Ola Sukke

Om å spenne inn livreimaYTRING 

Publisert av Arne Heimestøl 24.04.2024. Sist oppdatert 23.04.2024.

Håkon Sukke har oppfordra oss til å publisere ein artikkel som onkelen hans, Ola H. Sukke skreiv i 1986. – Det er rett nok ein gamal artikkel, men tematikken er på mange måtar aktuell i dag og. Ola var lærar i Reinli frå 1927, skoleinspektør og seinare skolesjef i Sør-Aurdal. Dessutan var han organist i Reinli.

Her er artikkelen Ola H. Sukke skreiv:

Da astronautane var på veg heim etter den første måneferda, var det ein av dei som sa da han fekk auge på jorda langt ute: «No ser eg vår jord som ein lysande smaragd mot det mørkeblå himmelrommet.»

Da dei kom nærare, skilte landet og havet seg åt. Verdsdelane steig fram i grønt, brunt og kvitt – i sterk kontrast til dei blå verdshava. Det var uendeleg storslått og vakkert.

Ja, jorda er som ein glitrande juvel, ein lysande smaragd menneska har fått i gåve, ei utruleg samling av liv i alle variasjonar, ei mengd med undervakre detaljar – heilt frå tropelanda og like ut til dei snøkvite polområda.

Likevel – og dessverre – må vi vedgå at menneska har forvalta denne rike gåva på ein ussel måte.

Det er ikkje berre rovdrift på alle ressursar og all forureining, – bak det glitrande forhenget gøymer det seg eit hav av sorg og liding: grusomme krigar (Afghanistan og Libanon), mord, terror og undertrykking av alle slag og på alle plan.

Vi i Norden har levd i ein heller fredeleg utkant, men no rykkjer dei nådelause dødsskvadronane inn på våre breiddegrader.

Det er som alt svimlar av stad i rasande fart. Teknikken går føre, det er snart ikkje grenser for kva han kan makte.

Snart kjem vel menneska til å rokke ved sjølve livsopphavet og alle gåter som menneska har grubla på gjennom alle tider.

Det er som ein gammal husmann sa, han skulle dra eit vedlass ned frå åsen, og vegen var glatt. Han fekk ikkje stoppa lasset der han budde, men fôr framom. «Den gongen fôr eg forbi meg sjølv», sa han.

Det er det menneskeætta har gjort. Ho har køyrt forbi seg sjølv. Teknikken går fram på alle område, det er nesten ikkje grenser for kva den kan makte, men det indre mennesket, som har med menneskelege eigenskapar: kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godheit, spaklynde og fråhald, som skrive står, det står lågt i verda i dag.

Da er vi på veg mot stupet. Kvar skal dette ende? Med atomkrig på lur bak hjørna går millionar på vår vakre jord i konstant angst for kva som kan hende.

Ved sida av alt dette har vi enda eit verdsproblem å stri med: Den store ulikskapen i fordelinga av godene i verda. Vei veit dette og blir minna om det kvar dag.

Likevel held vi fram i luksus – og overforbruk. I 1985 var det private forbruket i landet vårt over det dobbelte av det statsmaktene hadde rekna med. Aldri har det vore kjøpt så mange kostbare bilar og dyre pelskåper som da.

Ein tvilsam rekord toppa statistikken. Materielt er vi mellom dei mest priviligerte i verdssamfunnet.

I desse dagane strøymer krava om lønsauke inn frå alle, frå generaldirektøren og like ned til minstepensjonisten.

At det er ein del grupper som har kome skeivt ut, det er så. Det bør rettast på.

Men elles burde vi bli samde om no er grensa nådd. Kravmentaliteten skadar oss alle, ikkje minst landet.

Vi tek nemleg skade av luksusforbruket vårt. Det er kome noko underleg rotlaust og jobbetidsprega over situasjonen i tida, alt flyt.

På børsen kan spekulantar bli millionærar på dagen, og bedrifter skifter eigarar frå dag til dag.

