Leiar

Ei særs krevjande tid for Hedalen barne- og ungdomsskoleLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 29.04.2021. Sist oppdatert 28.04.2021.

Tysdag denne veka behandla formannskapet årsmelding og årsrekneskap for Sør-Aurdal kommune for 2020. Same sak kjem opp i kommunestyret 20. mai.

I årsmeldinga les vi at langtidsfråvær har gjort at ressursen til leiing ved Hedalen barne- og ungdomsskole har vore redusert frå 1,4 årsverk til 0,55 årsverk frå september 2020. Dette har resultert i eit auka arbeidspress for skuleleiinga, og det har vore ei stor utfordring for drifta av skolen.

I det same dokumentet ser vi òg at Hedalen barne- og ungdomsskole har mange elevar med samansette behov for tilpasningar. I hausthalvåret 2020 har skolen dessutan mangla fagpersonar med kompetanse innan spesialpedagogikk.

«Til tross for dette har samtlige elever blitt ivaretatt på en omsorgsfull og god måte, samtidig som at læringstrykket er opprettholdt. Dette er takket være dedikerte og dyktige medarbeidere ved skolen», les vi i årsmeldinga.

Rekneskapen

Når vi ser utfordringane saman med rekneskapen for 2020, er vi forundra. Mindreforbruket i høve til budsjettet er på 1 365 000 kroner.

Slik kommenterer årsmeldinga nettoresultatet:

  • Høgare inntekter på grunn av gjesteelevar enn budsjettert
  • Høgare sjukelønnsrefusjon på grunn av høgt langtidsfråvær
  • Skuleleiinga har teke ekstra vikartimar i siste kvartal av 2020
  • Vernepleiarstilling er flytta frå 204 til 210 aug. 2020 ( beløp 225 000 kr )
  • Refusjon gjesteelevar er:
    a) Feilbudsjettert med 841 000
    b) Ny gjesteelev (refusjon generelle opplæringskostnader 150 000 kr )
  • Sjukelønnsrefusjon (skuleleiing, ikkje sett inn vikar, refusjon 439 000 kr)

Mindreforbruket er stort, sjølv om ein ser bort frå feilbudsjettering. Og kor var det av det skulen skulle ha av ekstramiddel som følgje av Covid 19?

29.10.2020 sa kunnskapsminister Guri Melby (V) følgjande: – Regjeringa foreslår å bevilge meir enn sju milliardar kroner ekstra til kommune-sektoren i neste års statsbudsjett. Det skal ikkje kuttast i vidareutdanning til lærarar, vikarbruk eller spesialundervisning for elevar for å spare pengar til koronatiltak.

Utfordringane

Ved starten av formannskapsmøtet brukte både kommunedirektøren og ordføraren tid på å gje tilsette i kommunen ros for arbeidet som har vore gjort i pandemitida. Dei tilsette ved Hedalen barne- og ungdomsskole meiner vi fortener ekstra ros, men det er ikkje nok.

Vi stiller spørsmål om elevane ved skolen har fått den undervisninga dei har krav på, og om avtalevilkår tilsette har for arbeidet sitt, er oppfylte.

Kommunalsjef Inger Randi Islandsmoen Kleven vart av varaordførar Olav Kristian Huseby utfordra til å kommentere rekneskapen for skolen, at skolen har mangla personell som har med drifta å gjere, om dette har gått ut over undervisninga, og om betring av situasjonen er undervegs.

Kommunalsjefen sa at utgiftene til lønn for skolen var lagt inn for 2020, men inntektene var ikkje auka tilsvarande. Utgiftssida var dekt i budsjettet, så kom inntekter i tillegg. Det var ein feil i budsjettet. Skolen har fått det ein hadde krav på.

Kommunalsjefen ville ikkje kommentere bruken av ressursar utover dette. – Det er ikkje berre å få inn vikar, sa ho. (Lytt gjerne til video frå saka)

Det siste året har skolar i Sør-Aurdal innført ny læreplan. Dei har òg måtte takle utfordringar pandemien har skapt. Frå før veit vi at ressurssituasjonen har bydd på utfordringar.

Hedalen barne- og ungdomsskole synest å ha hatt utfordringar utover dette. At skolen i ein slik situasjon skal levere eit så stort, positivt netto driftsresultat, sjølv med feil i budsjettet, er vanskeleg å forstå.

Vi meiner kommunestyret bør gå inn i denne saka. Kanskje tilseier personvernet at ein slik del av møtet 20. mai ikkje kan vere ope for ålmenta. Det viktige no er at utfordringane skolen har, og har hatt, vert løyste.

Les også..

Kommuneplanens samfunnsdel

Kommuneplanens samfunnsdel

Med hjemmel i plan- og bygningsloven § 11-14 er kommuneplanens ...

Hundreårsmarkering i Hallingvika

Lørdag 28. august kl. 12.00 blir det markering av at ...
Muggedalsvegen

Årsmøte vegen Nordby bru – Muggedalen bruBEKJENTGJØRELSE 

Årsmøtet avholdes på Nordre Hedalen forsamlingshus mandag 23. august kl. ...
Fotoutstyr

Fotoutstyr selges / gis bortANNONSE 

NIKON med mange forskjellige linser, CANON med mye utstyr. Det ...
Fra skinnfelldag på Bautahaugen

Glimt fra Bautahaugen 31. juli

Sist lørdag var det skinnfelldag på Bautahaugen. Kommende helg er ...
Klassebilder

Klassebilder fra 1982–1985

I forbindelse med skolejubileet ble det samlet inn bilder som ...