Begna Bruk. Foto: Halsstein Heiene

Kva kan og bør kommunen ta ansvar for?LEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 15.05.2022. Sist oppdatert 15.05.2022.

Sør-Aurdal kommune har lagt framlegg til strategisk næringsplan 2022–2026 ut på høyring. Høyringsfristen er 31. mai.

Hovudmålet i planforslaget finn vi på side 4. Her les vi at Sør-Aurdal kommune skal bidra til å styrke eksisterande næringsliv, utvikle arbeidsplassar og bidra til nyetableringar. Arbeidsplassar og busetjing i kommunen er grunnlaget for økonomisk aktivitet og utvikling.

Planen bør etter vårt syn innehalde ei meir fullstendig opplisting av næringslivsaktørar enn det som er teke med til no.

Så kan vi spørje oss kva kommunen kan og bør ta ansvar for når det gjeld vidare utvikling. Situasjonen i dag er at både privat næringsliv og offentleg teneste slit med å skaffe kvalifisert arbeidskraft. Det er dessutan svært låg arbeidsløyse i kommunen vår.

Tal frå Statistisk sentralbyrå for 2021 viser at 452 personar i kommunen pendla til jobb i annan kommune. Samstundes var det 368 personar som pendla frå andre kommunar til arbeid i Sør-Aurdal.

For kommunen sine eigne inntekter og musklar hadde det beste vore om flest mogleg både budde og arbeidde i kommunen vår.

Som kjent strir kommunen framleis med manglande berekraft i eigen økonomi. Det bør derfor vere realisme i det som skal stå i denne planen. Både mål og tiltak treng etter vårt syn ein kritisk gjennomgang.

Vi trur at eit samarbeid om utlysing av ledige stillingar kan vere eit godt tiltak. Det kan føre til at til dømes par ser at det er arbeid for begge.

Ikkje mindre viktig er det at kommunen tek sine lovpålagde oppgåver på stort alvor. Skal vi få nye arbeidstakarar til å flytte til kommunen, må vi ha gode tilbod innan barnehage, skulefritidsordning og skule. Vi stiller neppe fremst i konkurransen om arbeidskraft viss dei som vurderer å komme til Sør-Aurdal, må vente eit års tid på å få barnehageplass til barn som treng det.

Les også..

Bildeglimt 2 fra 17. mai-feiring i Hedalen 2022

Det var flott vær, godt frammøte og stor stemning da ...

Bildeglimt 1

Både undertegnede og Arne G. P. tok bilder på 17. ...
Ståle Borgersen

Tale for dagen i Hedalen 17. mai

Gratulerer med dagen! Endelig kan vi få feire dagen igjen, ...
komiteen

Hele folket i arbeid

17. mai-komiteen har en travel dag.
Flaggheising

Gratulerer med dagen!

Kl. 08.10: 17. mai-feiringa er i gang i Hedalen. I ...

Barnedåp

Loke Davidsen Antonsen ble døpt i Hedalen stavkirke søndag 15. ...