
Meirforbruk og millioninvesteringar – eit farleg samspelLEIAREN
«Meirforbruk» i kommunale rekneskapar betyr at kommunen har brukt meir pengar enn det som var budsjettert for eit gitt år eller budsjettområde. Med andre ord: Utgiftene har vore høgare enn inntektene eller dei tildelte midlane.
Driftsoversikta som blei lagt fram i 2. tertialrapport for 2024, viste at Sør-Aurdal kommune låg an til eit meirforbruk på 6,9 millionar kroner. I budsjettmøtet i desember 2023 vedtok kommunestyret å bruke over 7 millionar kroner frå disposisjonsfondet for å få budsjettet til å gå i hop.
Årsrekneskapen for 2024 er enno ikkje publisert. Dersom resultatet blir om lag som tertialrapporten varsla, kan underskotet bli dobbelt så stort som det varsla meirforbruket.
Det har vore meirforbruk i tidlegare år òg. Fleire gonger har kommunen vorte redda av ekstra inntekter, men slike redningsplankar kan vi neppe rekne med framover.
Vi er glade for at konstituert kommunedirektør har lagt opp til strammare budsjettstyring og jamlege orienteringar til både formannskapet og kommunestyret. Ho har også teke til orde for å utsetje bygginga av beredskapssenteret i Bagn med eitt år.
Men kva hjelper stram styring dersom investeringsiveren samstundes aukar gjelda og presset på drifta?
Når det allereie er krevjande å halde seg innanfor driftsbudsjetta, kan vi ikkje forvente at det blir enklare når økonomiplanen legg opp til investeringar på nær 139 millionar kroner i perioden 2025–2028.
Renter og avdrag er allereie særs merkbare storleikar i resultatrekneskapen. Gjeldsauken som investeringsplanen fører med seg, kan med nedbetalingstid på 30 år og rente på 4 prosent, årleg koste rundt 10 millionar ekstra. Det er ikkje langt unna kostnadene til minst 10 stillingar. Det er òg usikkert korleis rentefoten blir i åra som kjem.
Ny ungdomsskule i Bagn må ha førsteprioritet. Målet bør vere å gjennomføre prosjektet innanfor ramma på 75 millionar kroner + mva. (som er forsikringssummen).
Sør-Aurdal kommune søkte Kommunal- og distriktsdepartementet om 3–5 millionar kroner for å heve tomta der Sør-Aurdal ungdomsskule står, over grensa for ein 200-årsflaum. Søknaden fekk avslag. Kommunen klaga på avgjerda, men no har Statsforvaltaren stadfesta avslaget. Ordførar Marit Hougsrud er open for å vurdere tomtevalet på nytt. Det meiner vi er klokt.
Sør-Aurdal beredskapssenter er ført opp med 47 millionar kroner i budsjett- og økonomiplanen.
Den siste orienteringa dei folkevalde fekk, viste at prosjektet kan kome til å koste så mykje som 92 millionar kroner. Det er svært mykje høgare enn det vi har funne eksempel på i andre like store kommunar som nyleg har gjennomført liknande investeringar.
Å presse slike tal inn i kommunebudsjettet er som å prøve å klemme ein altfor stor koffert inn i ein overfylt bil – det går kanskje, men noko anna må ut, og kva er det?
Vi meiner at alle investeringsprosjekt må ha nøkterne og realistiske budsjett, samt streng prosjektstyring. Det vil utan tvil vere klokt å utsetje nokre av prosjekta som no er inne i økonomiplanen.
Det er tre brannstasjonar i Sør-Aurdal i dag – og slik bør det vere framover òg. Vi meiner det held med éin fullverdig brannstasjon i Bagn. Her trengst ei grundig utgreiing av kva som faktisk er nødvendig. Vi må hugse at vi er del av Valdres brann- og redningsteneste, som omfattar fem, og vonleg snart seks, kommunar.
I Begnadalen og Hedalen bør det vere tilstrekkeleg med rimelegare garasjestasjonar. Desse stasjonane bør kunne nytte anlegget i Bagn når det trengst oppfølging etter ei utrykking.
Dersom Sjukehuset Innlandet ikkje vil betale det fasilitetane for eigne tenester i eit beredskapssenter i Bagn faktisk vil koste, meiner vi det vil vere feil at kommunen skal subsidiere dette.
Tida for store ambisjonar utan økonomisk dekning er forbi. No treng vi realisme, streng styring – og mot til å seie nei. I dagleg tale heiter det å setje tæring etter næring.
Lukkast vi ikkje med det, vil svekka tenester innan mellom anna skule, barnehage, helse og omsorg utan tvil bli konsekvensen.