Leiar

Éin eller to frivilligsentralar i Sør-Aurdal?LEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 04.10.2021. Sist oppdatert 04.10.2021.

Sist laurdag skreiv vi at Frivilligsentralen i Sør-Aurdal har to sentralar, ikkje éin som kommunen hadde meldt inn til Kulturdepartementet. Dette gjorde, ifølgje økonomirapporten formannskapet skal behandle tysdag, at frivilligsentralane i Sør-Aurdal skulle ha gått glipp av 440 000 kroner i tilskott for 2021.

Hedalen.no har sett meir på denne saka, og det vi har kome over, meiner vi bør gje kommunestyret grunn til å be om ei eiga sak om kva frivilligsentral(ar) i kommunen bør vere i åra som kjem.

Det første som fekk oss til å stusse, er det vi fann på nettsida til Frivilligsentralar.no. Her er Frivilligsentralen i Sør-Aurdal lista som det einaste alternativet. Ester Kulterud er dagleg leiar, og e-postadressa til denne frivilligsentralen er post@sor-aurdal.frivilligsentral.no. Rett nok står det at sentralane kan gå inn å korrigere eigne data, men det har ikkje den andre frivilligsentralen i Sør-Aurdal gjort.

Vi finn heller ikkje meir enn eitt organsisasjonsnummer knytt til frivilligsentral(ar) i Sør-Aurdal. Foreningen Frivilligsentralen i Sør-Aurdal har organisasjonsnummer 994888889.

Ny sentral i 2018

No viser det seg at Sør-Aurdal Frivilligsentral sende søknad til Sør-Aurdal kommune 19.4.2018 der ein tok til orde for å få oppretta ein ny frivilligsentral med tilbod retta både mot eldre og ungdom.

Sentralen skulle ha dagleg leiar i full stilling og namnet Foreningen Sør-Aurdal Frivilligsentral 2. Styret skulle vere det same som for den første sentralen.

Tidlegare styreleiar i Sør-Aurdal Frivilligsentral, Reidar Schlytter, opplyser at Sør-Aurdal kommune søkte om tilskott til ny sentral og fekk søknaden innvilga.

– Vi har to sentralar, men dei er organiserte som éin, fortel styreleiar Svein Bakke.
– Éin sentral er rekneskapspliktig og må vere registrert i Brønnøysund. Dette er heilt legalt.

Ny forskrift på høyring

12. august i år sende Kulturdepartementet ut eit høyringsnotat om ny forskrift til frivilligsentralar. Høyringsfristen er sett til 12. november 2021. Frå 2022 vert midlane til ordninga fordelt i tråd med den nye forskrifta.Ordninga vert finansiert gjennom rammetilskott på statsbudsjettet. Kulturdepartementet har utgreidd tilskottsordninga og trekkjer fram dei to mest aktuelle alternativa:

  1. Ein vil gje eit fast beløp per frivilligsentral.

    Dessutan vil departementet vurdere å setje eit tak på kor mange frivilligsentralar ein kommune kan få tilskott til. Her vil ein leggje innbyggjartalet i kvar kommune til grunn.

    I dag er det eit skeivt tilbod av frivilligsentralar i befolkninga, der kommunar med flest frivilligsentralar per innbyggar får eit tilskott som er 159 gongar høgare per innbyggjar som i kommunar med færrast frivilligsentralar per innbyggar.

  2. I dette alternativet vil ein gje ein minstesats til alle kommunar med minst éin frivilligsentral. Denne satsen skal dekke utgifter til éin sentral, saman med lokal finansiering, og vere på omtrent same nivå som tidlegare tilskott per frivilligsentral. Resten av rammetilskottet vert fordelt likt etter innbyggartal.

Tilskottet til frivilligsentralar har tidlegare vore knytta til stillingsprosent til dagleg leiar. Kulturdepartementet vil bidra til å auke handlingsrommet ved å late det vere opp til kvar frivilligsentral kva for stillingsprosent dagleg leiar og/eller andre tilsette ved frivilligsentralen skal ha.

Forslag til forskrift kan du lese frå side 11 i høyringsnotatet. Merk at berekning av tilskott er merkte med modell 1 og modell 4 i utkast til forskrift.

Konsekvensar for Sør-Aurdal

Den nye forskrifta for frivilligsentralar legg opp til rammetilskott i kvart statsbudsjett. Truleg vil Sør-Aurdal i framtida berre få tilskott for éin frivilligsentral. Dette er ein ny situasjon både kommunen og frivilligsentral(ane) må ta innover seg.

Les også..

Salto logo

for barn opp til 7. kl.BEKJENTGJØRELSE 

torsdag 17. oktober kl. 17.30– 19.00Sted: Kroken (opp til 4. ...
Foto: Arne G. Perlestenbakken

Besøk i Perlestenbakken

Mandag 30. september hadde Mari og Trym invitert førskolen og ...
Øyvind Jordet til høyre. Foto: Arne Heimestøl

Ønsker flere tilbakemeldinger

Oppdatert oppslag: Det har kommet inn en del svar på ...
TV-aksjonen

Sammen for små helterFORESPØRSEL 

Vi søker bøssebærere til å bidra i årets tv-aksjon søndag ...
Kino

Bygdekino 11. oktoberBEKJENTGJØRELSE 

HUL ønsker velkommen til bygdekino fredag 11.oktober. Kl. 18:00 "Den ...
Joker Hedalen

Joker Hedalen informerer

Det har den siste tiden vært lite å se til ...