Signe prest ledet gudstjenesten. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Preike i Hedalen stavkirke 2. søndag i advent

Publisert av Signe Elisabeth Kvåle 09.12.2020. Sist oppdatert 08.12.2020.

27 Da skal de se Menneskesønnen komme i skyen med stor makt og herlighet. 28 Men når dette begynner å skje, da rett dere opp og løft hodet! For da skal dere snart bli satt fri.» 29 Han fortalte dem en lignelse: «Se på fikentreet og alle andre trær! 30 Når dere ser at de springer ut, vet dere av dere selv at nå er sommeren nær. 31 Slik skal også dere vite, når dere ser dette skje, at Guds rike er nær. 32 Sannelig, jeg sier dere: Denne slekten skal ikke forgå før alt dette skjer. 33 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

Det lyser i adventslys og stjerner i nesten alle hus no. Lys i advent, lys i mørketida. Lysa er ein protest mot mørke og ei forventning om festen som skal koma. Lysa har håpet i seg. Vi tenner lys, held motet oppe og smakar litt på den gleda vi har i vente.

For det er nettopp fest og glede vi har i vente når Jesus seier at han skal koma tilbake. Då skal han la oss gå til bords til ein makelaus fest og sjølv varte oss opp, så sant vi har halde forventningslyset brennande. For lukkelege er dei tenarane som Herren finn vakne når han kjem!

Den som lever i glad forventning, vaknar lett enten ein søv eller ikkje. Akkurat slik som ei mor steller og trallar medan ho ventar på ein lenge etterlengta son som skal koma på besøk. Då er ho snar til å opneså snart det bankar på døra. Eller når ein spent ung mann har bede kjæresten sin heim på middag og tenner lys på bordet medan biffen kviler i panna. Då er det den gode draumen som blir oppfylt når det ringjer på døra.

Det er viktig at vi målar ut forventninga om Jesu gjenkomst med slike glade bilete bilete frå våre beste ventetider. For det er mange som er meir redde enn glade. Mange har festa seg einsidig ved at Herrens dag, Jesu gjenkomst, er ein fæl og skremmande dag.

Vi finn også slike bilete i Bibelen, men det er ikkje heile biletet. Jesus viser oss også eit bilete av alt det gode vi har i vente. Ikkje eingong når han samanliknar seg sjølv med ein innbrotstjuv er det for å skremme. For det er lett å bli skremd.

Når vi er redde er det lett å høyre noko anna enn det som blir sagt. Jesus seier nemleg ikkje at han er ein tjuv. Berre at han kjem like brått og uventa som ein tjuv. Tjuven kjem berre for å ta, men Jesus kjem for å gje. Og det kan vi sjå fram til med glede, om han aldri så mykje kjem overraskande når han kjem.

Korleis skal vi då leve medan vi ventar? I alle fall ikkje berre gå engstelege omkring og kjenne etter om vi er vakne nok eller gode nok. Vi skal halde fram med dagleglivet, arbeide og be.

Ventetida skal vere ein forsmak. Vi skal byrje å gjere det vi håpar på, og samstundes halde den indre samtalen med Jesus i gang- han vi håpar på skal komme. Alt no er han usynleg nær oss med nåde, kraft og tilgjeving.

Når han kjem tilbake, er det ikkje frå ein stad langt borte, men han kjem tilsynes frå det usynlege og nær. Det forholdet vi har til Jesus i dag er det som skal fortsette då.

I lys av det gode som kjem, skal vi gjere det gode her og no. Og ikkje minst gjev det god meining at 2. søndag i advent er blinka ut som ein dag for fred og menneskerettar.
God advent!

Les også..

Flotte forhold

Fredag 16.4. kl. 10.24: Harald Kjensrud kjører løyper og rapporterer ...
Lang flukt

Lang flukt – del 2

Boka «Lang flukt» Arnfinn Haga fra 2012 forteller historien om ...
Ola Rygg og Mari Goplerud Rygg

Vant rettssak etter bredbåndskonflikt – frykter for rettssikkerheten

NRK: Den pensjonerte juristen og kona tok saken i egne ...
Lang flukt

Lang flukt – del 1

Boka «Lang flukt» Arnfinn Haga fra 2012 forteller historien om ...
Storfamilien

Flytting til Sør Aurdal

I juni kommer det flyttende en storfamilie fra Tyskland på ...
Batteri

BatterijaktenET SPØRSMÅL 

3. og 4. trinn ved skolen er med i "batterijakten". ...