Den trygge freden i tilværet er borte, vi vil ha meir og meir – alle. No bør grensa vere nådd. Mange av oss et og drikk meir enn vi treng. Livvidda aukar, slankeproblem dukkar opp, hjartesjukdommar og anna følgjer etter.

Vi køyrer privatbil der vi burde gå, sykle eller ta buss. Og tapet av medmenneskeleg kontakt og naturopplevingar på jag etter ting, skadar oss alle.

Menneska lever ikkje berre av brød åleine, for å skrense inn på eit bibelord. Materielle ting åleine har aldri kunne gjera menneska tilfredse.

Dei skapar tvert imot et begjær etter å eige meir og meir.

Ho hadde rett kona som sa: «Eg forstår ikkje koss vi skal få levestandarden høgare no, når vi ikkje greier å eta meir.»

I dette jaget på stadig dyrare bilar og finare møblar tapar vi mykje av vårt åndelege liv, ansvar for andre, medmenneskeleg kontakt og evna til å bera det gode og verdfulle i kulturarven vidare.

Vi vil kunne oppdage at fjellturen blir ei like verdfull oppleving utan flott sportsutstyr. Eller vi røyner at ferien er ei betre oppleving om han blir brukt til å rusle rundt i skog, mark og fjell ennå fare av stad på støvute landevegar i flotte campingutstyr.

Ikkje minst bør vi få auga opp for det fantastiske landet vi har, og gjera oss kjent med det, før vi søkjer mot sør til overfylte sandstrender og brokut liv.

Alt i alt bør vi stoppa opp og tenke oss om. Historia viser oss at store rike med det materielle på topp, fort gjekk undergangen i møte.

Vi er komne til eit stadium der vi heller bør spenne inn livreima, krevja mindre og heller ofre meir tid på verdiar som både varer og skaper større lykke i menneskelivet.

Sjølvsagt kan ingen seta seg til dommar over måten andre disponerer midlane sine på. Det vil alltid vere ei prioriteringssak fok kvar og ein avgjer privat.

Men ein bør vere merksam på: Auka forbruk gjev ikkje større og meir verdfullt livsinnhald.

No skal vi ikkje berre måle alt svart. Bak den kalde og rastlause fasaden er det også uendeleg mykje av offervilje og varme.

Det syner seg så ofte ved, ved ulykker og katastrofer at da går medkjensle og hjartevarme som ein kjærleiksvind gjennom folkemassane og resulterer i store innsamlingar for å komme ulykkelege til hjelp.

Vi har ei mor Teresa og ei Annie Skau med føredøme som lysande stjerner, og rundt om i vår verd kjempar millionar kvinner og menn i det stille i same lei.

Så vil vi tru at det gode vil sigre til slutt, og at vår gode, vakre jord må få gå i si bane og få vera ein trygg og god heim for oss alle, i sør og nord, i aust og vest.

Det er ei fundamental sanning at alle er vi greiner, store og små, på livsens tre, alle med medansvar og menneskeverd.

Les også..

Flotte løyper i Hedalsfjella Foto: Heidi Sverdrup Augdal

Hedalen løypelagYTRING 

En lang og snørik vinter er over. Løypekjørerne startet allerede ...
Oddvar Gran. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Oddvars 12. dialektkviss

Oddvar hjelper oss med å lage dialektkvisser. Hvor mange kvissoppgaver ...
Bilvask

Ren bil til 17. mai?!ANNONSE 

9. trinn tar oppdraget! Inntektene går til 10. klassetur. Tidspunkt: ...
Begnadalen barnehage. Foto: Rune Stenslette

Det blir både barnehage og SFO i Begnadalen fra høsten

Torsdag 2. mai behandlet kommunestyret i Sør-Aurdal saken Endring av ...
Ved Småvatna. Foto: Olaf Søbekkseter

Ut på ski?

Det er fortsatt mye snø i fjellet, og det er ...
Taket på mellombygget begynner å ta form. Foto: Arne Heimestøl

Rehabiliteringsprosjektet fortsetter nær som planlagt

Til tross for kostnadssprekk på vel 25 % på rehabiliteringsprosjektet ...