Rasert skog på Storrustemoen

Må ha forsikring for å få erstatning

Publisert av Arne Heimestøl 30.11.2021. Sist oppdatert 30.11.2021.

Søndag var Inge Såvi Fjalestad innom Storrustemoen sør i Hedalen. Han er innleigd takstmann for forsikringsselskapet Skogbrand. Fjalestad var tidlegare direktør i selskapet, men er no pensjonist.

På denne garden slo stormen ned ca. 8000 kubikkmeter med tømmer.

– Skogbrand er det einaste forsikringsselskapet der skogbrukarar kan teikne forsikring for skogskadar i Noreg. Selskapet har berre ti tilsette. Til no har Skogbrand motteke om lag 500 skademeldingar på Austlandet etter stormen 19. november, fortel Fjalestad. – Eg meiner uvêret som råka deler av Austlandet denne gongen, er den verste stormen vi har hatt etter den andre verdskrigen.

Inge Såvi Fjalestad

Brann og storm

På nettsida til Skogbrand les vi at Skobrand er eigd av skogeigarane. I 2005 slutta Statens Naturskadefond å dekke stormskadar på skog. Utan forsikring ber skogeigaren altså heile risikoen sjølve.

Det er mogleg å teikne forsikring som dekker brann og storm. Full skogforsikring består altså av både branndekning og stormdeking. Ei slik forsikring kostar i snitt ei krone per dekar per år. Prisen avheng av kva type dekning skogeigaren vel, bonitet og kor i landet skogen ligg.

– I Noreg er det berre rundt 40 % av skogeigarane som har teikna stormforsikring. Prosenttalet er noko høgare på Austlandet, fortel Fjelstad. Kor mange skogeigarar det er som har teikna stormforsikring i Sør-Aurdal, hadde takstmannen ikkje oversikt då vi intervjua han.

Stormskadar

Skadar som kjem av storm i samanhengande skadefelt over to dekar, vert erstatta dersom stammebrrot og rotvelter utgjer minst 25 % av trea i skadefeltet, og at det før skaden stod minst 20 tre per dekar.

Brotskadar på øvre fjerdepart av tre vert ikkje rekna som stammebrot. Dersom meir en 50 % av trea framleis er utviklingsdyktige, vert det utbetalt delvis erstatning.

– Skadeomfanget i Hedalen er opp mot 100 % i områda som er råka, seier Fjalestad.

Erstatning

Fjalestad fortel at det i gjennomsnitt vert utbetalt 2 000 kr per dekar ved full skade. Alle skadar vert erstatta etter faste tabellsatsar per dekar, og då tek ein omsyn til bonitet i skadeområdet, areal, alder og heil eller delvis skade. Eigendelen ved stormskadar er 3000 kr per skade. Erstatning på skadar på ungskog er ikkje skattepliktig.

Taksering

Skogbrand er i gang med takseringsarbeidet, og ressursane vert retta inn mot område der det er tilgjengeleg driftskapasitet. På nettsida til selskapet les vi at skadar må takserast før avvirkning eller opprydding.

Fjalestad fortel at det no vert brukt både dronar og satellittbilete i takseringsarbeidet.

Les også..

Foto: Arne G. Perlestenbakken

Festsamvær på Nordre Lokalet

Lørdag kveld arrangerte Hedalen kulturfestival musikkbingo på Nordre Lokalet. Seinere ...
Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter – Hedalen i Valdres – 12 mil fra Oslo/GardermoenSTILLINGSANNONSE 

Fekjær psykiatriske senter Fekjær psykiatriske senter (FPS) er en stiftelse ...
Aurtjernåsen

Bli med på tur onsdag 10. august kl. 18.00. til AurtjernåsenBEKJENTGJØRELSE 

De som vil samkjøre, møtes på containerplassen kl. 18.00. Vi ...
Hedalenen helselag sin logo

Helselagstur torsdag 25. august.BEKJENTGJØRELSE 

Bli med, og få med deg noen! Vi kjører buss ...
Fra konserten ved Brakadokka

Kulturfestivalen: Glimt fra Bautahaugen og Bjørnstad sag

Omtrent 350 personer var innom Bautahaugen i tidsrommet 11.00–17.00 lørdag. ...
Knut Reiersrud og Iver Kleive

– Sterk og stemningsfull start på Hedalen kulturfestival

Samtlige 170 billetter var utsolgt da Hedalen kulturfestival 2022 fredag ...