Penger

Berekraftig kommuneøkonomiLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 23.04.2022. Sist oppdatert 22.04.2022.

Denne veka behandla kontrollutvalet i Sør-Aurdal årsrekneskap og årsmelding for 2021. Bruker vi nasjonale kriterium for kva som er sunn kommuneøkonomi, kan vi slå fast at årsresultatet ikkje er slik det burde vere.

Utfordringa har vore kjent for kommunestyret i lengre tid. 10. mars vart det sett ned eit eige arbeidsutval av folkevalde. Utvalet skal leggje fram ei innstilling for kommunestyremøtet i juni 2022.

Netto driftsresultat

Vi må tilstå at vi først let oss lure av det vi les i årsmeldinga. Netto driftsresultat er på heile 10 143 000 kr. Då gjekk det mykje betre enn venta, tenkte vi. Men slik er det ikkje.

På side 10 i årsmeldinga les vi at netto driftsresultat viser forholdet mellom kommunen sine samla driftsinntekter og driftsutgifter inklusiv finanstansaksjonar. Nasjonale tilrådingar på dette kriteriet seier at netto driftsresultat over tid bør vere på minst 1,75 % av brutto driftsinntekter.

Den grafiske framstillinga viser at netto driftsresultat for 2021 var på 2,7 % – altså over måltalet.

Henta frå årsmeldinga for 2021

Forvirringa vår oppsto som følgje av at Sør-Aurdal kommune har teke rekneskapen for Breiband i Valdres inn i kommunerekneskapen. Problemet med det er at dette er pengar som kjem frå fleire kommunar og som skal brukast fleire stader i Valdres.

Revisjonen som har gått gjennom rekneskapen, seier at dette er heilt i orden. Men hadde ein ført ein eigen prosjektrekneskap for Breiband i Valdres, ville netto driftsresultat for Sør-Aurdal kommune for 2021 ha vore på – 0,8 %.

Vi lurer på kva for tal som vert rapportert inn til KS og SSB. Dersom vi skal samanlikne oss med andre kommunar, vil det vel vere ein fordel om vi snakkar det same språket?

Lånegjelda

Det andre kriteriet på sunn kommuneøkonomi er storleiken på lånegjelda. Kommunestyret har vedteke at netto lånegjeld ikkje bør overstige 75 % av driftsinntektene.

Denne gongen presenterer årsmeldinga og rekneskapen fire definisjonar, og tala sprikjer mellom 67 % og 84 %.

Henta frå årsmeldinga

Vi har spurt Statsforvaltaren i Innlandet kva for reknemåte dei bruker når dei vurderer kommunane si lånegjeld. Dette skriv seniorrådgjevar Christen Ness:

«Vi legger til grunn netto lånegjeld med konsern. Hele kommunens virksomhet inngår i tallene vi bruker, dvs. de er inklusive kommunale foretak, IKS og interkommunale samarbeider i tillegg til kommunens egne lån.»

Kommunen bør etter vårt syn bruke same definisjon som Statsforvaltaren i Innlandet.

Storleiken på lånegjelda er éi av fleire utfordringar. Når gjelda veks, rentene er venta å bli høgare – og inntektene ikkje veks nok, vert ikkje problemet mindre.

Pengar på bok

Disposisjonsfondet var i 2020 på 46 086 000 kr. 31.12.2021 var det på 42 689 000 kroner. Kommunen har altså brukt over 3 millionar kroner av sparepengane for å få rekneskapen til å gå i hop.

Disposisjonsfondet er likevel på 11,4 % av driftsinntektene. Kommunestyret sitt vedteke måltal er her 10 %.

Det er altså berre på eitt av tre parameter for sunn kommuneøkonomi at Sør-Aurdal kommune er på grønt nivå.

Økonomiplanen for 2022–2025

Vi kan ikkje sjå at vedteken økonomiplan for 2022–2025 løyser utfordringane kommunen står overfor.

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat vil i åra som kjem, liggje på minussida.

Henta frå økonomiplanen for 2022–2025

Disposisjonsfondet

Når kommunen må bruke av disposisjonsfondet for å få budsjettet i hop, vil fondet minke – og om ikkje lenge kan det vere under 10 % av driftsinntektene.

Henta frå økonomiplanen 2022–2025

Lånegjelda

Lånegjelda i prosent av driftsinntektene vil også auke dersom ikkje økonomiplanen vert justert. Nedanfor ser du lånegjeld med konsern.

Henta frå økonomiplanen 2022–2025

Kva bør måla då vere?

Vi trur kommunestyret gjer klokt i å følgje alle dei tre kriteria Sør-Aurdal har vedteke for sunn kommuneøkonomi.

Like viktig må det vere å satse på tilflytting og stabilisering av, eller auke i, folketalet i Sør-Aurdal. Det er mange ledige stillingar og plass for fleire i kommunen vår. Skal vi kunne konkurrere om arbeidskraft, er det viktig at kommunale tenestetilbod er å finne både i og utanfor kommunesenteret.

Les også..

Konstituert kommunedirektør Berit Dokkebakke Navrud. Foto: Arne Heimestøl

Mye å ta tak i

Torsdag 30. januar fikk kommunestyret i Sør-Aurdal en grundig orientering ...
Hedalsheimen 17. mai. Foto: Arne Heimestøl

17. mai-komité i Hedalen 2025

Til utvalgte komitémedlemmer Komiteen fra 2024 inviterer herved 17. mai-komiteen ...
Hedalen helselag ny logo

Gå med oss onsdag 5. februar.BEKJENTGJØRELSE 

Vi møtes ved N. Lokalet kl. 11.00.
Løype fra Jennlismyra

Nye spor

Mandag 3.2.: Rolf Gunnar melder at det er kjørt nye ...
Stille inn

Stille innBEKJENTGJØRELSE 

Teater Innlandet kommer til Lokalet fredag 7. februar klokken 19.00 ...
Bygdevegen ved Bautahaugen. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Gamle veger i Hedalen

"Forbindelsen mellom Hedalen og Nes i Ådal er sikkert av ...