Kjøttfe på beite

Redusert kjøtforbruk og jordbruk i Valdres

Publisert av Leif Jarle Asheim og Sjur Spildo Prestegard, NIBO 03.11.2020. Sist oppdatert 03.11.2020.

Forskarar i NIBIO har på oppdrag av Animalia AS utarbeidd ein rapport (NIBIO rapport Vol 5, nr 170, 2019) om konsekvensar for jordbruket av redusert kjøtforbruk.

Produksjon og forbruk av kjøt i Noreg har auka dei siste 50 åra, men tendensen dei siste 2–3 åra er at samla kjøtforbruk, både per person og totalt, er i ferd med å flate ut eller gå svakt ned. Dette kan delvis skuldast at ein del forbrukarar har redusert sitt forbruk av kjøt fordi dei meiner det kan vere positivt for miljøet, eiga helse og for auka dyrevelferd.

Det er ein stor politisk debatt i Noreg om forbruket av raudt kjøtt, definert som kjøt frå storfe, sau og gris, bør gå ned for å redusere utsleppa av klimagassar, og for moglege gunstige helsegevinstar.

Korleis politikken eventuelt blir utforma, er for tida uavklart. Det kan kome krav om utrekning av klimaeffekt på bruksnivå, klimasertifisering av gardsbruk, klimaavgift på kjøt, reduserte tilskotssatsar eller andre tiltak som gjer at produksjon og forbruk over tid vil falle. Det er antatt at produksjon av kvitt kjøt på kylling og kalkun har mindre negative effektar på klima og helse og vil bli mindre ramma.

Rapporten er lite lysteleg lesing for bønder i Valdres. Det meste av jordbruksaktiviteten i Valdres handlar om mjølke- og kjøtproduksjon for den innanlandske marknaden, og om forbruket av kjøt går ned, så får det store konsekvensar.

I ein rapport frå Østlandsforskning (ØF-rapport 10/2016) er det anslått at heile 98 % av sysselsettinga i jordbruket i Valdres, ca. 682 årsverk av 696 årsverk i 2014, var knytt til produksjon av kjøtt og mjølk, i all hovudsak på drøvtyggarar.

Det var under eitt årsverk med svinehald og ingen produksjon av kylling og kalkun. Sysselsetting knytt til korndyrking, frukt og bær, grønsaker, potet, birøkt, veksthus og pelsdyr utgjorde under 14 årsverk (2 %) i Valdres i 2014, og halvparten av det var pelsdyr.

På landsbasis anslår NIBIO-rapporten at ca. 74 % av sysselsettinga i jordbruket (46 000 årsverk i 2017), var knytt til kjøtt og mjølkeproduksjon. Sysselsettinga i jordbruket er anslått å falle med ca. 11 % fram til 2027 (jamført med 2017), også med uendra kjøttforbruk. Det skuldast trendframskriving (referansebane) som er utrekna med utgangspunkt i endringar i arbeidsproduktivitet for åra 2000–2010.

Med 10 % reduksjon i forbruket per person for alle kjøtslag fell sysselsettinga med ytterlegare 8 % til 19 %. I det mest ekstreme scenarioet med 45 % reduksjon for svin og anna raudt kjøt, men uendra forbruk for fjørfe, fell sysselsettinga med 47 % fram mot 2027.

For Valdresjordbruket snakkar vi om ein trendavgang i storleiksorden 77 årsverk og ekstra avgang på 54 årsverk ved 10 % reduksjon i kjøttforbruket fram mot 2027. I det mest ekstreme scenarioet med 45 % redusert forbruk av raudt kjøtt blir den ekstra avgangen 247 årsverk som utgjer 36 %. Endra sysselsetting i lokal foredling og omsetjing kjem i tillegg.

Studien har og sett på arealbruken. Med trendframskriving på landsbasis aukar både grovfôr- og kornarealet så lenge intensiteten i produksjonen er uendra. Det er fordi befolkningsauke åleine gir noko høgare kjøttforbruk også med uendra forbruk per person.

