Verneverdig bygning

Levelyst på bygdeneYTRING 

Publisert av Arne Heimestøl 17.12.2020. Sist oppdatert 17.12.2020.

Korleis skal vi halda på ungdomen, eller i mange tilfelle, korleis skal vi få dei til å koma tilbake hit etter endt utdanning?

Arbeidsplassar er sjølvsagt viktig, men også kva vi kan tilby utanom.

Dette viktige spørsmålet er det mange gode krefter som prøver å finna svar på, og som det vert jobba kontinuerleg med.

Nyleg vart det satt ned eit utval som vart leia av Victor Normann, etter oppdrag frå regjeringa, og dei har kome med ei rekke innspel til korleis ein kan fremje levelysta på bygdene. Det var mange gode tankar som det er lagt opp til at ein kan koma med innspel og kommentarar til. Desse ligg som forslag i NOU 2020:15.

Men det er særleg eit av dei har vi bite oss merke i, og som vi gjerne vil kommentera her.

Dette er eit forslag som vil fremja ei «tilskuddsordning som gir økonomisk bistand til sanering av skjemmende objekter». Vi meiner dette kapittelet er problematisk.

Her kan vi vidare lesa at: «I områder der folketallet har gått ned over tid, vil man også kunne se bygningsmessig forfall og fysisk forslumming. Det koster å vedlikeholde en bygnings-masse. Det koster også å rive, og eiernes motivasjon for å bruke tid og ressurser på en mer eller mindre verdiløs bygningsmasse er ofte lav.

Opphoping av bilvrak og annet skrot underbygger mange steder inntrykket av forlatthet, og det bidrar til å redusere stedets attraktivitet både for gjester og fastboende. Så vel natur- som kulturlandskap er å anse som fellesgoder. Derfor angår ikke fysisk forslumming bare lokal-samfunnet, det berører også nasjonale verdier. Danmark har siden 2010 hatt en ordning med statlig delfinansiering til renovering eller riving av falleferdige hus.

Evalueringer har vist at denne ordningen i stor grad blir vurdert å bidra til et mer attraktivt lokalmiljø. En tilskuddsordning som gir økonomisk bistand til sanering av skjemmende objekter, særlig en ordning som retter seg mot de mest eksponerte bygningene og arealene, ville kunne bidra positivt til stedsutvikling i områder der fysisk forslumming er påtakelig eller truer. En slik ordning ville også gjøre det lettere for en kommune å øve press mot eierne av bygningene og arealene.»

Det er inga tvil om at slike miljø finst, og at ei opprydding kan vera på sin plass. Men kven skal bestemma kva som fyller desse kriteria? I mange tilfelle er det opp til auge som ser. Det som ser ut som skrap for nokre, kan for andre vera moglegheiter – og uerstattelege kulturminneverdiar.

Vi veit i dag at ein av dei største miljøsyndarane i samfunnet er byggenæringa. Mykje av den eksisterande bygningsmassen blir rive – og nytt blir bygd – i eit forrykande tempo. Både rivinga og produksjonen av nye materialar er svært energikrevjande. I tillegg kjem ofte transport over store avstandar.

Det er heldigvis tunge aktørar, også utanom dei med sterke verneinteresser, som no ser at det i mange tilfelle er betre å setja i stand det vi har, enn å riva og bygga nytt. Det er betre for miljøet, og kan nettopp bidra til å gjera bygdene våre meir interessante, både å bo i og besøke. For, vi må bli flinkare til å tilpasse ny bruk til gamle hus. Og vi må bli flinkare til å sjå den eldre bygningsmassen som ein resurs. Og då ikkje berre som eit hus å bu i, men også som miljøskapande for dei mange turistkommunane i Noreg. Både dei tilreisande og vi som bur her vil ha noko godt å sjå på i kulturlandskapet. Skal det vera godt å sjå på må det haldast i hevd.

