Ola Rygg og Mari Goplerud Rygg

Vann fram i søksmål mot Eidsiva bredbånd

Publisert av Arne Heimestøl 06.04.2021. Sist oppdatert 07.04.2021.

Sør-Gudbrandsdal tingrett har gjeve Ola Rygg medhald i at avtalen som vart inngått mellom Eidsiva bredbånd og Rygg 18. oktober 2018 om framføring av breiband til Goplerud, er rettsleg bindande.

Det betyr at Goplerud sør i Hedalen skal få fiberbreibandtilkopling for 3 990 kr. I tillegg må Eidsiva betale Ola Rygg sine sakskostnader på 37 882 kr. Fristen for å anke dommen er éin månad.

Avtalen

18. oktober 2018 fekk Rygg ein telefon frå ein seljar som på vegner av Eidsiva tilbaud ein avtale om framføring av fiber. Det var då snakk om fortetting av fibernettet sør i Hedalen, altså slik at adresser som ikkje var kopla til gjennom tidlegare utbygging, no skulle få tilbod.

Prisen for påkopling og månadsavgift skulle vere den same som andre bestillarar hadde fått i 2015. Rygg aksepterte tilbodet, og Eidsiva stadfesta avtalen.

Frå venstre: Nils Magnar Goplerud Rygg, Tom Caspersen, Mari Goplerud Rygg og Ola Rygg i 26. oktober 2018. Rygg er pensjonert lagrettsdommar og lagmann. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Ville kansellere avtalen

Nokre dagar seinare oppdaga Eidsiva at dei hadde gjort ein feil. 22. eller 23. oktober tok direktør for leveranse, Tom Caspersen, kontakt med Rygg og sa at selskapet ikkje kunne stå ved avtalen dei hadde inngått. Fredag 26. oktober 2018 besøkte han Goplerud og kom med tilbod om løysing på floken.

Rettssak

Rygg gjorde det klart at han meinte avtalen han hadde inngått med Eidsiva, var bindande og avviste forslaget Caspersen kom med. Rygg gjekk til småkravssak mot selskapet, og har no vunne fram.

Les også..

Molter

Bærnytt 2

Moltesesongen er i gang, i alle fall i lavereliggende strøk ...
Markedskart

Stor interesse for markedsdagen på Bagn

Valdrestunet Kjøpesenter, Mitt Sør-Aurdal, Circle K, Sør-Aurdal Frivilligsentral og andre ...
Vandring over Hedalsfjellet

Ny poesti-rute

Helga 2.–4. august arrangerer Hedalen kulturforum Hedalen kulturfestival 2024. Nedenfor ...
Boreriggen

Borer energibrønner

Denne uka er Valdres brønnboring i gang med å bore ...
Teinvassåsvegen

Nesbyen–Hedalen veglag orienterer

Det har kommet noen spørsmål til styret for veglaget angående ...
Hedalen.no

De mest leste nyhetsoppslagene

Google Site Kit gir opplysninger om hvor mange sidevisninger de ...