Nils T. Bjerke. Foto: Senterpartiet

Høgre og Frp svekkjer grunneigarane sine rettar

Publisert av Nils T. Bjerke, stortingsrepresentant (Sp) 12.07.2025. Sist oppdatert 07.07.2025.

YTRING: Det var med stor overrasking vi opplevde at Høgre og Framstegspartiet fann saman med Arbeidarpartiet i å svekkje grunneigarane sine rettar i behandlinga av minerallova.

Grunneigarorganisasjonane kalla det for eit svik. Det er i seg sjølv oppsiktsvekkande at Høgre og FrP ønskjer å svekkje grunneigarar og sjølveigarar. Tradisjonelt har dei stått saman med Senterpartiet i synet på at eigedomsretten er viktig og må vernast om.

No går dei altså inn for å svekkje eigedomsrettane ved mineralverksemd, stikk i strid med eige stortingsvalprogram som vart vedteke nokre veker før.

Eig du ei tomt eller anna eigedom, medfører lovendringa til dømes at store multinasjonale gruveselskap kan få godkjenning til å leite etter grunneigarens eigne mineral under hustomta eller eigedomen din utan avtale med deg, så lenge dei borer seg ned frå naboen sin eigedom.

Senterpartiet har gjennom heile prosessen stått fast på at grunneigarane skal ha ei reell medverknad og innverknad over eigen eigedom når ein undersøkjer etter det som er grunneigarens mineral. Vi meiner at grunneigarane sin rett til å seie ja eller nei til inngrep på eigen eigedom må liggje til grunn.

Vi meiner òg at dette hadde vore til det beste for å oppnå målet om ei effektiv og berekraftig mineralforvaltning. Historikken viser at grunneigarane ikkje er ei byrde, men ei styrke dersom deira interesser òg vert ivaretekne i slike prosessar.

Ein startar ikkje ein god prosess ved å gå utanom grunneigarar og lokalsamfunn der gruveaktiviteten skal etablerast.

Eigedomsretten er ein grunnleggjande rett i norsk lovgiving, som må vernast. Senterpartiet kjem òg til å stå opp for eigedomsretten i framtidige rundar. Men denne saka har vist at ein ikkje kan leggje til grunn at Høgre og FrP gjer det same.

Les også..

Salto logo

Avslutning

BEKJENTGJØRELSE: Søndag 26. april kl. 15:30–18:00 blir det Salto-avslutning på ...
Tomta for Nye SAUS

Klart for byggestart: SAB og Nye SAUS går videre innenfor budsjett

I kommunestyrets møte 16. april orienterte bygningsingeniør Oddleiv Juvkam om ...
Dugnad

Tid for ryddedugnader

Mandag kveld var det ryddedugnad ved Fjellsyn og Kroken. Grus, ...
Hedalen stavkirke. Foto: Helge Nordby

Gudstjeneste

BEKJENTGJØRELSE: Velkommen til gudstjeneste i Hedalen stavkirke søndag 26. april ...
Begna Bruk

Begna Bruk og RingAlm etablerer nytt salgsselskap

Begna Bruk og RingAlm etablerer det nye salgsselskapet, Lumbra AS, ...
Nm i jaktfelt

Lokale skyttere med sterke prestasjoner i NM i jaktfelt

Buttentjern skytesenter på Eggemoen var 16.–19. april vertskap for årets ...