Strømsparing

Erfaringar med straumstyring

Publisert av Arne Heimestøl 04.01.2023. Sist oppdatert 04.01.2023.

I november kom ny varmtvasstank og straumstyring på plass i huset vårt. På den mørkaste dagen i året vart installasjonen av solcelleanlegg på hus- og garasjetak fullført. Den siste investeringa er det for tidleg å skrive om. Denne artikkelen skal handle om straumstyring.

Bakgrunn

Straumprisane har vore skyhøge det siste året. Sjølv med straumstøtte til hushaldningane er det mange som merkar auken godt.

Nettleige

Nettleiga i Sør-Aurdal har også vorte dyrare. I juli i fjor vart det innført ein ny nettleigemodell.

Fastleddet

Fastleddet i SAE sin tariff var tidligere flat og på 8 400 kr per år, det vil seie i snitt 700 kr per månad.

På NVE si informasjonsside les vi at dei fleste nettselskapa har valt ein modell der fastleddet har ulike trappetrinn. Det gjorde SAE òg.

Nedenfor ser du kapasitetstrappa SAE har valt for husholdningar.

FastleddPris inkl. moms per månad
0–5 kWh562,50 kr
5–8 kWh650,00 kr
8–15 kWh775,00 kr
15–30 kWh900,00 kr
30–50 kWh1 012,50 kr
50–1 375,00 kr

Den timen du har det høgste gjennomsnittlege forbruket i ein månad, fortel kva for eit trappetrinn du hamnar på neste månad.

Energileddet

Energileddet i nettleiga er prisen du betalar per kWh. Frå 1.1.2023 er energileddet i alle tariffar i SAE auka med 10 øre/kWh (inkl. mva.).

Det grøne skiftet

Det grøne skiftet betyr mellom anna at vi bør sløse mindre med energien vi bruker, og vi må byggje ut meir fornybar energi.

Oppsummering

Det er viktig for oss å vere med på det grøne skiftet. Det er dessutan viktig å spare på straumen vi bruker både for å spare miljøet og å redusere utgifter.

Løysinga vår

Vi bestilte ny varmtvasstank frå Lie & Sønner AS, og montering av straumstyringsanlegg og solcellepanel har Vokks på Dokka stått for.

Enova gjev inntil 5 000 kr i støtte til når du skaffar deg ein smart varmtvasstank. Støtta gjeld både for heilårsbustadar og fritidsbusatadar. Tanken vi hadde frå før, var 34 år. No valde vi Høiax connected 200 smartbereder 2000w. Ferdig montert kom denne investeringa på knapt 16 000 kr, og støtta har vi alt fått; 5 000 kr.

Enova reknar med at rundt 15 % av straumforbruket i ein bustad går med til oppvarming av vatn. Ein smart varmtvasstank reduserer ikkje energibruken, men passar på at oppvarminga skjer i periodar på døgnet der det er lågast straumpris.

Straumstyring

Du kan få inntil 10 000 kr i støtte frå Enova om du skaffar deg ei smart straumstyring for heim eller fritidsbustad. Vi valde Strømkontroll frå Futurehome.

Vi har spotprisavtale på straum. Det betyr at straumprisen kan endre seg frå time til time i løpet av eit døgn.

Styringssystemet mottek no prisinformasjon og styrer straumbruken til elbillading, oppvarming av varmtvasstank og varmekablar i to golv. Elbilladaren monterte vi i mai 2021, og ettersom det er mindre enn 20 månader sidan han vart montert, kan han telje med i rekneskapen for støtte frå Enova.

No styrer vi straumbruken via ein app. Straumkontrollen skifter automatisk mellom natt- og dagmodus, og skal vi bort nokre dagar, vel vi feriemodus i appen.

På natta senkar vi innetemperaturen i fleire rom. Det skjer ved innstilling av termostatar på to nye panelovnar og to varmekablar. Det gjer at vi sparar straum – og sjølvsagt utgifter til både straum og nettleige.

Lading av elbilen skjer hovudsakeleg på natta. Då er straumen vanlegvis billegast. Vi har valt å lade med 4,8 kWh. Målet i vintermånadene er å halde oss i kapasatitstrappa på 5–8 kWh. Vi kan lade bilen med inntil 7,4 kWh, men som regel er dette ikkje nødvendig.

Straumkontrollen bruker dei 12 billegaste timane i døgnet for varmtvasstanken, varmekablane og elbil-ladaren.

Det er fleire apparat på utsida av straumkontrollen som bruker energi. Dette gjeld for eksempel komfyr, vaskemaskin, mikrobølgeovn, fryseboksar og varmepumpe.

I vinter varmar vi opp fleire rom til 16 grader ved hjelp av luft til luft varmepumpe. Når vi er heime, supplerer vi med vedfyring.

Det er det flyttbare forbruket (elbilladaren, golvvarme og varmtvasstanken) som gjer det mogleg å ikkje krysse maksimalforbruket. Det fungerer slik at at eininga som bruker mest straum, tek pause først. Deretter følgjer den som bruker nest mest.

Oppsummering

Systemet ser ut til å fungere godt. Vi har fått god hjelp av Vokks og Futurehome til å få straumstyringa til å fungere. Dette er arbeid for fagfolk som har relevant kompetanse.

Appen som høyrer med til straumstyringa, er grei å ta i bruk. Med litt opplæring og utforsking på eiga hand går det bra.

Med straumkontrollen kan vi spare pengar på tre måtar:
1. Gjennom å flytte straumbruken på større einingar (elbilladar, golvvarme og varmtvasstank) til tidspunkt der straumen er rimelegast
2. Ved å redusere storleiken på samtidig bruk og med det redusere nettleiga
3. Gjennom å redusere forbruket ved å senke romtemperaturen når vi ikkje har bruk for komforttemperatur.

Eit tips: Vi trudde at vi kunne halde oss i kapasitetstrappa 5–8 kwh i desember. Her bomma vi med ein time der gjennomsnittsbruken vart 8,1 kWh. No har vi justert ned maksbruken til 7 kWh, og då ser det ut til at systemet fungerer slik det skal.

Les også..

Renovering av skolen

Kostnadssprekk på rehabilitering av skolen

Omfattende rehabilitering av Hedalen barne- og ungdomsskole er satt i ...
Fra 17. mai 2016

Hilsen til bygdefolket fra årets 17. mai-komité.

Med bakgrunn i pågående renovering av Hedalen skole vil årets ...
Norske kroner Foto: Ben Andreas Harding

Kommunens gjeldsrenter vokser

Kommunens totale langsiktige gjeld var ved årsskiftet 240,6 millioner kr. ...
Illustrasjonsbilde av skogbrann. Foto: DSB

Generelt bålforbud

Mandag 15. april startet perioden med generelt bålforbud i Norge. ...
Hedalen stavkirke. Foto: Dagfinn Heimestøl

SamtalegudstjenesteBEKJENTGJØRELSE 

Velkommen til samtalegudstjeneste i Hedalen stavkirke 28. april kl. 18.00. ...
Strøm

Strømstøtteordning for frivillige organisasjoner

17. april ble det åpnet for søknader om strømstøtte for ...