Bjørgan

Har lagt ned gardsdrifta

Publisert av Arne Heimestøl 24.01.2022. Sist oppdatert 22.01.2022.

Gunn Helene Bjørgan (63) og Kjell Harald Bjørgan (68) har lagt ned drifta av garden Bjørgan i Øvrevegen i Hedalen. No vert dei pensjonistar.

Ekteparet overtok garden i 1978. Dei ni første åra dreiv dei med sau.

Både nybygg og nydyrking

I 1987 kunne dei ta nybygd låve og fjøs i bruk. I fjøsen var det plass til 12 kyr + ungdyr.

Garden har 88 mål med dyrka mark. 50 mål har Gunn Helene og Kjell Harald dyrka opp sjølv etter 1987. I tillegg har dei leigd jord av ein nabo.

Mjølkekvoten var først på 64 tonn, men vart seinare redusert til 60. Det er mellom 400 og 500 dekar produktiv skog knytt til garden.

To gonger har ekteparet fått ti-årsplakett frå Tine for levering av særs god mjølk og godt fjøsstell. I 1986 vart dei heidra for å ha den beste vêren i Oppland. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Ammekyr

I 2010 vart drifta av garden på nytt lagd om. No tok ammekyr over. Det var 16 slike dyr, i ulik alder, som vart sende til slakteriet då gardsdrifta vart lagt ned ved årsskiftet 2021–2022.

Jorda vert driven vidare

Kjell Harald fortel at grannen Tor Heine Åslibråten har leigd dei 88 måla med dyrka jord. Dermed held noko av gardsdrifta fram.

– Dottera vår, Hanne, er utdanna vernepleiar og har arbeid på Lillehammer. Vi forstår godt at ho ikkje ynskjer å overta gardsdrifta, seier Kjell Harald. – Garden er for liten, og skal den drivast vidare slik vi har gjort det, må det i tråd med krava frå styresmaktene investerast i ny lausdriftfjøs.

Tilleggsarbeid

Gunn Helene legg til at ho har hatt arbeid som reinhaldar på Hedalen barne- og ungdomsskole i 21 år. Kjell Harald har teke på seg skogsarbeid. Slikt ekstraarbeid har vore nødvendig fordi inntektene frå gardsdrifta har vore for snau, seier Gunn Helene.

No er fjøsdøra steng. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Les også..

Logo HUK

Velkommen!

BEKJENTGJØRELSE: Det blir HUK på fredag 20. februar kl. 19 ...
Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter søker sommervikarer/tilkallingsvikarer

ANNONSE: Fekjær psykiatriske senter (FPS) er en stiftelse innen spesialisthelsetjenesten. ...
Historielagets logo

Sør-Aurdal Historielag har årsmøte på Soltun i Garthus torsdag 19. februar kl. 18.00

KUNNGJERING: Vanlege årsmøtesaker. Etter årsmøtet vil Kristian Berglund fortelja om ...
Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter ønsker å styrke bemanningen med sykepleier, vernepleier og sosionom

ANNONSE: Fekjær psykiatriske senter (FPS) er en stiftelse innen spesialisthelsetjenesten. ...
Klikkbar logo til Hedda Hytter

Åpen dag hos Hedda Hytter

ANNONSE: Fredag 20. februar har vi åpen dag i Hedalen. ...
Nedunder Surtind

Skiltprosjektet til Hedalen løypelag

Hedalen løypelag kan med stolthet vise til at det nå, ...