SAUS. Foto: Arne Heimestøl

Før toget går – romprogrammet og økonomien må på bordet

Publisert av Arne Heimestøl 07.11.2025. Sist oppdatert 06.11.2025.

LEIAREN:

Kommunestyret har bestemt kvar Nye Sør-Aurdal ungdomsskule skal byggjast og fått fleire orienteringar om planarbeidet.

Torsdag 13. november kjem det ei ny orientering. Men framleis manglar det viktigaste: ei sak der kommunestyret får ta stilling til romprogrammet – og til den økonomiske ramma for prosjektet.

Forsikringsoppgjeret etter flaumen «Hans» er på 75 millionar kroner pluss mva. Grunnen bygget skal stå på, må hevast minst 4 meter. Det dekkjer ikkje forsikringa, og staten har sagt nei til støtte.

Ordføraren har alt varsla at kostnaden kan bli høgare enn forsikringssummen. Samstundes er kommuneøkonomien svært stram, og fleire andre prosjekt står for tur – mellom anna Sør-Aurdal beredskapssenter i Bagn og ny barnehage i Reinli.

Like ved den nye ungdomsskulen ligg Sør-Aurdalshallen, som både Bagn skule og ungdomsskulen kan bruke.

Det må få konsekvensar for kor stort skulebygget faktisk treng å vere.

Romprogrammet handlar ikkje berre om areal og talet på klasserom, men om kva slags funksjonar Nye SAUS skal ha i framtida. Kva for læringsformer skal bygget til dømes leggje til rette for?

No hastar det. Utan eit vedteke romprogram står arkitektane utan klare styringsliner. Då kan vi få både feil løysingar og dyre omprosjekteringar seinare.

Kommunestyret må òg fastsetje ei realistisk økonomisk ramme – slik at planlegginga held seg innanfor ansvarlege grenser, og innbyggjarane kan ha tillit til prosessen.

Å byggje ny ungdomsskule i Bagn er eit av dei største løfta kommunen gjer på mange år. Nettopp difor treng vi open debatt, tydelege prioriteringar – og politiske vedtak som peikar retning. No må romprogrammet og økonomien på bordet – som sak – før toget går.

Les også..

Ny asfalt

Vegarbeidene fullført

Fylkesveg 2456 mellom Tollefsrud i Begnadalen og Jennlismyra i Hedalen ...
Brunnbakklia og Skolehagen. Foto: Dagfinn Heimestøl

Årsmøte

BEKJENTGJØRELSE: Det blir årsmøte i Brunbakklia og Skolehagen velforening på ...

Vi inviterer til kveldsmat og høytlesing!

BEKJENTGØRELSE: Vi inviterer til kveldsmat og høytlesing torsdag 22. oktober ...
Trygghetsalarm

Sør-Aurdal skal vurdere alle vedtak om trygghetsalarm på nytt

Sør-Aurdal kommune opplyser på sin nettside at trygghetsalarm er en ...
Hedalsheimen. Foto: Helge Nordby

Høstens elggryte på Hedalsheimen

BEKJENTGJØRELSE: Søndag 1. november kl. 15.00 ønsker vi alle over ...

Seniortreff

BEKJENTGJØRELSE: Sør-Aurdal kommune inviterer til seniortreff tirsdag 10. november i ...