Leiar

Den digitale grunnmurenLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 14.04.2021. Sist oppdatert 14.04.2021.

Dette året vil Midtbygda i Hedalen få fiberoppkopling. Den er det Eidsiva bredbånd og Sør-Aurdal Energi AS som syter for. I Begnadalen byggjer Telenor ut i fleire område. Sist veke vart det klart at Goplerud, som har vore i rettstvist med Eidsiva, no skal få fiber. Her er arbeida alt i gang.

Fiberutbygginga i Sør-Aurdal har kome langt, men vi er ikkje i mål. Vi meiner at alle husstandar som ynskjer å kople seg til den digitale motorvegen, må få tilbod om det.

Det er òg tid for å tenkje på utbygging i hyttefelt. Det siste året har vi sett kva heimekontor kan bety. Har ein skikkeleg nett, er det fullt mogleg å arbeide frå heim eller hytte i store delar av arbeidsåret.

Fiber er etter vårt syn grunnmuren i all breibandsutbygging. Gjennom fiberkablar kan ein sende uhorveleg store datamengder i den høgste farten vi kjenner – lysfarten. Fiber er derfor ein føresetnad for alle noverande og komande mobilnett.

Det som forundrar oss, er at det vert bygd så mange parallelle fibernett. Dei som byggjer fiberbreiband, burde etter vårt syn ha samarbeidd meir. Det kunne ha skapt grunnlag for rimelegare utbyggingskostnader og sikrare løysingar.

Les også..

Salto

Høstprogram

BEKJENTGJØRELSE: Salto starter opp torsdag 15.10. kl. 17:30–19:00.     Barn opp ...

Bruktmarked på Lokalet

Bruktmarkedet samlet både selgere, kjøpere og middagssultne på Lokalet søndag ...
Historielagets logo

Sagn og Soge i Søndre Ourdahl

BEKJENTGJØRELSE: Sør-Aurdal historielag inviterer til møte på Fossvang på Bagn ...

Gudstjeneste

BEKJENTGJØRELSE: Velkommen til gudstjeneste med dåp i Hedalen stavkirke søndag ...
Tingvoll. Foto: Arne Heimestøl

11 søkere til kommunedirektørstillinga i Sør-Aurdal

Tre kvinner og åtte menn har søkt på kommunedirektørstillinga i ...

Grått ute, varmt og trivelig inne

Mens høstværet viste seg fra sin mest hustrige side, var ...