Arbeidsutvalget

Desse sju blir med i arbeidsgruppa

Publisert av Arne Heimestøl 04.02.2022. Sist oppdatert 10.02.2022.

16. desember 2021 vedtok kommunestyret at kommunedirektør og ordførar skal initiere eit arbeid for å sikre berekraftig kommuneøkonomi ved at det vert sett ned ei arbeidsgruppe av folkevalde og administrasjon. Arbeidsgruppa skulle ha fire frå posisjonen og tre frå opposisjonen med éin vara frå kvar gruppe.

Vedtaket vart gjort i samband med behandling av budsjett- og økonomiplan for 2022–2025.

Tre kvinner og fire menn

I kommunestyremøtet torsdag 3. februar fortalde ordførar Marit Hougsrud at arbeidsgruppa skal ha desse faste medlemmane: Marit Hougsrud (Sp), Svein Erik Wold (Sp), Magnhild Huseby Bolstad (H), Olav Kristian Huseby (H), Inger Lise Damslora (Ap), Roger Kjensrud (Ap) og Gunnar Heiene (FrP).

Tysdag 8. februar møtest arbeidsgruppa for første gong. Møteinnkallinga vert kunngjort på heimesida til kommunen, og ordføraren har tidlegare opplyst at alle møte skal følgje reglane for møte i folkevalde organ i kommunelova.

Les også..

Hedalen stavkirke. Foto: Dagfinn Heimestøl

Gudstjeneste

BEKJENTGJØRELSE: Velkommen til gudstjeneste i Hedalen stavkirke søndag 23. august ...
Svømmehallen i Bagn

Seniorsvømming

BEKJENTGJØRELSE: Seniorsvømminga i svømmehallen på Bagn starter opp igjen fredag ...
Hedalen helselag ny logo

Gå med oss onsdag 19. august

BEKJENTGJØRELSE: Vi møtes midt oppe på Jennlismyra kl. 18.00 og ...
Bjørn Lien

366 personer i Sør-Aurdal står utenfor arbeid og utdanning

Ved utgangen av 2025 sto 366 personer mellom 20 og ...

Iren Reppen tilbake til Hedalen med «Sexy nok»

Lørdag 3. oktober kommer Iren Reppen tilbake til Lokalet i ...