Bagn. Foto: Åse Østgård Hagen

Vil busetje 10 flyktningar i 2026

Publisert av Arne Heimestøl 21.11.2025. Sist oppdatert 17.11.2025.

13. oktober 2025 vedtok kommunestyret samrøystes at Sør-Aurdal skal busetje 10 flyktningar i 2026.

IMDi ber kommunen bidra

Bakgrunnen for vedtaket er ein førespurnad frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), som har sett eit nasjonalt mål om å busetje 13 000 flyktningar i 2026.

Sør-Aurdal er bedne om å ta imot 10 av desse, og må òg vere førebudd på einslege mindreårige med følgjeperson.

Ros til kommunen

I brev til Sør-Aurdal kommune skriv Integrerings- og mangfaldsdirektoratet følgjande:

«IMDi vil takke Sør-Aurdal kommune for ein storarta innsats med å busetje flyktningar. Kommunane har vist ein særs positiv vilje til busetjing sidan krigen i Ukraina braut ut, og dette er viktig å vidareføre i 2026.

Kommunane spelar ei sentral rolle i Noreg si handtering av dei historisk høge flyktningstraumane dei siste åra.

Tilgjengelege busetjingsplassar som vert vedtekne lokalt, er avgjerande for landet si samla evne til å ta imot flyktningar. Vi oppmodar difor kommunane om å gjere vedtak i tråd med den nasjonale oppmodinga.»

Kommunen positiv – men peikar på kapasitetsbehov

I saksframstillinga les vi at kommunen kan busetje 10 personar, føreset at det er nok kapasitet innan barnehage, skule, helse og tilgang til eigna bustader i Bagn.

Nærleik til kollektivtransport og plass i introduksjonsprogrammet i Nord-Aurdal vert òg trekt fram som viktig.

Les også..

Hedalen stavkirke

Hvor kommer navnet Hedalen fra?

Når vi spør hvor navnet Hedalen kommer fra, handler det ...
Hedalen helselag ny logo

Gå med oss onsdag 22. juli

BEKJENTGJØRELSE: Denne gangen går turen i nabokommunen Ringerike med Bjarne ...
Else Marit Lybeck

Temadag på Bagn bygdesamling

Lørdag 18. juli holdt Else Marit Lybeck foredrag om gamle ...
Hedalen barne- og ungdomsskole. Foto: Helge Nordby

Fra august blir retten til gratis SFO lovfestet

Fra 1. august 2026 får elever på 1.–3. trinn en ...

Katastrofen på Lake Erie der minst 67 norske emigranter mistet livet

Én av de største skipsulykkene i den tidlige norske utvandringshistorien ...

Bildeglimt fra Bautahaugen

Sist lørdag var det folksomt på Bautahaugen. Ådalen historielag kom ...