SAUS. Foto: Arne Heimestøl

Ein skikkeleg flokeLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 20.03.2024. Sist oppdatert 20.03.2024.

Tysdag 12. mars klokka kl. 15.49 kunngjorde kommunedirektør Haakon Boie Ludvigsen i Sør-Aurdal kommune stenging av bygningsmassen ved gamle Begnadalen skole.

SAUS, som hadde brukt lokala etter at «Hans» skada ungdomsskolelokala i Bagn, fekk fri dagen etter, og lærarane skulle leggje planar for alternativt opplegg/heimeskole fram til påskeferien.

Elevar frå Bagn skule som har nytta SFO-tilbod ved Begnadalen skole, fekk tilbodet sitt flytta til Bagn.

I kunngjeringa viste kommunen til “Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven)”.

På dette tidspunktet hadde det ikkje kome opplysningar om kva som var gale med Begnadalen skole. Det skapte grunnlag for spekulasjonar. Det overraska oss ikkje.

Dagen etter opplyste kommunedirektøren at kommunen hadde motteke ein rapport frå SOS Brannconsult, og vi fekk vite at det var med omsyn til branntryggleik at bygningsmassen var stengd.

Rapporten som låg til grunn for vedtaket, var det media som omtalte og publiserte.

No viser det seg at det har vore branntilsyn frå Valdres brann- og redningsteneste i både 2011, 2013 og 2015 utan at rapportane frå desse tilsyna er følgde opp. Dette skreiv avisa «Valdres» sist fredag. Ser ein på innhaldet i den nye rapporten, kan vi spørje oss om tilhøve knytt til brannfare var annleis enn ved tidligare høve.

– Eg trur heller ikkje desse rapportane var kjende den dagen kommunen bestemte seg for å flytte elevane til Begnadalen skole, sa kommunedirektør Haakon Boie Ludvigsen då kommunestyret fekk ei orientering om status på SAUS sist torsdag.

To timar før kommunestyremøtet behandla formannskapet ei sak der Sweco på vegner av forsikringsselskapet Protector Forsikring ASA klaga på byggje- og deleforbodet kommunen hadde vedteke på tomta der flomskadde SAUS står. Forsikringsselskapet vil reparere skadane på SAUS.

Formannskapet vedtok samrøystes å avvise klaga, og saka går no Statsforvaltaren i Innlandet.

Det høyrer med til soga at Statsforvaltaren har tilrådd at Sør-Aurdal kommune skal få 60 millionar kroner til  heving og bygging av nye ungdomsskole i Bagn. Ettersom forsikringsselskapet og kommunen ikkje er samde, veit vi ikkje kor stor erstatning kommunen vil få frå Protector Forsikring ASA.

Og kommunal- og distriktsdepartementet har ikkje konkludert etter tilrådinga Statsforvaltaren kom med. Vi meiner det er grunn til å tru at dei ventar på kva for oppgjer forsikringsselskapet kjem med.

Slik vi har forstått det, reknar kommunen med at ei ny ungdomsskole på same og heva tomt vil koste minst 90 millionar kroner.

No er det åtte månader sidan «Hans» førte til at grunnvatnet fløymde inn i bygga til SAUS. Vi meiner det er på høg tid at formannskapet og kommunestyret får ei grundig utgreidd sak om alle sider ved status for ungdomsskolen i Bagn, og det vil vera interessant å få vite kvifor det denne gongen var naudsynt med akutte tiltak, i motsetnad til dei åra kor liknande rapportar låg føre.

Dei folkevalde burde ha vore på ballen langt tidlegare i saka som no har vorte ein skikkeleg floke for kommunen vår.

Les også..

Logo HIL

Torsdagstrim – nå i to grupperBEKJENTGJØRELSE 

Hedalen IL starter opp igjen med Torsdagstrim i gymsalen ved ...
Nordre Lokalet

Vi over 60BEKJENTGJØRELSE 

Velkommen til hyggestund på Nordre lokalen lørdag 26.10. kl. 16.Program:Servering ...
Ordfører Marit Hougsrud Foto: Arne Heimestøl

Hva betyr uttrykket «løpende orientering»?

I kommunens reglementshefte leser vi følgende: «§ F-02: Kommunedirektøren tilbakemelder ...
Logo Hedalen.no

Nettsider til lag og foreninger

Kan styrene i hvert lag/forening sjekke om sidene de har ...
HIL-logo

Dugnad stadion og lysløypeBEKJENTGJØRELSE 

Søndag 20. oktober fra kl. 11.00 trenger Hedalen idrettslag din ...
Rehabilitering av skoleplassen

Rehabilitering av skoleplassen

Firmaet VA anlegg har vunnet anbudskonkurransen om rehabilitering av uteområdet ...