2011-11-18-farevarsel

Forstår og tek vi konsekvensane av vêrvarsel?LEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 24.08.2022. Sist oppdatert 24.08.2022.

19. november råka ein vinterstorm med orkan i kasta delar av Sør-Aurdal svært hardt.

Yr.no sende dagen før ut oransje farevarsel. I Hedalsfjella var det meldt om vindkast heilt opp mot 35 m/s. Ved skulen i bygda var det varsla opp mot 32 m/s. Hedalen.no la kvelden før ut dette varselet. Vi oppdaterte det på morgonen 19. november.

Sist laurdag var det skogdag i Vestbygda i Hedalen. Der fekk vi høyre at det einskilde stader på Austlandet hadde vore vindkast på over 40 m/s 19. november. Ei uoffisiell måling frå Vestbygda i Hedalen var på heile 52 m/s.

Oransje farevarsel betyr mellom anna at vêret som er venta, kan føre til alvorlege skadar. Det er reell fare for at liv og verdiar kan gå tapt. Vegar kan bli stengde.

Orkankasta førte til svært omfattande skadar på mellom anna infrastruktur og skog. Skog som vart feia overende, skapte livsfarlege situasjonar for dei som ferdast ute denne dagen.

Vi har høyrt og sett tilbakemeldingar frå blålysetatar, kommunen, statsforvaltaren og andre der ein innrømmer at ein slik katastrofe ikkje var venta. Det vekkjer både undring og ettertanke. Meteorologisk institutt meiner at farevarselet som var sendt ut, var korrekt.

Vi legg til grunn at det å halde seg orientert om vêrsituasjonen er ein viktig del av beredskapen. Så er spørsmålet om ein forstår konsekvensane av det ein ser og les.

Vi kunne ikkje gjere noko for å berge skogane våre. Men kunne vi før, under og etter katastrofen ha gjort meir for å ta vare på alle som var innafor kommunegrensene då katastrofevêret råka oss i Sør-Aurdal?

Les også..

Jul med Valdresmål og Meining

Jul med Valdresmål og Meining holder 17 konserter før jul. ...
Øivind Næss

Øivind Næss tilsatt som kommunedirektør

Kommunestyret vedtok i dag, 11. desember 2025, å tilby Øivind ...

Lysmesse

Sist søndag var det lysmesse i Hedalen stavkirke ved Ellen ...
Hedalsheimen. Foto: Helge Nordby

Minnegave

Hedalsheimens venner takker for minnegave ved Inger Erika Holte Jensens (Minsten) ...
Hedalen Løypelag kjører opp 12 mil med høystandardløyper

Skisporet blir Sporet

Sporet er en ny, landsdekkende føremeldingstjeneste for skiløyper i Norge, ...

Koselig førjulskonsert

Torsdag 4. desember var det konsert i Den kulturelle spaserstokken ...