Om det no blir slik at ein kan få støtte til å riva det sume vil kalle skjemmande bygningsmasse, fryktar vi at dette kan få alvorlege konsekvensar for kulturminna. Kommunane, som er tiltenkt ei rolle i denne vurderinga, har ofte liten kompetanse på området og viljen til å søkje kontakt med dei kulturminnefaglege miljø er heller liten. Og sjølv om Riksantikvaren no vender seg til kommunane og ber dei samordne kulturminneinnsatsen sin betre med musea og fylkeskommunane, er det i praksis fåe av kommunane som vil gjere det. Viljen til vern er ofte svak, særleg i dei mindre kommunane. Riving av hus skjer i stor skala, gjennom kommunale vedtak etter plan- og bygningslova. Kommunane treng hjelp til å sjå alternativa til riving, ikkje insentiv til meir riving. Hovudmålet bør alltid vera å ta vare på, setja i stand og bruke bygningane vi har.

Historia viser at vilkåra for bevaring er svak. Historia fortel oss òg at vi ofte valde feil. I staden for å få støtte til å riva bør rammene for å setja i stand og ta vare på bli større. Moglegheitene som huseigarar har til tilskott frå Kulturminnefondet  SMIL-ordninga er viktige, men rammene her må ikkje blir mindre, slik regjeringa no nettopp vedtok. Dei må bli større.

I kjølevatnet av at det vert bevilga pengar til restaureringar kjem behovet for at fleire utdannar seg innan bygningsvernet. Antikvarisk handverk er ei vekstnæring. Eit ledd i å skapa bulyst og å ta vare på ungdomen på bygda er å visa at vi har bruk for dei, og at historiske bygningar kan vere ein ressurs, ein verdi, eit gode. Vi skal vera stolte av det som dei som var her før oss har skapt, og vise respekt for kvalitetar og godt handverk. Det vi riv vil vere borte for alltid, både dei aktuelle objekta og historia rundt og om dei.

Dei som vel å busetja seg på bygda i dag, tar eit aktivt val. Det er nettopp forankringa til natur, kultur og historie som for mange er avgjerande, og som veg opp for dei mange tilboda i byen. Gamle bygningar er ikkje det som stoppar unge menneske i å velja bygdelivet.

Skal me nå dei nasjonale kulturminnemåla, om at kulturminne blir sikra som eit gode og ein ressurs for ettertida, må ikkje staten skapa usikkerheit rundt kulturminnepolitikken. Det gjer denne NOU-en. I staden må ein følgje måla uttrykt gjennom stortingsmelding 16, nye mål for kulturmiljøpolitikken, som vart lagt fram i april i år. Med den seier regjeringa at «gjenbruk og istandsetting av kulturminne er samfunnsnyttig av omsyn til klima, ressursbruk og økonomi.» Statsråd Rotevatn, som har ansvaret for kulturminnepolitikken seier vidare at «kulturmiljø er eit felles gode som kan bidra til både miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Slik sett er kulturmiljø ein del av løysinga på samfunnsutfordringane i vår tid».

Helsing
Bygningsvernrådegjevaren for Valdres
Verne-Vøla, Valdres sin lokalavdeling for Fortidsminneforeningen
Valdresmusea

Les også..

Skolehagen og Brunbakklia. Foto: Helge Nordby

Snur flyttestraumen?

24. juli publiserte Nrk.no ein artikkel vi tilrår alle å ...
Korona

Delta-varianten av koronaviruset krever årvåkenhet

Covid-19-epidemien er liten, stabil og under kontroll i Norge akkurat ...
Hedalen kulturfestival 2021

Hedalen kulturfestival

6.–8. august blir det kulturfestival i Hedalen. Her kan du se ...
Klikkbar logo til Hedda Hytter

Byggeleder/prosjektlederANNONSE 

Hedda Hytter søker byggeleder/prosjektleder for oppfølging av byggeprosjekter overfor tiltakshaver, ...
Klikkbar logo til Hedda Hytter

ProduksjonsmedarbeiderANNONSE 

Hedda Hytter søker etter produksjonsmedarbeider med erfaringer fra bygging av ...
Galleriet i låven på Jordet

Galleriet i låvenBEKJENTGJØRELSE 

Galleriet i låven setter opp en ekstra og siste dag ...