Leiar

Utfører administrasjonen det kommunestyret har bestemt i skulesaka?LEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 19.08.2021. Sist oppdatert 19.08.2021.

Måndag var det skulestart i kommunen. Begnadalen skole startar skoleåret med 18 elevar.

17. november 2020 sende 10 kommunestyrerepresentantar brev til ordføraren der dei bad om å få skolestrukturen i kommunen opp som sak i kommunestyret. Dette grunnga dei mellom anna med at dei ikkje har funne forsking som tilseier at det noko å hente på kvalitet i skolen ved å flytte elevane til Bagn. Er det problem på skolen, er det andre verkemiddel kommunen må ty til.

Vi siterer frå brevet: «Vi registrerer at det heller ikke er gjort noen risikoanalyse i forbindelse med de tap dette kan påføre kommunen.

Når det nå blir vekst i industriområdet i Begnadalen, og vekst i industri på Nes, med satsing på ny skole der, er det ikke urimelig å tenke at å gjøre noe med skolestrukturen, kan føre til at det blir mye mer attraktivt å etablere seg på Nes enn i Sør-Aurdal, for de som får arbeid i de nye industribedriftene.

Med tanke på bosetting, må vi kanskje heller satse ekstra på den spredte skolestrukturen, og å utvikle attraktive boligtomter også sør i kommunen.»

17. desember 2020 vedtok kommunestyret at skolestrukturen i kommunen skal bestå i den valperioden vi no er inne i.

Trass dette har kommunen nyleg innvilga søknader om overføring av sju elevar til Bagn skule. I tillegg har kommunen laga reglar for slik overføring, og det har skjedd utan at kommunestyret har fått dette som sak.

I kommunestyremøtet 17. juni vart det gjeve ei orientering om skole i lukka møte. Det vart ikkje opplyst kva for skole orienteringa handla om. Møtet vart, ifølgje møteprotokollen, lukka etter offentleglova § 11-5a. Dette er ei lov som handlar om dokument.  Ordførar Marit Hougsrud opplyser at lovtilvisinga var feil. Lovheimelen for å lukke møtet skulle vere kommunelova § 11-5a – omsynet til personvern.

Vi kan ikkje sjå at det skal vere heimel for å halde hemmeleg kva for skole/skolar det var som var tema i orienteringa.

At temaet kom opp som orientering  – og ikkje sak, er eit anna poeng. Kommunestyret hadde ikkje høve til å førebu seg. Er dette god saksbehandling i ei så betent sak – og det attpåtil rett før sommarferien?

Sivilombodet seier følgjande: «Det er altså bare taushetsbelagte opplysninger de folkevalgte har taushetsplikt om. Øvrige opplysninger som fremkommer i et lukket møte, er ikke underlagt taushetsplikt.»

Vi trur Begnadalen skole var tema i orienteringa. Vi oppfordrar politikararen til fritt å tale om det dei ikkje må teie om.

Det er meir her vi stussar over. I vår vart det lyst ut ledig rektorstilling (60 %) ved Begnadalen skole. Søknadsfristen var 23. juni. To søkte stillinga. Éin av søkjarane var Gunnar Heiene. Han er kommunestyrerepresentant for FrP og var ein del av fleirtalet i skulevedtaket  17. desember 2020. To dagar etter at søknadsfristen gjekk ut, fekk Heiene følgjande melding:

«Vi vil med dette meddele at nytilsetting i stillingen likevel ikke vil bli foretatt, og at kommunen har valgt en annen organisatorisk løsning. Vi takker så mye for din interesse, og ønsker deg lykke til videre.»

Seinare vart det kjent at Astri Nybråten skal vere rektor både for Hedalen barne- og ungdomsskole og Begnadalen skole.

No er det lyst ut 100 % ledig undervisningsstilling på Begnadalen skole. Søknadsfristen er 24. august.

Situasjonen for Begnadalen skole er nok utfordrande, både med elevar, tilsette og mangel på personell ved skolestart.

Spørsmålet no er om administrasjonen utfører det kommunestyret har bestemt og argumentert for i skulesaka.

Les også..

Sør-Aurdal Energi

Endrer ikke nettleia nå

Daglig leder i Sør-Aurdal Energi, Nils Martin Sætrang, opplyser at ...
Formannskapet 2023–2027: Ordfører Marit Hougsrud (Sp), varaordfører Ståle Borgersen (H), Catrine Hagen (Ap), Svein Erik Wold (Sp) og Roger Kjensrud (Ap)

Jamlege orienteringarLEIAREN 

Sør-Aurdal kommune har gjennomført ei stor opprusting av Hedalen barne- ...

Vi trenger mer penger til busstransport i Innlandet!YTRING 

Bussrutene som Innlandet fylkeskommune har ansvar for, er for mange ...
Kino

Bygdekino torsdag 16. januarBEKJENTGJØRELSE 

Velkommen til bygdekino på Nordre Lokalet torsdag 16. januar. Vårhalvåret ...
Åsli skolehus Foto: Olav Kristian Huseby

Årsmøte Åsli Skolehus ALBEKJENTGJØRELSE 

Søndag 19. januar kl 15.00 på Sør-Hedalen Ungdomslokale (Hedalsvegen 1543) ...
Framtidas klasserom?

Hvorfor må skolene jobbe med kunstig intelligens (KI)?

Kunstig intelligens (KI) er i ferd med å endre samfunnet ...