Leiar

Helsetenester i samarbeid med Ringerike er positivtLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 18.01.2021. Sist oppdatert 18.01.2021.

Frå og med 1. februar blir legekontoret på Nes ope på måndagar og torsdagar i tidsrommet 08.00–17.00. Dette er éin dag mindre enn no. Denne dagen vert flytta til legesenteret på Hallingby der lege Wafer Bang har legeteneste to dagar kvar veke. Dei som har Bang som fastlege, kan altså få time fire dagar kvar veke. Bang opplyser at pasientar som har behov for øyeblikkeleg hjelp, får det i kontortid – anten det er på Nes eller Hallingby.

I 2006 vart det etablert eit samarbeid mellom Ringerike kommune og Sør-Aurdal kommune om 100 % fastlegestilling på Nes i Ådal. Ein tok utgangspunkt i at Sør-Aurdal ville ha behov for om lag 500 pasientar og Ringerike 700. I tillegg skulle legen på Nes ha ansvar for sjukeheimen på Nes.

Kommunane skulle dekke kostnader til drift av legesenteret, inkludert husleige, forbruksmateriell og løn til hjelpepersonale. Driftstilskot skulle ikkje bli utbetalt til legen. 4/5 av driftskostnadene vart fordelte mellom Ringerike og Sør-Aurdal ut frå registrerte pasientar frå kvar kommune.

Legen på Nes skulle delta i Ringerike si legevaktsordning, og innbyggarane i Sør-Aurdal skulle bruke legevakta i Valdres som før.

Den eine av legane ved legesenteret i Bagn er over 60 år og kan ikkje ha pålegg om legevaktsteneste. Sør-Aurdal kommune prøvde, trass at Wafer Bang er tilsett i Ringerike, å få avtale med denne kommunen om at Bang skulle ha legevakter i Valdres. Dette vart det ingen avtale om.

I september 2018 sa tenesteleiar Anne Kirsti Sørumshaugen at ei oppseiing av samarbeid om legeteneste på Nes i Ådal ikkje ville få følgjer for dei som har valt Bang som fastlege. Alle kan, som kjent, velje fastlege to gonger i året.

Samarbeidet vart sagt opp, men det fekk konsekvensar. Den eine av dei to helsesektretærane ved legesenteret på Nes mista arbeidet sitt. No vert det i tillegg redusert opningstider ved legesenteret. Ringerike kommune plasserer delansvar for dette på Sør-Aurdal kommune.

Vi håper kommunestyret i Sør-Aurdal kan få denne saka opp til ny vurdering. Om lag 500 sør-aurdøler har valt Wafer Bang som fastlege. Kommunelegen i Ringerike slår fast at dette er ein dyktig lege, og nemner at han er spesialist i ortopedi.

Wafer Bang
Wafer Bang

Bang har på få år auka listetalet frå 700 til 1 000 pasientar. Ringerike slit, som andre kommunar, med å rekruttere kvalifiserte legar. Det er svært viktig å ta vare på dei ein har.

Striden om kor det nye sjukehuset i Innlandet skal plasserast, gjer denne saka høgaktuell. Sjukehuset kan verte bygd i nærleiken av Hamar. Det er ikkje gunstig for nokon i Sør-Aurdal. I det minste vil det vere ein stor fordel for dei som bur i Begnadalen og Hedalen å ha tilgang til både fastlege, legevakt og sjukehus i Ringerike.

Pasientar har rett til sjølv å velje behandlingsstad for alle planlagde undersøkingar og behandlingar. Dei har også rett til å velje fastlege sjølv.

Vi meiner det er rett og rimeleg Sør-Aurdal tek opp att samarbeidet med Ringerike. Det er ikkje urimeleg når vi ser at Bang har 500 listepasientar frå Sør-Aurdal, Halleby 858 (totalt) og Gintalas 873 (totalt). Kommunen vår har 2 910 innbyggarar.

Les også..

Sjekkpunkt

StengtANNONSE 

Hedalen Sveis og Rep holder stengt fra 08:00 til 12:00 ...
Løyper i Hedalsfjella

Gode skiforhold i løypenettet

Harald Kjensrud forteller at løypenettet ble kjørt opp onsdag. I ...
Folketall i Sør-Aurdal 4. kvartal

Folketallet fortsetter å synke i Sør-Aurdal

Statistisk sentralbyrå opplyser at folketallet i Sør-Aurdal i 4. kvartal ...
Nordre Lokalet

ÅrsmøteBEKJENTGJØRELSE 

Det blir årsmøte i Hedalen ungdomslag torsdag 25.03. klokken 19.00 ...
Sør-Aurdalshallen. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Sør-Aurdalshallen tema i spørretimen

I kommunestyrets spørretime sist torsdag stilte Olav Kristian Huseby (H) ...
Hedalen stavkirke

KveldsmesseBEKJENTGJØRELSE 

7. mars er det kveldsmesse i Hedalen stavkirke kl. 18.00  ...