Med 10 % redusert kjøttforbruk per person er også korn og grovfôrarealet lite endra. Med uendra intensitet og lite endra forbruk av mjølk blir arealbruken ved 10 % reduksjon i kjøttforbruket grovt sett som i dag, befolkningsauken vil i stor grad vege opp for redusert kjøttforbruk per person.

Men i det mest ekstreme scenarioet med 45 % reduksjon av forbruket av raudt kjøtt, så fell kornarealet med ca. 20 % og grovfôrarealet med ca. 28 %.

Mjølkeforbruket er ein usikker faktor. Om i tillegg forbruket av mjølk blir redusert, så blir effektane på arealbruken forsterka. I rapporten er det sett på eit scenario der mjølkeforbruket blir redusert frå ca. 1600 mill. l i 2017 til 1000 mill. l i 2027. Nedgangen i areal er då estimert til ca. 39 % for grovfôr og ca. 35 % for fôrkorn.

Om ein del gras vert flytta over til ledige tidlegare kornareal, så vil nedgangen i grasareal i distrikta, som i Valdres, bli sterkare.

Alternativa for grovfôrareal som går ut av produksjon, er få, men er vurderte for to alternativ for politikk – trendbasert utvikling og rekanalisering. På landsbasis er det er anslått at under uendra trendbasert landbrukspolitikk så vil 80 % (2,4 av 3 mill. dekar) gå ut av matproduksjon.

Resterande areal kan bli nytta til fôrkorn (3,3 %), radkulturar som potet og grønsaker (6,7 %), og til bygg og havre til mat (10 %). Ved rekanalisering er det anslått at arealet som går ut av drift, kan reduserast til 70 % (2,1 av 3 mill. dekar).

Arealet med fôrkorn kan då doblast til 6,7 % og ein kan i tillegg finne rom for meir matkorn (3,3 %) og meir erter, bønner og oljevekstar (3,3 %).

Om norskandelen i kraftfôr kan aukast, og det er truleg realistisk, så kan det bli noko meir. I Valdres er potensialet mindre, men delar av dei ledige areala kan brukast til grønsaker, potet og frukt og bær, og det kan auke noko frå dagens låge 2 årsverk.

Matpoteter kan auke ein del, sist år var nær annakvar matpotet importert. Men konkurranse med kvalitet i høve til importpoteter, samt avstand til marknad og viktige befolkningssentra, vil truleg sette grenser for potetdyrkinga.

Det er god grunn til å understreke usikkerheita med føresetnadane for utrekningane. Det ikkje sikkert at politikken blir sett i verk slik at kjøttforbruket vil gå (markert) ned.

For helseformål kan andre tiltak, som redusert kaloriinntak eller ulike fastediettar for redusert fedme, vere meir effektive enn redusert forbruk av raudt kjøtt.

Ny forsking kan endre mykje når det gjeld klimaeffektar. Men om det vert endringar i forbruket av raudt kjøtt, så vil styrken i endringane vere avgjerande – 10 % nedgang kan ein truleg handtere utan for store utfordringar, men sterkare nedgang vil merkast godt for jordbruket i Valdres.

Forbruket av konsummjølk har, i motsetnad til kjøttforbruk, gått ned sidan årtusenskiftet, og sjølv om osteforbruket aukar, så et vi stadig meir importost. Men nedgang til 1000 mill. l fram mot 2027 må vel kunne karakteriserast som eit «skrekkscenario» meir enn ei realistisk framskriving.

Om det skulle inntreffe, vil det dempe dei negative effektane for ammeku ettersom produksjon av storfekjøtt frå mjølkekyr òg vil falle.

Ein skal heller ikkje sjå bort frå at det kan bli trendskifte for konsummjølk, og at forbruket kan stabilisere seg eller til og med auke svakt fram mot 2027. Til dømes meldte NRK.no/viten/ at mjølk kan vere betre enn vatn og sportsdrikk for å erstatte væsketap etter trening.

