Foto: Arne G. Perlestenbakken

Gnistrande framsyning av «Eg er Tølleiv»

Publisert av Arne Heimestøl 16.04.2024. Sist oppdatert 15.04.2024.

Laurdag kveld var det nypremiere på Åsgårdsreia teaterlag si teaterframsyning «Eg er Tølleiv» på Nordre Lokalet i Hedalen.

For fullsett sal vart historia om dobbeltdrapet i eit bryllaup 6. desember 1823 i Vestringsbygda i Nord-Aurdal fortalt. Sentralt i forteljinga står mordvåpenet, Kjørstaddreparen, og fela som spelte i bryllaupet.

Åsgårdsreia teaterlag består av maunusforfattar Alice Gudheim, regissør Ragnhild Lund, lyd/lys Dominik Schmidth-Philipp, spelemann Henning Andersen og skodespelar Cato Skimten Storengen. Alle er eller har vore busette i Valdres.

Dokumentarhistorie med fri diktning

Det er Alice Gudheim som har skrive manuskriptet til dokumentarhistoria. To bøker av Ole Terje Hådem, utdrag av rettsdokument og samtalar med etterkomarar av dei involverte er nokre av kjeldene ho har brukt. Så har Gudheim, i sitt første teatermanuskript, dikta vidare. Teksten er skriven på rein nynorsk, med valdresklangbotn.

Retrospektiv forteljarteknikk

Starten av framsyninga begynner med at sjela til Tølleiv vert skild frå kroppen hans i grava. Det er spel på fela som vart brukt i bryllaupet, som vekkjer Tølleiv, og no kan han fortelje om både det som hende før, og i, bryllaupet som enda så tragisk. Her har manusforfattaren brukt eit velkjent grep – retrospektiv forteljarteknikk.

Videoglimt frå framsyninga
Video: Arne G. Perlestenbakken

Dramaet som enda med dobbeltdrap

Skodespelar Cato Skimten Storengen tolkar Tølleiv – ein av dei to brørne som mista livet i bråket som oppstod i bryllaupet.

Bakgrunnen for konflikten var ein arvestrid – fleire vil kalle det arvesvik.

Erik Trondsen var 68 år då han skreiv over Kjørstad, garden sin i Vestringsbygda i Nord-Aurdal, til Ole Eriksen Dale.

Tølleiv var gift med stedottera til Trondsen. Både Tølleiv og dei to brørne hans, Haldor og Knut, på folkemunne kalla «Revlings-karane», meinte at det var Tølleiv som hadde arveretten til Kjørstad.

Tølleiv var harm over det som hadde hendt og møtte opp heime hos svigerfaren sin. Der laga han så mykje spetakkel at Erik tok ut forliksklage.

6. desember 1823 vart det feira bryllaup på Øvre Dale. Bror til Ole Eriksen Dale hadde gifta seg. Eriksen Dale og Erik Trondsen var til stades på bryllaupsfesten. Det same var ein av «Revling-karane» – Haldor.

Tølleiv og Knut, som ikkje var inviterte til festen, dukka likevel opp ut på kvelden. Valden starta med at Haldor mishandla Erik Trondsen. Erik vart redda unna. Verre vart det då dei tre «Revlings-karane» gjekk laus på Ole Eriksen Dale. Ole fann fram kniven sin, og Tølleiv og Haldor vart dødeleg såra.

Høgsterett frikjende i 1825 Ole Eriksen Dale for drapa. Dei meinte han hadde handla i sjølvforsvar.

Drapsvåpenet Kjørstaddreparen er ein av dei mest kjende knivane i norsk kriminalhistorie
Foto: Justismuseet

Kven var Tølleiv?

Det har heilt fram til vår eiga tid stått strid om kven som var snille og kven som var slemme i denne historia. Dramastykket utfordrar oss til å reflektere over det.

Slike tankar sette dei to slarvekjerringane (Cato Skimten Storengen og Henning Andersen) i gang med konnotasjonen rett og vrangt. I høgt tempo strikka dei rett og vrangt og fortalde kva dei tenkte. Denne delen av teaterstykket er eit vellykka regigrep som publikum tydelegvis sette pris på.

At Tølleiv hadde gode sider, kom mellom anna fram då han fortalde om dottera han fekk etter at han hadde mista livet. Ho fekk namnet Tolline og var altså oppattkalla etter Tølleiv.

Asgaardsreien

Diktaren Johan S. Welhaven skreiv i 1845 diktet Asgaardsreien. Det er inspirert at hendinga i 1823 i Vestringsbygda. Diktet, som har fått plass i «Eg er Tølleiv», er ei mektig skildring av kaoskreftene Welhaven meinte verka i bryllaupet.

Fela

Fela som vart brukt i bryllaupet, er no utstilt på Valdres folkemuseum. Henning Andersen fekk lov til å bruke henne ein liten halvtime slik at han kunne spele inn musikk som vert brukt i framsyningane teaterlaget no har i Valdres.

Imponerande

Det er eit imponerande arbeid teaterlaget har lagt ned i «Eg er Tølleiv». Laurdag kveld framførte dei dokumentarhistoria for eit varmt publikum som tydeleg verdsette det dei fekk vere med på. Vi legg til at samspelet mellom Henning og Cato var svært godt.

Fleire bildeglimt frå framsyninga

Domenik Schmidth-Philipp frå Hallingdal lyd. Foto: Arne Heimestøl
Dominik Schmidth-Philipp frå Hallingdal lyd. Han gjorde eit framifrå arbeid med lyd og lys.
Foto: Arne Heimestøl
Spelemann Henning Andersen, manusfortattar Alice Gudheim, Cato Skimten Storengen som Tølleiv og regissør Ragnhild Lund. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Spelemann Henning Andersen, manusfortattar Alice Gudheim, Cato Skimten Storengen som Tølleiv og regissør Ragnhild Lund.
Foto: Arne G. Perlestenbakken
Ei av sladrekjerringane framført av Henning Andersen Foto: Arne G. Perlestenbakken
Ei av sladrekjerringane framført av Henning Andersen
Foto: Arne G. Perlestenbakken
Ei av sladrekjerringane framført av Cato Skimten Storengen Foto: Arne G. Perlestenbakken
Den andre sladrekjerringa i framsyninga – framført av Cato Skimten Storengen
Foto: Arne G. Perlestenbakken
Ståande applaus etter framsyninga. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Ståande applaus etter framsyninga
Foto: Arne G. Perlestenbakken

Les også..

Hedalenen helselag sin logo

Syng med oss senior på KrokenBEKJENTGJØRELSE 

Vi har hatt ei lang pause fordi pianisten vår har ...
Elling Goplerud

Gamle bjørnehistorier fra Hedalen – del 5 av 6

En av sine verste opplevelser mens han var på bjørnejakt, ...
Begnadalen barnehage. Foto: Rune Stenslette

– Barnehagedrift først når det er takket ja til 15 plasser

Barnehagen i Begnadalen er ikke nedlagt. Foreldre til sju barn ...
Bedehuset

Møte i Hedalen misjonsforeningBEKJENTGJØRELSE 

Hedalen misjonsforening har møte på Bedehuset onsdag 1. mai kl. ...
SAUS. Foto: Arne Heimestøl

Foreslår at SAUS skal få brakkerigg i Bagn

Uværet "Hans" førte til store skader på Sør-Aurdal ungdomsskole. Undervisningen ...
Hedda hytter Foto: Arne G. Perlestenbakken

– Veldig godt å være i gang igjen!

Hyttemarkedet har de siste årene vært i sterk vekst og ...