2021-11-20-6

Kva skjedde då naturkatastrofen råka Sør-Aurdal?

Publisert av Arne Heimestøl 28.03.2022. Sist oppdatert 27.03.2022.

Onsdag 30. mars kl. 19.00. har Sør-Aurdal kommune invitert til folkemøte om beredskap og erfaringar etter stormen 19. november 2021. Møtet vert halde i gymnastikksalen på Hedalen barne- og ungdomsskole.

Stormen var varsla

Vi tek eit lite tilbakeblikk.

Yr.no varsla at det i tidsrommet 07.00–21.00 fredag 19. november kunne kome vindkast på opp mot 35 m/s i Sør-Aurdal.

Kvelden før stormen la Hedalen.no ut dette varselet. Og Meteorologisk institutt slo nokre veker seinare fast at varselet var korrekt.

Store skilnader i Sør-Aurdal

Då vindvêret var over, kunne vi sjå at skogskadane var størst i Hedalen, deler av Begnadalen og på Leirskogen. I eit opppslag 26. januar anslo skogbruksleiar Kai Reidar Dølven i Viken skog at det var 300 000 m3 med vindfall etter stormen 19. november i Sør-Aurdal.

BygderProsentVolum
Bagn/Leirskogen20 %60 000 m3
Begnadalen20 %60 000 m3
Hedalen60 %180 000 m3

Kaotiske tilstandar

Verst råka vart Hedalen. I tidsrommet 09.00 til utpå kvelden 19. november ramla mykje skog over Vestbygdvegen, Hedalsvegen og fleire private vegar.

27. januar 2022 kunne Arne Fredheim i Innlandet fylkeskommune fortelje at Valdres skog rydda bort 340 m3 med skog som hadde falle over fylkesvegane i bygda. Det er nok til å fylle sju tømmerbilar.

Fleire ferdast etter vegar der dette neppe var trygt. Utpå dagen vart fylkesvegane sør for Joker stengde.

Først kl. 16.15 fredag 19. november 2021 sette kommunen krisestab. Då hadde uvêret herja i fleire timar.

Vanskeleg å gje beskjed

Straum, mobilnett og Internett vart tidleg borte i store delar av Hedalen. Etter kvart gjekk naudnettet også ned. Dette gjorde at det vart svært vanskeleg å kommunisere.

Bussruta sørover var innstilt, og fleire dro derfor for å hente ungane sine.

Føresette til barn i barnehagen gjorde det same, og dei som skulle til eller frå arbeid, brukte vegar der stormen herja.

Ingen vart likevel alvorleg skada.

Det kunne ha gått verre.

Oppryddingsarbeidet

Sør-Aurdal Energi fekk mykje å gjere. Straumnettet hadde fått store skadar, og det tok opp mot ei veke før alle hadde fått straumen attende.

Slik var det med mobilnettet og fibernettet også. Nord for skulen i Hedalen og på Jevnlismyra var det mobilsignal, og hit reiste mange for å få kontakte med omverda.

Lenkjesamling

Hedalen.no har laga mange oppslag om det som hende under og etter stormen 19. november.

Videoar 19. november

Intervju med Anne-Margrethe Wilter laurdag 20. november
Intervju med Elling Fekjær laurdag 20. november

(Biletet øvst på sida er frå Vestbygda laurdag 20. november.)

Les også..

Bilvask

Ren bil til 17. mai?!ANNONSE 

9. trinn tar oppdraget! Inntektene går til 10. klassetur. Tidspunkt: ...
Begnadalen barnehage. Foto: Rune Stenslette

Det blir både barnehage og SFO i Begnadalen fra høsten

Torsdag 2. mai behandlet kommunestyret i Sør-Aurdal saken Endring av ...
Ved Småvatna. Foto: Olaf Søbekkseter

Ut på ski?

Det er fortsatt mye snø i fjellet, og det er ...
Taket på mellombygget begynner å ta form. Foto: Arne Heimestøl

Rehabiliteringsprosjektet fortsetter nær som planlagt

Til tross for kostnadssprekk på vel 25 % på rehabiliteringsprosjektet ...
Oddvar Gran. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Oddvars 11. dialektkviss

Oddvar sender fortsatt inn dialektuttrykk som vi lager kvisser av. ...
Kor

Konsertar med koret OFFbeat frå Nord-Tyskland

OFFbeat er eit kor frå Schleswig i Tyskland, nærare bestemt ...