Oppfatning av helseaspektet med mjølk og mjølkeprodukt, og kor sterkt det vil bli vektlagt i framtidig konsum, er ein viktig faktor ettersom heile 68 % av jordbruksaktiviteten i Valdres er knytt til mjølkebruk med ku og geit.

Forbruksmønsteret kan og skifte karakter – t.d. kan salatostar auke om forbruket av salat går opp. Befolkningsauken er i studien satt moderat til 0,67 % per år. Låge barnefødselstal (som neppe aukar mykje frå ca. 55 000 i 2019) er negativt for mjølkeforbruket, og auken i folketal kjem etter prognosane som nettoinnvandring og noko høgare levealder.

Spesielt gruppa av innvandrarar med stor tradisjon for kjøtt kan vekse – og må vegast opp mot redusert kjøttforbruk for nordmenn og ungdommar. I Storbritannia anslår ein eksempelvis at muslimar, som utgjer mindre enn 5 % av folketalet, står for 20 % av forbruket av saue- og lammekjøtt.

Produksjon av grønsaker frukt og bær kan auke noko på landsbasis, men har klare grenser i Valdres, også med klimaendringar, og det er i tillegg marknadsmessige utfordringar med avstand.

Forbruket aukar for nye vekstar som t.d. avokado og mango som i Valdres eventuelt må dyrkast innandørs. Det er òg auka forbruk av norsk frukt, medan forbruket av t.d. importeple per person går ned. Nisjar som t.d. hageblåbær og nøtter, kan kanskje utviklast. Ifølge EAT-rapporten skal vi ete vesentleg meir nøtter enn i dag, og hasselnøtter kan dyrkast opp til 500-600 m i Sør-Norge.

Overgang til kastratar kan vere aktuelt for storfe om ein har tilgang på beite. Det vil auke arealbruken, redusere produksjonen og kraftfôrforbruket, men ein blir meir avhengig av tilskot.

Overgang til lettare sauerasar og lenger beitetid kan vere ei anna tilpassing. Mjølkeproduksjon på geit – og kanskje sau – kan truleg oppretthaldast eller auke svakt. Innsektslarvar, både for konsum og kanskje endå meir som husdyrfôr til fjørfe og fisk, kan bli eit spennande vekseområde og mogleg bruksområde for gras og skogvirke.

Så om framtidsutsiktene for jordbruket i Valdres ser negative ut med forventa nedgang i produksjon av mjølk og kjøt, så er dei ikkje heilsvarte. Men utviklinga bør møtast offensivt. Eit gardsbruk kan òg vere eit godt utgangspunkt for mangesysleri og tilfeldig eller fast arbeid utanom.

(Denne artikkelen var publisert i februar i år.)

Les også..

Hedalsheimen. Foto: Arne Heimestøl

Hedalsheimens venner invitererBEKJENTGJØRELSE 

alle på Hedalsheimen og eldre over 80 år med ledsager ...
Tingvoll Foto: Arne Heimestøl

Sør-Aurdal blant kommunene som kommer dårligst ut i Innlandet

Driftsoversikten som er lagt fram i 2. tertialrapport, viser at ...
Vaksinering

Vaksinering

Årets influensavaksine har kommet. Vaksineringen vil foregå ved Bagn legesenter. ...
Salto logo

for barn opp til 7. kl.BEKJENTGJØRELSE 

torsdag 17. oktober kl. 17.30–19.00. Sted: Kroken (opp til 4. ...
Foto: Arne G. Perlestenbakken

Besøk i Perlestenbakken

Mandag 30. september hadde Mari og Trym invitert førskolen og ...
Øyvind Jordet til høyre. Foto: Arne Heimestøl

Ønsker flere tilbakemeldinger

Oppdatert oppslag: Det har kommet inn en del svar på ...