Brakadokka og Kulterudstabburet. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Snart blir det nytt tak på Brakadokka!

Publisert av Odd Arne Rudi 06.02.2026. Sist oppdatert 05.02.2026.

Valdresmusea planlegg tekkekurs på Brakadokka fyrst i mai. Dette er etterlengta og har vore prat om i lengre tid.

Attende til opphaveleg tak

Det har ligge papp på taket på Brakadokka i mange år, men opphaveleg var det flis her. Dette skal me gjenskapa no til våren.

Behov for meir flis

For å kunne tekke heile taket går det mykje flis. Det er lagra ein del slike i låven på Brakadokka som me skal bruka, men me treng meir.

Er det nokon som har flis liggjande, og kan tenkja seg at me kan overta den og bruka henne her? Flisa er frå 58 til 60 cm lang.

Om kurset

Kurset skal gå over tre dagar, 7. til 9. mai.

Open dag med flishøvling

Laurdagen den 9. blir det open dag der det mellom anna skal høvlast flis på gamlemåten, med hest.

Kunnskap og deltaking

Om det er nokon som har vore med på slik høvling, eller har kunnskap om det, ta gjerne kontakt. Og sjølvsagt er de velkomne til Bautahaugen denne dagen – både de som kan noko om det, og andre.

Meir informasjon kjem

Når programmet er spikra, kjem det meir informasjon.

Beste helsing
Odd Arne Rudi
Bygningsvernrådgjevar
Telefon 97 68 90 65

Les også..

Marita Grøvslien, Begnadalen dagligvare. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Ny nærbutikk i Begnadalen etter stort bygdeengasjement

Da Joker Finnøen stengte dørene i mai 2025, mistet Begnadalen ...

Vi over 60 – en hyggelig kveld i regi av menighetsrådet

Menighetsrådet i Hedalen arrangerte sist lørdag samlingen Vi over 60. ...
Hedalen kunst- og husflidslag

Kan du noe du har lyst til å lære bort?

BEKJENTGJØRELSE: Vi vet at det finnes mange dyktige og kreative ...

100-dagers fest på HEBU

Sist tirsdag markerte vi at det er 100 dager siden ...
Betjeningen

Joker Hedalen i god utvikling

Tirsdag 3. mars arrangerte Sør-Aurdal kommune næringslivskveld på Fekjær psykiatriske ...
Bautahaugen

Innkalling til årsmøte i Bautahaugen samlinger

BEKJENTGJØRELSE: Sted: Brakastuggua på Bautahaugen Torsdag 26.03.2026 kl. 19:00  Sakliste: ...