Flagget til Ukraina

Kan Hedalen ta imot flyktningar?LEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 27.03.2022. Sist oppdatert 26.03.2022.

IMDI har oppmoda Sør-Aurdal kommune om i denne omgang å ta imot 15 flyktningar frå Ukraina. 15. mars publiserte kommunen ein artikkel der ein skreiv om frivillige bidrag av ressursar til flyktningar frå dette krigsråka landet. Kva som til no er resultatet av denne kartlegginga, veit vi ikkje.

Torsdag 31. mars kjem flyktningsaka opp i kommunestyret. Saksframlegget kjem først på måndag, så vi veit enno ikkje kva kommunedirektøren vil tilrå.

Ordførar Marit Hougsrud meiner at flyktningane som no kjem, bør bu i Bagn og grunngjev dette med at dei som kjem, ikkje har bil, og at det er ynskjeleg med nærleik til kommunale tenestetilbod.

Millionar av flyktningar frå Ukraina har kome ut av landet, og regjeringa har varsla at det i år truleg vil kome minst 35 000 frå dette landet til Noreg. Kanskje kan talet verte så høgt som 100 000.

Vi meiner det bør vere rom for å busetje flyktningar fleire stadar i kommunen. Dette vil vere i tråd med spørsmåla som er lagde ut i undersøkinga kommunen no gjennomfører.

Transportbehovet er neppe noko problem om flyktningar vert busette i Hedalen. Frå skulen går det buss tur/retur Bagn fire dagar kvar veke. Ein kan utrette mykje i kommunesenteret på tre timar.

Skule og barnehage har vi også i Hedalen. Hedalen helselag eig Kroken. Dette vil vi tru er lokale som både kan vere møteplass og rom for til dømes fjernundervisning.

Det er dessutan svært mange lag og foreiningar i bygda, og vi trur at det er mange som vil helse nye innbyggarar hjarteleg velkomne i både heimar, sosiale lag og aktivitetar.

Les også..

Fra Vassfaret. Foto: Bjarne Berg

Vassfaret

Denne artikkelen ser nærmere på hvordan navnet Vassfaret har utviklet ...
Salto logo

Velkommen!

BEKJENTGJØRELSE: SALTO på Hedalsheimen torsdag 13.11. kl. 17:30–19:00 for både ...
Arkivbilde av kommunestyret

Ordføreren foreslår nytt kutt

Ordfører Marit Hougsrud foreslår å redusere antallet kommunestyrerepresentanter i Sør-Aurdal ...

Nesbyen- Hedalen veglag informerer

REGN MED VENTETID: Det pågår vegarbeid på Vassfarvegen på strekningen ...
SAUS. Foto: Arne Heimestøl

Før toget går – romprogrammet og økonomien må på bordet

LEIAREN: Kommunestyret har bestemt kvar Nye Sør-Aurdal ungdomsskule skal byggjast ...
Gangfelt

Formannskapet sa nei

Statens vegvesen hadde foreslått å fjerne gangfeltet på E16 ved ...