, vi har framleis materialar igjen).

Dette har vore veldig artige timar, og ved å slå sama ein del av undervisninga i bolkar hadde vi ein og ein halv dag i september der vi kun hadde bygging på timeplanen. Elevane har i stor grad vore sjølvgåande og diskutert seg fram til løysingar og laga oversikt over kva slags dimensjonar dei trong før bygginga starta. 

Utebordet vart valt ut som eitt av hovudprosjekta, blant anna fordi fjorårets elevråd ynskte seg nye bord til skuleplassen.

Foto: Eivind Olmhus
Foto: Eivind Olmhus
Foto: Eivind Olmhus
Foto: Eivind Olmhus
Foto: Eivind Olmhus
Foto: Eivind Olmhus
Foto: Eivind Olmhus
Foto: Eivind Olmhus

I det store og det heile har det vore eit kjempefint prosjekt som me ikkje hadde fått til utan samarbeid med lokalt næringsliv. Vi har også fått låne noko utstyr på byggedagane av snikkar Øystein Fossholt. Dette, saman med hjelpa frå Begna Bruk har gjort av vi kan gje elevane verdifull læring og praktisk erfaring. 

Ubedne gjestar

Det var derfor utruleg kjedeleg å sjå at det har vore ubedne gjestar her i helga som har køyrd på, eller på annan måte skada benken slik at han no treng å verte reparert. Me stata tysdag med å klargjere nye materialar. Vi må byte ut nokre delar, då han har fått skikkeleg medfart og mista ein del flisbitar, sprekt opp, og fleire av skruene er rivne ut. 

Men, elevane har tatt det med godt mot, og me ser for oss å ha fiksa benken igjen i neste valfagstime. Om då med nokre skjønnheitsflekkar. 

Benken var flytta fleire meter over skuleplassen. Her ser du eksempel på skadane. Foto: Eivind Olmhus
Benken var flytta fleire meter over skuleplassen. Her ser du eksempel på skadane.
Foto: Eivind Olmhus
– Vi synes det er veldig vondt og trist at benken vi har laget har blitt ødelagt. Det er veldig dårlig gjort. Vi håper at den som har gjort det angrer veldig. Dette har vi brukt lang tid på, skriver Martin på vegne av valgfagsgruppa. Foto: Arne Heimestøl
– Vi synes det er veldig vondt og trist at benken vi har laget, har blitt ødelagt. Det er veldig dårlig gjort. Vi håper at den som har gjort det, angrer veldig. Dette har vi brukt lang tid på, skriver Martin på vegne av valgfagsgruppa.
Foto: Arne Heimestøl

Les også..

50-årsmarkering av Hedalen Skytterlags Miniatyrgruppe

Mandag 16. desember 2024 inviterte Hedalen Skytterlags miniatyrgruppe til juleskyting ...
Kjersti Toppe

Historielaust kyrkjekuttYTRING 

Snart kimar det i kyrkjeklokker i heile landet. Det kimar ...
Fra valglokalet i Hedalen

Fortsatt tre valgkretser

Høsten 2025 er det stortingsvalg. Ved kommunestyre- og fylkestingsvalget 2023 ...
Hedalen stavkirke ved juletider

GudstjenesteBEKJENTGJØRELSE 

Velkommen til julaftensgudstjeneste i Hedalen stavkirke kl. 16.00. Solgunn Vårlid ...
Penger

Vedtok kontortaksering av eiendomsskatt for 2025 og ny, alminnelig taksering

12. desember behandlet kommunestyret saken Eiendomsskatt – ny allmenn taksering ...
Boeing Boeing

Hedalen ungdomslag presenterer Boeing BoeingBEKJENTGJØRELSE 

Bernhard lever livet som suksessfull finansmann og ungkar, med sansen ...