Memento mor di

Naud, død og draumar over havet

Publisert av Arne Heimestøl 04.08.2025. Sist oppdatert 04.08.2025.

Laurdag 2. august, under Hedalen kulturfestival 2025, vart musikkteaterstykket Memento Mor di framført to gonger på Nordre Lokalet. Til saman fekk 180 personar med seg framsyninga.

Gjennom ei sterk og musikalsk forteljing følgjer vi Marit Kristensdotter frå Vang og Gul Lia frå Hedalen, som møtest i Drammen våren 1851.

– Mor Noreg klarte ikkje å brødfø alle innbyggarane sine. Gardane var ikkje store nok, blir det sagt i stykket – ei linje som set tonen for livsnauda og framtidslengselen som dreiv tusenvis av nordmenn over Atlanteren.

– Eg har ingen å kalle for mine, seier Marit – åleine i verda etter at mor hennar døydde. Fattigkassa i Vang betalte billetten til Amerika. Frå Bragernestorget legg ho og Gul ut på si livs reise – ei ferd full av håp, tvil og nødvendige val.

Nauda gjorde at Marit valde Gul til ektemann, trass i at han var mykje eldre. Med tida vaks det likevel fram kjærleik mellom dei.

Sidan dei skulle til ulike stader, tok Marit arbeid som tenestejente hjå ein prest, for å kunne følgje etter Gul seinare. Då ho blei gravid utan å vere gift, møtte ho ein hard dom frå presten.

Ho møter att Gul – dottera deira er då alt fødd. Men livet slår hardt: I 1852 sokk båten dei reiste med over Erie-sjøen etter ein kollisjon i mørket. Gul og Marit miste livet. Den vesle dottera, Kristiane, overlevde – og førte slekta vidare.

Framført på dialekt – ei røyst frå røtene

Marit snakka vangsmål, medan Gul tala på hedalsmål – noko som gav historia ekstra truverde. Dialektbruken forsterka det personlege og gjorde det lett for publikum å kjenne seg knytte til menneska på scena. Humor og alvor gjekk dessutan hand i hand.

Tittelen spelar på den latinske frasen memento mori – «hugs at du skal døy». I stykket blei det omskapt til Memento Mor di – med fleire tydingar: ei påminning og eit frammpeik om kor forgjengeleg livet er, men òg ei kjærleg helsing til mor, heimlandet og røtene.

Sterke tolkingar i fleire roller

Cato Skimten Storengen leverte ei imponerande framsyning i fleire roller – som Gul, ein sjømann og prest. Med små verkemiddel og stor innleving veksla han elegant mellom figurane, og formidla både varme, autoritet og indre kamp.

Anne Heidi Kvam Hillestad tolka Marit med både sårbarheit og styrke. Ho spela òg rolla som tanta til Gul – ei birolle ho fylte med nærvær.

Skodespelarprestasjonane var sterke og truverdige, og gav historia både djupn og nerve.

Lokalt forankra kunst og engasjement.

Regien var ved Ragnhild Lund frå Vang. Manus er skrive av Alice Gudheim. Musikken, komponert og framført av Kasper Dyve frå Bagn, fungerte som eit vemodig og stemningsfullt bakteppe. Både Anne Heidi og Cato framførte songar med gode stemmer og sterk innleving.

Åsgårdsreia Teaterlag held fram med å formidle lokalhistorie på høgt kunstnarleg nivå, og byggjer vidare på suksessen frå Eg er Tølleiv. Med Memento Mor di styrkjer dei si rolle som formidlarar av historier som både rører og forankrar.

Ei framsyning som brenn seg fast

Memento Mor di vart ei djupt gripande påminning om kva som ligg bak dei store, historiske linjene: enkeltmenneske, svolt, håp – og offer.

Det vart eit musikkteatermøte som både gjorde vondt og varma – og som vil leve vidare i tankane til publikum lenge etter siste replikk.

Video og bilete: Arne G. Perlestenbakken

Les også..

Kyrre Eikås Ottersen Foto: Arne G. Perlestenbakken

Dokumentarteater om norsk landbruk engasjerte publikum i Hedalen

Fredag 30. januar gjestet Teater Innlandet Nordre Lokalet med forestillingen ...
Gamlestua

Åpningstider i Gamlestua – Garn, gaver og gjenbruk februar 2026

ANNONSE: Åpningstider: Lørdag 7.2. kl. 11–13 Lørdag 14.2. kl. 11–13 ...
Salto

Velkommen!

BEKJENTGJØRELSE: Det blir Salto på Kroken torsdag 5.2. kl. 17.30–19.00. ...
Tomta for Nye SAUS

Uenighet om størrelsen på nye SAUS

Formannskapet i Sør-Aurdal behandlet torsdag 29. januar saken om rammer ...

Skiløyper

LØRDAG ETTERMIDDAG: Nye skispor på Jennlismyra. Det er også kjørt ...
Kamilla

Hva skal vi spise?

I 2024 kom en stor og viktig studie: Over 700 ...