Kommunestyret. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Valsak vart demokratidebatt

Publisert av Arne Heimestøl 02.03.2025. Sist oppdatert 01.03.2025.

Kommunestyret i Sør-Aurdal har vedteke at det skal gjennomførast stortings- og sametingsval både søndag 7. september og måndag 8. september 2025. Det vert framleis tre valkretsar.

Vallova § 9-1 slår fast at stortingsval skal haldast i alle kommunar på ein måndag i september i det siste året av kvar stortingsperiode. Samelova § 2-3 slår vidare fast at sametingsvalet skal finne stad same dag som stortingsvalet.

Regjeringa har fastsett valdagen for 2025 til måndag 8. september. Likevel har kommunestyra høve til å vedta at det òg skal gjennomførast val søndag 7. september.

Valdag(ar) og valkrets(ar)

I eit tidlegare møte 5. september 2024 vedtok kommunestyret i sak 050/24 at det skulle haldast val over to dagar. 12. desember 2024 vart sak 078/24 behandla, der det vart vurdert å redusere talet på valkretsar frå tre til éin for å spare ressursar.

Forslaget om reduksjon vart likevel avvist, og administrasjonen vart beden om å greie ut om éin valdag kunne vere eit alternativ til tidlegare ordning.

Frisk debatt og røysting over tre forslag

Under kommunestyremøtet 20. februar 2025 vart spørsmålet om valdagar på nytt sett på dagsordenen. Administrasjonen hadde tilrådd å berre halde val på måndag 8. september, mellom anna for å lette arbeidsbelastninga for valmedarbeidarar og for å sikre ei meir effektiv gjennomføring av valet.

Steinar Østgård Foto: Arne Heimestøl
Steinar Østgård (Ap)
Foto: Arne Heimestøl

Steinar Østgård (Ap) fremja på vegner av Ap og FrP eit nytt forslag om å oppretthalde søndagsval, medan Svein Erik Wold (Sp) føreslo å innføre éin valkrins samstundes som søndagsrøysting vart halden ved lag.

– Det er mange tenåringar som vil få redusert anledning til å stemme dersom det berre blir val på måndag 8. september, sa Østgård. – Høve til å stemme er noko av det viktigaste vi har i demokratiet vårt.

Bodil Øyhus Pihl (Sp) støtta kommunedirektøren sitt forslag om å ha éin valdag. Ho peika på moglegheita alle har til å førehandsstemme. Her fekk ho støtte frå Ståle Borgersen (H).

– Vi skal òg leggje til rette for at dei som ikkje har så lyst til å røyste, får gjort det, meinte Arnstein Li (Sp).

Per Tørris Holde (Sp)
Foto: Skjermbilde frå videosending

– Verda endrar seg vannvittig fort. Det har vi sett dei siste vekene. For meg har dette vorte ei symbolsak. Eg kjem til å stemme for Ap og Frp sitt forslag til vedtak. Vi skal verne om demokratiet vi har, ytra Per Tørris Holde (Sp).

– Det er éin gong kvart fjerde år. Eg støttar Ap og FrP, sa Lars Erik Thorsrud (Sp).

Forslaget om éin valkrets fekk berre tre stemmer og vart avvist. Deretter vart det stemt over administrasjonen sitt opphavlege forslag, som fekk seks stemmer.

Fleirtalet røysta til slutt for Ap og FrP sitt forslag om å oppretthalde søndagsval. Dette forslaget fekk 13 stemmer.

Det vert altså framleis to valdagar og tre stemmekretsar i Sør-Aurdal.

Les også..

Fra Hedalsfjella

Innkalling til årsmøte i foreningen HedalsfjellaBEKJENTGJØRELSE 

Det kalles med dette inn til ordinært årsmøte i foreningen ...
Fekjær psykiatriske senter

Stiftelsen Fekjær – Fekjær psykiatriske senter (FPS) Hedalen i Valdres – 12 mil fra OsloANNONSE 

søker sosionom – vernepleier – sykepleier. FPS er en stiftelse ...
Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter. 12 mil fra Oslo og Gardermoen. KLINIKKOVERLEGEANNONSE 

Fekjær psykiatriske senter (FPS) er en stiftelse innen spesialisthelsetjenesten. Vi ...
Begna Bruk. Foto: Halstein Heiene

Begna BioHub kan bli et løft for grønn industri i Valdres

Begna industriområde er det største industriområdet i Valdres. Snart kan ...
Hedalen stavkirke. Foto: Helge Nordby

Hedalen stavkirke søndag 30. marsBEKJENTGJØRELSE 

Årsmøte i «Preststuggu» kl. 16.00. Årsmøtesaker og kirkekaffe. Kveldsmesse kl. ...
Miniatyrskyting

Stor støtte sikrer rømningsveg

Hedalen Skytterlags Miniatyrgruppe har fått 101 700 kroner etter en ...