
«Memento Mor di» med Åsgårdsreia teaterlag
KUNNGJERING: Det er no sett opp ei ekstra framsyning av stykket «Memento Mor di» med Åsgårdsreia Teaterlag under Hedalen kulturfestival laurdag 2. august.
Du kan no velje mellom framsyninga som startar kl. 16.00 og den som startar kl. 18.00.
Det er per no ledige billettar til begge framsyningane.

«Memento Mor di» er eit musikalsk teater om dei som reiste frå alt; somme med hjarta fylt av eventyrlyst, andre av sorg, somme med bitterheit. Alle med håp.
Marit og Andris kjem frå kvar sin utkant i Valdres og møtest på Bragernestorget våren 1851. Vi følgjer dei eit stykke på reisa over eit hav av draumar og kanalar av tvil, der døden rår seg sjølv og livet lever.
Teateret er ein del av utvandrarjubileet som markerer 200 år sidan utvandringa til Amerika starta.
Åsgårdsreia teaterlag har tidlegare sett opp framsyninga «Eg er Tølleiv», basert på Kjørstaddrapet, med premiere på Hilme i 2023. Teaterlaget vil, med utgangspunkt i lokale krefter, vekke til live dei gode historiene frå lokalhistoria vår i Valdres.
I hovudrollene: Cato Skimten Storengen og Anne Heidi Kvam Hillestad
Musikar: Kasper Dyve
Regi: Ragnhild Lund
Manus: Alice Gudheim