Ole Aastad Bråten. Foto: Skeie og Ljones

Kva rolle skal Bautahaugen samlinger spele?

Publisert av Arne Heimestøl 15.10.2020. Sist oppdatert 15.10.2020.

Ein dialog mellom Hedalen.no og direktør Ole Aastad Bråten i Valdresmuea om marknadsføring av Bautahaugen samlinger førte til at vi sende nokre spørsmål på e-post. Her gjev vi att spørsmåla vi sende og svara vi fekk frå museumsdirektøren.

Kor mange betalte for gaiding på Bagn Bygdesamling i åra 2019 og 2020?

– Betalte besøkande på Bagn Bygdesamling i 2019 var 1203 personar. Betalte besøkande på Bagn Bygdesamling i 2020 var 1150 personar

Kor mange betalte for gaiding på Bautahaugen Samlinger i åra 2019 og 2020?

– Betalte besøkande på Bautahaugen i 2019 var 35 personar. Betalte besøkande på Bautahaugen i 2020 var 12 personar

Kva planar har de for opningstider på dei to musea sommaren 2021?

– Valdresmusea har som kulturlivet elles vore råka av ein koronapandemi. Dette har ført til nedskalering av aktivitetar og tilbod, og målretta innsats styrd mot tiltak som sikrar billettinntekter. Mange museum har tapt store inntekter. Det same har Valdresmusea. Så og seie all gruppetrafikk har forsvunne. Det har òg ført til salssvikt for butikken på Valdres Folkemuseum – ein butikk som har sikra gode inntekter i mange år.

Det er inga signal som seier at denne situasjonen vil vere annleis i 2021. Valdresmusea legg derfor opp til same moderasjonsline som i 2020. Billettinntektene vil også i 2021 truleg følgje trafikken ved dei store musea; for Valdres vil det vere Valdres Folkemuseum.

Korleis vil Valdresmusea marknadsføre tilboda på dei to musea i Sø-Aurdal?

– Vi vil følgje opp med same tiltak som i 2020: Annonsering i Avisa Valdres/Valdresmagasinet og på nett.

Kva kan Valdresmusea gjere for at gaidinga skal vere økonomisk berekraftig?

– Berekraft er eit relativt omgrep. Ein kan skapa tilbod der målet er å sikre den økonomisk botnlina, eller ein kan skapa tilbod som fyrst og fremst skal vere eit gode for innbyggarane og dei besøkande. For Bautahaugen har Valdresmusea vald ein delt strategi;

Det betalande publikummet ved Bautahaugen har i 15 år vore lågt. Dette skuldast fleire forhold, men svakt turistbesøk er kanskje det mest openberre. Reiselivet i Noreg følgjer tradisjonelle mønster og dei store destinasjonane er framleis å rekne som inntektsmaskinene blant aktørane. Slik er det òg for reiselivet i Valdres. I fleire år har talet på besøkande ved Bautahaugen vore godt under 50 – av eit samla besøk ved Valdresmusea på i underkant av 60 000. Det gir ein sesonginntekt på i underkant av 2 000 kroner. Det er ikkje berekraftig – i økonomisk forstand.

Mange vil stille spørsmål ved det oppgitte talet på betalande besøkande. For – besøket er jo større – vil ein meine, av innbyggarar som dagleg stikk innom for ein kopp kaffi etter handelen på butikken, som deltek på arrangement i regi av andre enn Valdresmusea, som feirar fred og frigjering under den årlege 17. mai-feiringa – eller som berre svingar innom av gamal vane. Så er også betalingsviljen blant dei som berre svingar innom, låg. Slik er det i Hedalen som ved alle andre mindre museum. Og derfor erkjenner vi at museum ikkje berre er museum (i betalande forstand), men meiningsfulle verestader for menneske i alle aldrar. I eit økonomisk berekraftsperspektiv skulle ein helst ha sikra seg inngangspengane frå alle desse. Men forsiktige signal om nett dette har vist seg vanskeleg – i Hedalen, som ved dei andre avdelingane. Og derfor vel vi å ta vare på dei besøkande som «berre skal stikke innom» – som får seg ein vaffel og ein prat etter dagens ærend.

Valdresmusea er eit godt drive museum blant dei norske musea, fagleg og økonomisk. Valdresmusea har derfor sin openberre eksistensberettigelse. Men, slikt kjem ikkje av feilslått reiselivsatsing, dårleg forvalting av statlege tilskott – eller dei hardt tilkomne eigenskapte inntektene. Tvert imot. Det er langsiktige strategier og klare prioriteringar som gir dette resultatet. Så har også Valdresmusea vorte løna av staten fleire gonger for ein slik innsats – med investeringstilskott til rehabiliteringar og nybygg og auka driftstilskott til særskilte satsingar. For, med slike tilskott følgjer strenger føringar. Vi gjer vel å følgje dei strategiane som er lagt for selskapet. Vi gjer vel å forvalte ressursane slik staten krev av oss.

Derfor kan vi ikkje jamstille museet i Hedalen med dei største reiselivsmusea – og med dei innsatsane og ressursane som følgjer desse musea. For Bautahaugen må vi i staden balansere mellom gaiding og omvising som formidlingstiltak for «besøkande som finn vegen», og å skapa eit ope, inkluderande og gjestfritt museum for dei lokale innbyggarane som kvar dag stikk innom og helsar på.

Elles håpar eg lesarane ser verdien av den daglege aktiviteten som følgjer med handverkaren vår i 40 % stilling. I år har vi intensivert arbeidet med nytt torvtak på stabburet frå Bergsrud og oppstart med ferdigstilling av taket på dobbeltløa. Materialar og vedlikehaldskostnadar har ein høg pris. Det same har ein ny utandørs fotoutstilling og eit nytt informasjonsskilt ved vegen, alt dette kjem på plass i 2021. Og i tillegg til gaiding til faste tider håpar vi òg å føre vidare tradisjonen med konsert, skummeltur og foredrag.

Eg synest vi får til mykje i Hedalen, gjennom Valdresmusea sin eigen innsats, men ikkje minst gjennom aktivitetar og tilbod som dei frivillige skapar – kvart år. Eg håpar på fortsatt godt samarbeid med både styret for stiftinga og dei trufaste og dyktige medlemmene i Bautahaugens venner. Verdien ligg i kva vi får til i fellesskap, ikkje kva Valdresmusea åleine yter.

Les også..

Foto: Arne G. Perlestenbakken

Stemningsfull konsert på Hedalsheimen

Det er adventstid og snøen daler ned. Onsdag denne uka ...
Avdelingsdirektør Elisabeth Longva i DSB

– Befolkningen har rett til å være informert om farer i egne omgivelser og skal medvirke i utviklingen av lokalsamfunnet

Torsdag 12. desember skal kommunestyret behandle saken «Helhetlig ROS-analyse for ...
Kari-Anne Jønnes

Ungene er framtida vårYTRING 

Fundamentet for vårt velferdssamfunn og vår framtidige konkurransekraft ligger i ...
Illustrasjon hentet fra planen

Mer sortering – færre steder

Valdres Kommunale Renovasjon IKS (VKR) har laget en plan for oppgradering og ...
Fra eldretur til Fønhuskoia

Aktiviteter i Lions Club Vassfaret

2024 nærmer seg slutten, og da er det tid for ...
Boeing Boeing

Hedalen ungdomslag presenterer Boeing BoeingBEKJENTGJØRELSE 

Bernhard lever livet som suksessfull finansmann og ungkar, med sansen ...