Nullutsleppskjøretøy

Bompengar for nullutsleppskøyretøy

Publisert av Arne Heimestøl 25.04.2021. Sist oppdatert 24.04.2021.

Skal nullutsleppskøyretøy betale bompengar på strekninga E16 Fønhus–Bagn–Bjørgo, og kva for takstar skal eventuelt gjelde? Dette er spørsmål formannskapet tysdag 27.4. skal uttale seg om i ei høyring. Her kan du sjå takstane som gjeld for E 16 – Bagnskleiva no.

I tidlegare takstretningslinjer for bompengeinnkreving på offentleg veg har nullutsleppskøyretøy vore fritekne for å betale bompengar. Formålet med ordninga har vore å redusere klimagassutslepp i transportsektoren.

Maksimalt halv takst

Stortingsproposisjon 87 S (2017–2018) opnar for å ta betalt for nullutsleppskøyretøy i eksisterande bompengeprosjekt – dersom det er lokalpolitisk tilslutning til dette.

Stortinget har bestemt at betaling for nullutsleppskøyretøy ikkje skal vere større enn maksimalt 50 % av ordinær takst, minus brikkerabatt.

Betaling av bompengar for nullutsleppskøyretøy krev elektronisk brikke.

– Urettferdig med fritak

Fylkesordførar Even Aleksander Hagen. Foto: Kirsti Hovde / Innlandet fylkeskommune
Fylkesordførar Even Aleksander Hagen. Foto: Kirsti Hovde / Innlandet fylkeskommune

Fylkestinget i Innlandet har vedteke at halv takst for nullutsleppskøyretøy bør innførast på alle offentlege bomvegar i fylket.

– Dette er viktig for å sikre at låna som fylkeskommunen garanterer for, vert nedbetalte i avdragstida, uttalar fylkesordfører Even Aleksander Hagen (Ap) på fylkeskommunen si heimeside.

– Nullutsleppskøyretøy utgjer ein stadig større del av biltrafikken. Desse bilane slit også på vegane, slik som det bensin- og diesel-bilar gjer. Derfor kan eigarar av fossilkøyretøy oppfatte det som urettferdig at nullutsleppskøyretøy passerer gratis på bomvegar, seier Hagen.

Forslag til vedtak

I framlegg til vedtak i nemnde formannskapssak les vi at Sør-Aurdal kommune støttar vedtaket som er gjort i fylkestingssak 27/2020, om innføring av betaling for nullutsleppskøyretøy på strekninga Fønhus–Bagn–Bjørgo på E 16, med maksimalt 50 % av vanleg takst.

No står det att å sjå kva formannskapet i Sør-Aurdal seier om saka.

Les også..

Seniortreff

Trivelig seniortreff

Mandag 3. november var det igjen klart for seniortreff, denne ...

Kulturkveld

BEKJENTGJØRELSE: Tid: Fredag 21. november 2025 kl. 19.00 Sted: Hedalen ...
Tingvoll. Foto: Arne Heimestøl

Offentlig ettersyn

Forslag til årsbudsjett 2026, økonomi- og handlingsplan for 2026–2029 samt ...
Slukking av 2G

2G-nettet slukkes i Innlandet 18. november – Telia ber folk sjekke utstyret sitt

Tidlig om morgenen 18. november slukker Telia 2G-nettet i hele ...
Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter søker til nyopprettede stillinger sykepleier, sosionom og helsefagarbeider

STILLINGSANNONSE – UTVIDET SØKNADSFRIST: Fekjær psykiatriske senter (FPS) er en ...
Hedalen helselag ny logo

Gå med oss onsdag 12. november

BEKJENTGJØRELSE: Vi møtes ved Kroken kl. 11.00. Turmål bestemmes der ...