Geir og Guttorm på Øverby

Investerer 7,5 millionar kroner i ny driftsbygning

Publisert av Arne Heimestøl 19.04.2021. Sist oppdatert 19.04.2021.

Guttorm Øverby (23) skal om få år ta over garden som faren, Geir Øverby, no driv. Innovasjon Noreg har gjeve tilskot til eit utbyggingsprosjektet som er i gang. Tilskotsordninga er spesielt gunstig når ungdom under 35 år vel å satse slik Guttorm no gjer.

I desse dagar riv Guttorm og Geir den gamle låven som stod ferdig i 1901. – Det bygget var kledd med høvla panel frå sagbruk på hallingsida av Strøen i Vassfaret. Tenk for eit arbeid det var å køyre desse materialane med hest og slede til Hedalen! seier Martin G. Bakke, bestefar til Guttorm.

Bestefar Martin er begeistra for det nye gardsprosjektet og følgjer nøye med på det som skjer utanfor inngangsdøra til huset sitt. Foto: Arne Heimestøl
Bestefar Martin er begeistra for det nye gardsprosjektet og følgjer nøye med på det som skjer utanfor inngangsdøra til huset sitt. Foto: Arne Heimestøl

Moderne fjøs

Det er eit stort lausdriftfjøs på 870 kvadratmeter som no skal byggjast der den gamle låven må vike plass. Her vert det liggejebåsar og fôrbrett til både mjølkekyr og ammekyr – i tillegg til bingar for kalvar og ungdyr. Ein ny fôrsentral skal også på plass før bygget vert teke i bruk, og mjølkinga vil gå føre seg i ein mjølkestall i den delen av fjøsbygningen som vil stå att etter at låven er riven.

Fjøsen vert bygd i stål og slepplaft – som vert kopla saman med den gamle fjøsen. Mjølkerom og smittesluse skal tilfredsstille alle krav. Denne delen er alt på plass. Mjølkeutstyret som vert brukt på garden i dag, kan nyttast når den nye fjøsen er ferdig. – På sikt ynskjer eg å investere i mjølkerobot, fortel Guttorm.

Den gamle låven vert riven. Fjøsen til høgre i bildet skal framleis brukast. Foto: Arne Heimestøl
Den gamle låven vert riven. Fjøsen til høgre i bildet skal framleis brukast. Foto: Arne Heimestøl

Både mjølk og kjøt

Den nye fjøsbygningen vil ha plass til 57 kyr. I dag er det 20 mjølkekyr på garden, og Øverby har kvote på 140 tonn mjølk. Nye kvotar kan leigast og/eller kjøpast, og garden kan, viss han kun vert brukt til mjølkekyr, produsere inntil 450 tonn mjølk kvart år.

– Til å begynne med satsar vi altså på ein kombinasjon av mjølkekyr og ammekyr. Så fort som råd er, vil vi fylle opp fjøsen med dyr, seier Guttorm.

Nydyrking på «Hedalsprærien»

Øverby er ein gard i vekst. Han vil krevje større areal. Rundt 1980 vart det gjennomført eit stort kanaliseringsprosjekt på Hedalsengene. Eit område på 1500 dekar, som til dels bestod av sumpar, fekk eit meir ordna elveløp. Hedalselva går no i ein kanal på 4 030 meter gjennom det flate, prærieliknande området, der det ligg godt til rette for nydyrking. Det er lite stein i jorda, og også lite behov for grøfting.

I bakgrunnen ser vi Hedalsengene. Ungdyr til ammekyr kan gå ute heile året. Foto: Arne Heimestøl
I bakgrunnen ser vi Hedalsengene. Ungdyr til ammekyr kan gå ute heile året. Foto: Arne Heimestøl

– På eige område på Hedalsengene har garden 44 dekar dyrka jord. No har vi skrive leigekontrakt med fleire grunneigarar. Skogrydding er gjennomført, og når nydyrking av desse områda er fullført, vil vi ha 200 dekar på Hedalsengene, fortel Geir. – Totalt vil garden då ha 400 mål med dyrka mark.

Til venstre i bildet ser du området der det er rydda skog. Her er elles store område som er nydyrka. Foto: Arne Heimestøl
Til venstre i bildet ser du området der det er rydda skog. Her er elles store område som er nydyrka. Foto: Arne Heimestøl

Nok arbeid

Det er to årsverk knytt til Øverby. Garden har om lag 5 000 mål med skog, og den årlege tilveksten er på rundt 900 kubikkmeter. I tillegg driv garden med leigekøyring. – Eg vil ha nok å drive med i åra som kjem, seier Guttorm, som også håper på hjelp etter at faren har pensjonert seg.

No arbeider Guttorm i eit maskinfirma. Når han flytter heim, reknar han med å flytte inn huset der bestefar Martin no bur.

Rosar kommunen

– Sør-Aurdal kommune, ved jordbrukssjef Gunhild Bergene, fortener stor ros for støtta vi har fått i planarbeidet! seier Guttorm og Geir.

Les også..

Hedalen kunst- og husflidslag

StrikkekaféBEKJENTGJØRELSE 

Årets siste strikkekafé på Fjellsyn tirsdag 3. desember. Vi koser ...
Foto: Arne G. Perlestenbakken

Juleverksted

Tirsdag 26. november arrangerte Hedalen kunst- og husflidslag juleverksted. Mange ...
Kari-Anne Jønnes

Et bedre Norge for framtida – Høyre tar ansvarYTRING 

Den viktigste oppgaven vi har, er å overlate samfunnet i ...
fotball

Fotballdrakter Hedalen IL / Begnadalen ILETTERLYSNING 

Fotballgruppa i HIL har hatt opptelling og har prøvd å ...
Foto: Arne G. Perlestenbakken

LysfestBEKJENTGJØRELSE 

Joker Hedalen, Lions Club Vassfaret og Bautahaugens Venner inviterer til ...
Folketall i 3. kvartal

Folketallsutvikling i 3. kvartal

Det har blitt 16 færre innbyggere i Sør-Aurdal sammenlignet med ...