Arild Torvund Olsen

– Feil i saksutgreiinga

Publisert av Arne Heimestøl 14.05.2022. Sist oppdatert 13.05.2022.

Det har vore rådgjevande folkerøysting om hovudmål ved Bagn skule. Fleirtalet av dei som deltok i røystinga, meiner at skulen skal ha bokmål som hovudmål.

Torsdag 19. mai kjem saka opp i kommunestyret. Kommunedirektøren foreslår at Bagn skule endrar hovudmål frå nynorsk til bokmål frå og med skuleåret 2022/2023.

Hedalen.no har vist saksutgreiinga til høgskulelektor Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret / Høgskulen i Volda.

Når startar sidemålsopplæringa?

I saksutgreiinga les vi fylgjande:

«De to siste årene i grunnskolen skal elevene ha undervisning i både bokmål og nynorsk jf. opplæringsloven § 2-5, sjette ledd.»

Om dette skriv Torvund i e-post til Hedalen.no.

«Når det i saksutgreiinga er framstilt som om bokmålselevar ikkje skal forhalda seg til to skriftspråk før i ungdomsskulen, er det direkte feil. Læreplanen er tydeleg på at elevane heilt frå fyrste klasse skal møta sidemålet sitt og etter kvart utforska skilnader og likskapar mellom nynorsk og bokmål. Frå femte klasse skal elevane skriva tekstar på sidemålet sitt.»

Læreplanen i norsk er forskrift. Her finn du kompetansemåla.

Rettar

Om elevane sine rettar skriv høgskolelektoren dette:

«Saksutgreiinga tek dessutan i liten grad omsyn til rettane til dei elevane som i dag har nynorsk som hovudmål, og ser ut til å gå ut frå at nynorskelevane utan vidare må byta til bokmål.

Kravet om minst ti elevar for å få laga ei eiga nynorskgruppe gjeld berre ved oppretting av nye grupper. Når det er nynorskgrupper som alt finst, som her ved Bagn skule, seier § 2-5 i opplæringslova at så lenge det er minst seks elevar att i gruppa, har dei rett til å halda fram som eiga gruppe.

I tillegg er det grunn til å tru at elevar på 5. til 7. trinn har same retten ved endring av hovudmålet ved skulen som dei etter opplæringslova har ved overføring til ny skule, nemleg at dei har rett til å halda fram med det opphavlege hovudmålet sitt uavhengig av kor mange dei er.»

Les også..

Salto logo

Velkommen!

BEKJENTGJØRELSE: SALTO på Hedalsheimen torsdag 13.11. kl. 17:30–19:00 for både ...
Arkivbilde av kommunestyret

Ordføreren foreslår nytt kutt

Ordfører Marit Hougsrud foreslår å redusere antallet kommunestyrerepresentanter i Sør-Aurdal ...

Nesbyen- Hedalen veglag informerer

REGN MED VENTETID: Det pågår vegarbeid på Vassfarvegen på strekningen ...
SAUS. Foto: Arne Heimestøl

Før toget går – romprogrammet og økonomien må på bordet

LEIAREN: Kommunestyret har bestemt kvar Nye Sør-Aurdal ungdomsskule skal byggjast ...
Gangfelt

Formannskapet sa nei

Statens vegvesen hadde foreslått å fjerne gangfeltet på E16 ved ...
Arkivbilde

Velkommen til julemessa 15. november

BEKJENTGJØRELSE: Også i år inviterer Hedalen misjonsforening til julemesse på ...