Hedalen stavkirke ved juletider

Midlertidig straumstøtte til kyrkjene på 30 millionar kroner

Publisert av Arne Heimestøl 01.10.2022. Sist oppdatert 30.09.2022.

Kan straumkrisa føre til stengde kyrkjer i Sør-Aurdal? spurde vi torsdag denne veka. Fredag varsla Barne- og familiedepartementet at 1034 kyrkjer kan få ekstra straumstøtte. Fem av desse ligg i Sør-Aurdal

Midlertidig ordning

– Regjeringa foreslår ei midlertidig tilskottsordning på 30 millionar kroner i 2022 til kyrkjebygg i Den norske kyrkja. Målet er å bidra til at færre kyrkjer reduserer aktiviteten i advents- og julehøgtida, slik at publikum kan få ei fin høgtid. Dette les vi på Barne- og familiedepartementet si side.

Fleire kyrkjelege instansar har vore bekymra for at dei anten må stengje kyrkja, redusere aktiviteten eller halde kyrkjeromma kalde for å spare pengar fordi straumprisane er høge.

Dette gjeld dei fem sokna i Sør-Aurdal òg. I artikkelen vi publiserte torsdag, kom det fram at midlane som var sette av til straum i 2022, var brukte fire månader før budsjettåret er ute.

– Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for å halde kyrkjer og kyrkjerom opne og tilgjengelege, særleg i advents- og julehøgtida. Derfor foreslår vi no ei midlertidig straumstøtteordning, slik at kyrkjer kan halde ope som vanleg i ei høgtid som betyr mykje for mange menneske, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp). 

Ordninga kjem i tillegg til den lovfesta finansieringsplikta som kommunane har for dei lokale kyrkjene.

Til Vårt Land seier Toppe at straumstøtta no blir lagt fram for Stortinget i ein tilleggsproposisjon frå Finansdepartement.

Gjeld for områda med høgast straumpris

Ordninga gjeld for dei områdane som har hatt høgast straumprisar, det vil seie sør for Dovre og Sognefjorden. Totalt er det 1034 kyrkjer i desse prisområda, og det er fellesråda i dei aktuelle områda som må søkje Barne- og familiedepartementet om støtte. 

– Tilskotsmidla vil bli fordelt ut i frå talet på sokn i fellesrådet. Nivået for støtta per sokn vil vere lik for alle, og det er ei føresetnad at midlane vert utbetalte i løpet av 2022. Vi tek såleis ikkje omsyn til storleiken på kyrkjerommet eller nivå på straumutgiftene for det einskilde bygget, seier Toppe.

200 000 kr

Avisa Vårt Land har rekna ut at kvart sokn kan få om lag 40 000 kr. I Sør-Aurdal er det fem sokn. Kyrkjeleg fellesråd kan altså få ca. 200 000 kr av ekstraløyvinga.

– Alle fellesråd som søkjer og er i rett område, skal få desse pengane. Veldig lite av pengane skal gå til administrasjon. Dette skal vere ei enkel og ubyråkratisk ordning, seier statsråd Toppe til Vårt Land.

– Dette tek eg imot med opne armar, seier kykjeverje Liv Barbro Veimodet med eit stort smil rundt munnen. – Vert dette vedteke i Stortinget, vil det redde denne delen av budsjettet i ei svært utfordrande tid.

Les også..

Søksmål

Eidsiva Bredbånd AS varsler søksmål mot fem Valdres-kommuner

30. april 2021 ble det kunngjort en konkurranse om utbygging ...
Lysfest

Lysfest og julegrantenningBEKJENTGJØRELSE 

Joker Hedalen, Lions Club Vassfaret og Bautahaugens Venner inviterer til ...
Utsikt mot Hellsenningen og Hedalsfjella

Savner du hunden din?ANNONSE 

En svart og hvit huskey er observert i Hedalsfjella flere ...
Cathrine Hagen

Valglista til Sør-Aurdal Arbeiderparti er klar

Lista ble fastsatt på medlemsmøte torsdag 29.11. Catrine Hagen har ...
Idrettsprisen

Idrettsprisen for 2020ORDFØRERENS TALE  

Det er idrettsrådet som tildeler idrettsprisen. Dette ble derfor bestemt ...
Marit

Men varm mat fikk vi denne uka ogsåYTRING 

Jeg er en jente som gikk i sjette trinn da ...