Hedalen sangkor 2016. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Kan du disse sangene?

Publisert av Arne Heimestøl 21.04.2021. Sist oppdatert 21.04.2021.

Hedalsvisa av Edvard Elsrud synges ofte på 17. mai. Det gjør også Valdressangen av Anders Underdal. Hedalssangen er forfattet av Mikjel Sørli. Olav Dokkehaug har skrevet en sang om Goplerud. Her gjengir vi tekstene, så håper vi det kan være et bidrag til mer sang i barnehage, skole og hjem.

Hedalsvisa

Tekst: Edvard Elsrud
Melodi: Eg heiter Håvard Hedde (folketone)

Der Ringerike slutter og Valdres nyst har bynt,
det ligg ei lita bygd med no’n kvite fjell til pynt
som ruver høgt mot vest.
Den bygda heiter Hedal’n, der trivs jeg aller best.

I sør der daler møtes, er Vassfar-elva stor,
ho kjem frå djupe skoger der bjønn og hulder bor.
Og nord frå fjellets port,
syng Fossbrøtt-elva godslig, slekk som ho støtt har gjort.

Den bygda ho er gammal, med sagn fra svunnen tid;
om bjønn som under alteret i kjørka hadde hi,
om svartedauens pest
da bamsen sjøl var menighet og organist og prest.

Og bonden braut opp jorda i Hedal’ns bratte hell,
men retta oppat ryggen i seine såmmårs-kveld:
Han såg det grodde godt
rundt værslitt tømmerstuggu – hans eige vesle slott.

Det rauta oppi fjella og bjøller let i li,
der seterjenten lokka mot kvel ve Olsok-tid.
Dom ysta ost og prim
til hausten farga Busufjell og vølla låg med rim.

I vinterkvite skoger, langs myr og dalen trång,
frå slea-mei det suste, frå øksehøgg det sång.
Om stokken han var tong,
så gav den og litt tyngde i halvtom peing-pong.

Nå nærmer vi oss slutten, men ennå var det meir,
om brøttningsliv i elvesus da fugger’n bygde reir.
Om dunkel Jonsok-natt,t
da Bogfjells breer skinte som bortgjømt Vidals-skatt.

Til fjerne land og byer drog mang ein Hedøl ut.
Men lengta dit dom leikte som jente og som gut;
til Fledda og til snø’n,
til Bautahaug og setertrø og fiskevak i Strø’n.

Ja, det var Hedals-visa, nå er det slutt på ho,
men bygda lever videre, de unge setter bo.
Je si som folk gjør flest;
Det finn’s så mange steller, men Hedal’n er nå best.

På Goplerud med Vatneberget

Av Olav Dokkehaug
Melodi: At far min kunne gjera

Her står jeg på den gamle,
den sagnomsuste gar’
og mot de svundne tider
min tanke flukten tar.

Her svundne tiders tenkning
med tidens friske skudd,
er bundet kjærlig sammen
av Elling Goplerud.

Her gjeve fedreminner
har fast og hellig ly –
her vakne øyne sporer
det gode i det ny.

Her stemmer sjelens strenger
til høg og løftet sang –
her taler dulgde røster,
for her har ånden rang.

Her står jeg på den gamle,
den sagnomsuste gar’
og mot de svundne tider
min tanke flukten tar.

Her er et fredens paulun,
et sjelens hvilested.
Her ånder store tanker –
her hviler ro og fred

Hedalssang

Tekst: Mikjel Sørli
Melodi: Rett som ørnen stiger

Bygd bak blåe skogar – sølvglim i din famn.
Fjell i solbrann logar – vindsus ber ditt namn!
./. Bygd du bleike blå – fjell med gullglans på ./.

Moder sterke milde, det eg er, er du.
Alt eg tenkte, ville, all mi sorg, mi tru.
All mi frygd, min harm, alt av song i barm.

Lyser i min lengsel, vårglad på ditt fjell.
Stig lett over stengsel, draumar solraud kveld.
Siklar lint i lyng, mullar stilt og syng.

Sumarliv i lide, bjøllelåt og lokk,
Bøar grøne, blide, kyrkjefolk i flokk.
Fuglar kved i lag, dirrar solmett dag.

Bleiknar det og folnar, haustbragd over li.
Vemodsfulle tonar stig i symfoni.
Kjenner dine drag, høge, bleike dag.

Kvite, kalde klede, stjernestrøydd kvar fald.
Frisk og munter glede kling i hei og hall.
Vinters beiske driv merkte og vårt liv.

