Kommunestyret

Berekraftig kommuneøkonomiLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 02.02.2022. Sist oppdatert 01.02.2022.

I budsjettmøtet 17. desember 2019 vedtok kommunestyret følgjande:

«For å imøtekomme de økonomiske utfordringene i økonomiplanen ber vi om at administrasjonen legger fram en tiltaksliste med tydelig oversikt over konsekvenser. Alle områder og tjenester skal gjennomgås uavhengig av tidligere vedtak. Denne legges fram for kommunestyret i mai.»

Til no har det ikkje kome noko svar på denne bestillinga.

16. desember 2021 vedtok kommunestyret at kommunedirektør og ordførar skal initiere eit arbeid for å sikre berekraftig kommuneøkonomi ved at det vert sett ned ei arbeidsgruppe av folkevalde og administrasjon. Arbeidsgruppa skulle ha fire frå posisjonen og tre frå opposisjonen med éin vara frå kvar gruppe.

Vedtaket vart gjort i samband med behandling av budsjett- og økonomiplan for 2022–2025.

At det ikkje kjem opp ei sak i kommunestyret som presiserer vedtaket, og at val av representantar ikkje skjer som vanleg, meiner vi er uheldig.

Ordføraren har gjort det klart at arbeidsgruppa skal følgje reglane som gjeld for møte i folkevalde organ. Det er vi glade for. Dette betyr mellom anna at det skal førast møtebok, at møta er offentlege, at det skal vere ein møteplan, og at møte skal kunngjerast og ha sakliste.

Det som no trengst, er at arbeidsgruppa kommunestyret vel, får eit tydeleg mandat og ein frist for når oppdraget gruppa får, skal vere fullført.

Les også..

Torden og styrtregn

Gule farevarsler

Onsdag kl. 13.38: Yr.no varsler tordenvær og styrtregn i vårt ...
Drosje

Bestillingsbussen

ANNONSE: Skal du til eller fra Hedalen, Bagn, Begnadalen, kan ...
Ola Jonny Fossholt

Etterlyste markering

Rehabiliteringen av Hedalen barne- og ungdomsskole er nå fullført. Prosjektet ...
Hedalsheimen. Foto: Helge Nordby

Norge renner over av penger. Men det gjør ikke Sør-Aurdal kommune.

YTRING: «Hver nordmann har i gjennomsnitt litt over 3,4 millioner ...
Jannicke Hexum Foto: Arne Heimestøl

Omvisning i kirka

ANNONSE: Hedalen stavkirke er åpen for omvisning i perioden 29. ...
Logoen til Bautahaugens Venner

Bautahaugen lørdag 5. juli 12.00–16.00

BEKJENTGJØRELSE: I sommer kretser temalørdagene rundt utstillinga «SAU. Livredder gjennom ...