Elg i Vassfaret. Foto: Bjarne Berg

Vassfaret med i KULA

Publisert av Arne Heimestøl 23.11.2023. Sist oppdatert 03.07.2026.

18 landskap i tidlegare Oppland fylke er valde ut av Riksantikvaren, og vil inngå i kunnskapsgrunnlaget for KULA (Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse) i Oppland. Eitt av desse områda er Vassfaret i Sør-Aurdal.

– Bidra til ei meir føreseieleg arealplanlegging

Frå rapporten: «For å bidra til å ta vare på, og opplyse om, nasjonalt viktige landskap utarbeider derfor Riksantikvaren ei landsomfattande oversikt: Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA).

Dette er eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet og blir gjennomført i nært samarbeid med regional kulturmiljøforvaltning og med involvering av kommunane. KULA er eit kunnskapsgrunnlag for planlegging , og betyr ikkje eit formelt vern eller freding.

Med oversikta over KULA-landskap signaliserer kulturmiljøforvaltninga tydeleg kva for landskap som har nasjonal interesse, og ønskjer med dette å bidra til ei meir føreseieleg arealplanlegging.

Viktige punkt for planlegging og forvaltning av dette landskapet:

  • Systematisk registrering av kulturmiljø bør gjennomførast, følgd av tilstands- og verdivurderingar, og dessutan aktuelle istandsetjings- og vedlikehaldstiltak.
  • Areala på plassane og setrane bør skjøttast slik at dei blir haldne opne.
  • Den tidlegaste historia til området bør kartleggjast betre for å utdjupe biletet av bruken av utmarksressursane.
  • Byggje- og vedlikehaldsplanar bør ta høgde for endra klima, slik at kulturminna blir sikra best mogleg.»

Les også..

HIL-logo

Mandag 17. august

BEKJENTGJØRELSE: G/J 8: Hedalen–Øystre Slidre Kampstart kl. 18.00 Kiosken er ...

Iren Reppen tilbake til Hedalen med «Sexy nok»

Lørdag 3. oktober kommer Iren Reppen tilbake til Lokalet i ...

Daniel og skriften på veggen

YTRING: Del 2: Vårherre var heller ikke nådig mot Moses, ...

Arti på Toten, amma!

Fylkesleir 4H Oppland. 6. til 9. august arrangerte 4H Oppland ...
Hedalen kunst- og husflidslag

Aktivitetsplan

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen kunst- og husflidslag har laget aktivitetsplan for høstsemesteret ...

Bærnytt 4

Moltesesongen er på hell, men fortvil ikke – nå er ...