Bygd bak blåe skogar – sølvglim i din famn.
Fjell i solbrann logar – syng vi ut ditt namn!
Hedal moderbygd – gi oss trivd og trygd.

Valdressangen

Tekst: Anders Underdal

Valdres, Valdres! min eigen dal
Kor du ligg hjarta mitt nære,
Soll raud over Synfjell renn,
eignar di framtid, du kjære!
Skin, alle blomar! Me ventar på sumar
i Valdres.

Valdres vene, eg kjem til deg,
bøyer meg inn mot ditt hjarte
Kviskrar til deg på heimkjært mål;
Dans alle solstråler bjarte,
inn over skogen og viljen og hugen
i Valdres.

Grindafjellet og Bitihorn,
vaktar mot Jotunheims-vinden.
Stig mi sjel oppå Hugakoll,
ser ut frå sol-ljose tinden:
Åsane lange, dei tek mjukt i fanget
mitt Valdres.

Vang og Slidre, eig fjell og foss,
Aurdal har skogane vide,
Valdres-lynnet eig fjellfrisk brus
blanda med skogsusen stride.
Gøymer djupt inne det kjuve og linne
i Valdres.

Venast toner di sjel mot oss
i fela og langeleiks-læte.
I bånemælet som sullar sælt:
«I Valdres det gødt er å gjæte»
Tonen skal leva og solbån deg gjeva
du Valdres.

Begna strøymer frå Filefjell,
veks så i straumane stride,
Ber vår lengsel mot ukjend strand
langt uti verdi den vide.
Lengselsdraumen til utferd bar straumen
frå Valdres.

Heimat, heimat! Syng Valdres no.
«Lenge eg låg her å venta.
Myr og bakkar og urudd mark
vonar på guten og gjenta.
Heim skal de vinna og lukketråd tvinna
i Valdres.

Mitt bu, min heim

Tekst: Anders Underdal

Mitt bu, min heim, min keisardom, mitt rike her på jord,
det ligg så longt og trygt og godt i mellom fjell og fjord.
Den vesle slåtte teigen som der under lii låg
han lysar som ein herreheim, den venaste du såg.
Der gyller det og angar det av bær og blad og blom;
her inne mellom fjell og fjord eg har min keisardom.

Når bekken tek på tralla så at elvi går i dur
Og tala trosten fløyter så det syng i li og urd,
Og blom i bakken blikkar med sin liljeblom på voll
Og soli sender strålegull som gyller tun og koll,
Då kved eg kaut og kongeleg til all den låt og ljom;
Her inne mellom fjell og fjord eg har min keisardom.

Mi kone ho er dronning, ja ei keisarinne fin,
Ho bryggjar og ho bakar og ho spinn sitt eige lin,
Og ved sitt bord der benk jer ho so gild ein barne-flokk,
Og fjong og fri ho svingar segforutan, terne,kokk.
Ja, kona mi er dronning, for ho fylla kan sitt rom.
Her inne mellom fjell og fjord eg har min keisardom.

Ein keisar han kan ramla før-enn nokon det veit av
Når granne-kongen reiser seg og stiller sine krav.
Han Ola nordi skogen er min granne og min ven,
Han skilnad servmitt og ditt og fredar om si grend.
Om keisaren han ramlar, sjå eg finn mitt trygge rom.
Her inne mellom fjell og fjord eg har min keisardom.

Med Solveig satt og venta der i stova under li,
Per Gynt han for på vide-vank og vingla bort si tid.
Og verdi var så vakker der ute i det blå –
Men under fjell der Solveig sat var venare endå –
Der Solveig sit og ventar deg, du finn ditt rette rom.
Her inne mellom fjell og fjord eg har min keisardom

Les også..

Logo Hedalen idrettslag

Dommerkurs

Svenn Olav Fossholt holder dommerkurs i klubbhuset i Hedalen torsdag ...
Nordre Lokalet

Digital forestilling av «Ungen» 17. maiBEKJENTGJØRELSE 

Vi har tørket støv av en gammel forestilling som Hedalen ...
Rønnaug Øverby

Min 17. maiYTRING 

17. mai er for meg, som for mange, en veldig ...
Vaksinering mot korona

Vaksinestatus per 13. mai

I uke 19 er det, ifølge Folkehelseinstituttet, per 13. mai, ...
Bauta på Bautahaugen

Bautastenens afsløring

I avisa «Valdres» 23. mai 1905: Som før meddelt i ...
Det norske flagget

Velkommen til 17. mai!

Nasjonaldagen bør feires i år også – og som i ...