Arne Heimestøl

Først i ValdresLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 15.06.2020. Sist oppdatert 15.06.2020.

Ein lesar gjorde oss sist veke merksam på at det er tre ledige stillingar frå 1. augst 2020 ved Hedalen barne- og ungdomsskole. Søknadsfristen til stillingane er 21. juni. Hedalen.no laga eit eige oppslag om saka med lenkje til stillingsomtalen på NAV sine sider.

Folketalet i Sør-Aurdal går, som i store delar av Innlandet, ned. Det er ikkje bra. At arbeidsløysa har gått kraftig ned den siste tida i kommunen vår, er det grunn til å gle seg over, og likeeins er det svært positivt at kommunen har fleire ledige stillingar i skolen.

Det vi stussar over, er at nemnde stillingsutlysingar kjem så seint.
I tilstandsrapporten for grunnskole 2019 les vi at kommunen ikkje har lukkast med å få lærarar med godkjent utdanning i alle undervisningsstillingane.

Det vi veit, er at det er konkurranse om å få tak i kompetent arbeidskraft i skulesektoren.

Vi har mykje å vere stolte av i kommunen vår, og det bør ein bruke når ein freistar å rekruttere nye medarbeidarar. Det kan bety at ein sikrar arbeid for nokon som alt bur i kommunen, eller at ein prøver å få fleire til å busetje seg i Sør-Aurdal. Skal ein lukkast med dette, må ein møte opp seinast når konkurransen om arbeidskraft startar.

Sør-Aurdal kommune bør ha som mål å vere først i Valdres. Alle gode krefter bør samarbeide slik at ein kan tilsetje personer med relevant og godkjent utdanning i ledige stillingar ved alle skolane våre.

Er dette ei sak bulystprosjektet kan ta tak i?

Les også..

Konfirmanter i Sør-Aurdal

I år er det seks konfirmanter i Hedalen, trei Begnadalen, ...
Foto: Arne Heimestøl

Vedtok SFO hele onsdager uten minstekrav

Kommunestyret i Sør-Aurdal vedtok 12. november at det skal gis ...

Seniortreff i Begnadalen

Tirsdag 10. november inviterte Sør-Aurdal kommune, frivilligsentralen og frisklivssentralen til ...

Orienterte om status i byggeprosjekt SAUS

Målet er å inngå kontrakt om bygging av nye Sør-Aurdal ...

Færre barn i Sør-Aurdal

Fra 2001 til 2025 har antall barn i alderen 0–15 ...

Korps tar ikke energi, det gir energi

YTRING: Hedalen musikkorps ble endret til skolekorps i 1974. Da ...