Ambulanse

Litt om helsetilbod og det å bu i Sør-Aurdal kommuneYTRING 

Publisert av Eldor Bråthen 02.04.2021. Sist oppdatert 02.04.2021.

– Hva tenker du på, Eldor, spør dei på Facebook. Ei stund tenkte eg å skrive eit facebookinnlegg, men no spør eg redaktøren om han vil offentleggjera dette på nettstaden hedalen.no. Vil nokon dele, må dei gjerne det, om redaktøren tillet.

Dette handlar om helsetilbod og korleis det er å bu i Sør-Aurdal kommune. Det er svaret på kva eg tenkjer på. Svaret på kven eg tenkjer på, er kona mi, Maria. Vi møttest sommaren 1970, og no i juli har vi vore gift i 50 år.

Maria blei brått sjuk da vi sat og drakk kaffi sundagskvelden for knapt tre veker sidan. At noko alvorleg var fatt, var ikkje vanskeleg å forstå, og eg ringde 113 for å tilkalle hjelp.

Ambulansen var nett da langt unna, men heldigvis finst brannkorpset i bygda vår. Dei kom med «pustemaskin» og det som elles skulle til innan det var gått ein halv time, og er vel dei første som er å takke for at vi kan få fleire dagar i lag, og at Maria no er i rimeleg bra form.

Vi bur i Innlandet fylkeskommune, tett ved grensa mellom Sør-Aurdal og Ringerike. Forhandlingane som ambulansefolka førte, veit eg lite om, men Maria vart heldigvis teken med til intensivavdelinga på Ringerike sjukehus i Hønefoss, sju mil herifrå, i staden for å bli frakta nordover Valdres til kontroll, og så vidare til sjukehus på Gjøvik eller Lillehammer.

Om dei kunne ha hjelpt på Gjøvik eller Lillehammer, begge sjukehusa fleire mil lenger unna enn Ringerike er, veit eg ikkje. Hjelpa ville i alle tilfelle ha blitt utsett, og hjerneslagpasientar har ikkje god tid. Det som tel for oss, er at Maria fekk snøgg og naudsynt behandling som intensivpasient i feil fylke, og at ho så fort det var mogleg, fekk hjelp av fysioterapeut.

Vi bur som sagt i Sør-Aurdal i Innlandet fylkeskommune. Naturleg nok tok RS kontakt med Sør-Aurdal for å spørja om dei kunne «overta» Maria. Sør-Aurdal svara at ho kunne få plass og hjelp ved Sør-Aurdal sjukeheim på Bagn. Det var og tilrådinga frå RS, men dei fleste ønskjer vel å vera heime eller nær heimen så lenge det er mogleg.

Yngste sonen vår bur og arbeider i Bergen. Han hadde tatt turen over Fillefjell for å sjå korleis det sto til med meg. Maria ville gjerne heim, og vi bestemte oss for å gå utanom tilrådinga. Det var i første omgang ikkje lurt. Etter alle forandringar og påkjenningar sleit Maria litt med å orientere seg, sjølv om ho var heime, og ho trong hjelp reint fysisk. Denne fysiske hjelpa klarte sonen vår å gi, men eg makta det ikkje, og vi forsto alle at Maria og eg ikkje kunne klare oss åleine når han måtte fara vestover att.

Maria fekk plass på rehabiliteringsavdelinga på Sør-Aurdal sjukeheim, slik vi var lova, og dei som arbeider der, er det knapt mogleg å få fullrost. Maria har friskna utruleg, og i samråd med tildelingsavdelinga i Sør-Aurdal kommune er det no bestemt at ho kjem heim tysdag over påske i lag med ergoterapeut og handverkar som skal sjå på korleis huset vårt kan tilpassast.

Bergensarane våre, yngstesonen med kone og barneborn i ungdomsalderen, kom og var her første delen av påskeveka, slik som tradisjonen er her i huset, og drog tilbake onsdag. Å få helse på dei betydde svært mykje for velveret til Maria. Vi var innom sjukeheimen to gonger, og eg kan trygt seie at vi og dei ansvarlege på sjukeheimen følgde alle påbodne koronareglar, i tillegg til sunn fornuft. Vi fekk eit ganske stort rom for oss sjølve og sat med munnbind og god avstand.

Dei einaste som slapp munnbind, var Maria og eg. Vi er vaksinerte to gonger begge to, og eg lyt fortelja at Sør-Aurdal kommune administrerte vaksineringa på ein måte som knapt kan gjerast betre. Skulle ein ha følgd boka slavisk, er eg ikkje fullt ut vaksen nok til å bli vaksinert i første pulje, dvs. saman med folk født i 1936 og tidlegare, men ein fornuftig person i Sør-Aurdal kommune bestemte at Maria og eg kunne bli vaksinerte samtidig.

No kjem Maria heim på tysdag. Denne gongen skjer det i samråd med dei som har tilsyn med helsa hennar. Vi vil trenge mykje hjelp, men med all den forståing og velvilje vi har møtt til no, trur eg vi får det.

Eg trur ikkje eg er for optimistisk. Mange brikker skal leggjast på plass av folk som er valde til slike oppdrag, men eg trur dette skal fungere i ein kommune som veit å ivareta innbyggjarane sine og eit bygdesamfunn der folk frå gammalt av kan nett dette å ta vare på kvarandre.

Les også..

Hedda hytter Foto: Arne G. Perlestenbakken

– Veldig godt å være i gang igjen!

Hyttemarkedet har de siste årene vært i sterk vekst og ...
Renovering av skolen

Kostnadssprekk på rehabilitering av skolen

Omfattende rehabilitering av Hedalen barne- og ungdomsskole er satt i ...
Fra 17. mai 2016

Hilsen til bygdefolket fra årets 17. mai-komité.

Med bakgrunn i pågående renovering av Hedalen skole vil årets ...
Norske kroner Foto: Ben Andreas Harding

Kommunens gjeldsrenter vokser

Kommunens totale langsiktige gjeld var ved årsskiftet 240,6 millioner kr. ...
Illustrasjonsbilde av skogbrann. Foto: DSB

Generelt bålforbud

Mandag 15. april startet perioden med generelt bålforbud i Norge. ...
Hedalen stavkirke. Foto: Dagfinn Heimestøl

SamtalegudstjenesteBEKJENTGJØRELSE 

Velkommen til samtalegudstjeneste i Hedalen stavkirke 28. april kl. 18.00. ...