Biblioteket i Hedalen

Ei sak for kommunestyretLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 21.08.2020. Sist oppdatert 21.08.2020.

For nokre dagar sidan la kommunen ut informasjon om endra opningstider for biblioteket i Hedalen. Fram til no har filialen vore open på tysdagar i tidsrommet 11.00–14.00 og torsdagar frå 11.00 til 18.00.

Frå og med 1. september vert biblioteket stengt på tysdagar, og på torsdagar vert opningstida redusert med éin time.

Årsaka er endring i ressursar og arbeidsoppgåver. «Vi som jobber på biblioteket skal utover høsten forberede et meråpent tilbud på biblioteket i Bagn, noe som vil si at fra en gang i 2021 kan de som har signert kontrakt komme på biblioteket utenom vanlig åpningstid. I tillegg blir det ulike arrangement utover høsten», les vi på kommunen si heimeside.

Filialen i Hedalen er også skolebibliotek. I Nou 2019:23, Ny opplæringslov, les vi følgjande på side 538: «Skolen skal ha skolebibliotek med mindre tilgangen til skolebibliotek er sikra gjennom samarbeid med andre bibliotek. Bibliotek som ikkje ligg i skolen sine lokale, skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida, slik at biblioteket kan brukast aktivt i opplæringa på skolen. Biblioteket skal vere særskilt tilrettelagt for skolen.»

Vi meiner denne saka bør takast opp i kommunestyret. Her vert det lagt opp til ei endring i eit viktig tenestetilbod som einsidig råkar filialen i Hedalen. Attpåtil skal biblioteket i bygda stengje klokka 17.00 på torsdagar. Det betyr at mange som er på arbeid, vil ha små sjansar til å bruke filialen.

Varaordførar Olav Kristian Huseby (H) minner om at alle innbyggarar i Sør-Aurdal er velkomne til å bruke biblioteket i Bagn. Vi meiner geografien i kommunen neppe inviterer til det for dei som bur lengst unna kommunesenteret.

Set heller brukarane sine behov og interesser i heile kommunen i sentrum. Vert ressursane mindre, bør ein heller ha ein prosentvis lik reduksjon av tenestetilboda på dei tre biblioteka.

Les også..

Slukking av 2G

2G-nettet slukkes i Innlandet 18. november – Telia ber folk sjekke utstyret sitt

Tidlig om morgenen 18. november slukker Telia 2G-nettet i hele ...
Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter søker til nyopprettede stillinger sykepleier, sosionom og helsefagarbeider

STILLINGSANNONSE – UTVIDET SØKNADSFRIST: Fekjær psykiatriske senter (FPS) er en ...
Hedalen helselag ny logo

Gå med oss onsdag 12. november

BEKJENTGJØRELSE: Vi møtes ved Kroken kl. 11.00. Turmål bestemmes der ...
Hedalen naturbarnehage. Foto: Dagfinn Heimestøl

Det meste på stell i Hedalen naturbarnehage

Miljøretta helsevern Hallingdal og Valdres har gjennomført tilsyn ved Hedalen ...

Juleaksjonen Ønsketreet

BEKJENTGJØRELSE: Julen er en tid for glede, fellesskap og varme ...
Fra Vassfaret. Foto: Bjarne Berg

Vassfaret

Denne artikkelen ser nærmere på hvordan navnet Vassfaret har utviklet ...