Arne Heimestøl

Fiber til alleYTRING 

Publisert av Arne Heimestøl 29.11.2020. Sist oppdatert 28.11.2020.

Interessekartlegginga Sør-Aurdal Energi gjennomførte i haust, viste at 54 husstandar vil ha fiberoppkobling i Midtbygda. Dette vart nok til at Eidsiva bredbånd set i gang utbygging dersom tilstrekkeleg mange formelt sett melder seg på.

Heile 78 husstandar i denne delen av Hedalen får no tilbod om å knyte seg til den beste internettoppkoplinga som er mogleg å få. Dette gler meg, for vi nærmar oss sterkt målet om at alle i Hedalen skal få det same tilbodet. Nokre krokar og eitt større område, Åsli, står att, og kan eg få vere med på å bidra til at resten får kople seg til fibernettet, stiller eg gjerne opp.

Det har vore ein lang veg å gå for å komme dit vi er i dag. I 2014 kom transportnettet for deler av Hedalen på plass. Kontorparken vart kopla opp dette året. Det same vart Fekjær psykiatriske senter og etter kvart Hedda hytter.

Eg hadde trudd at alle som ville, no kunne kople seg på, men så enkelt var det ikkje.

I slutten av 2015 skjedde det endeleg noko sør i bygda. Eidsiva bredbånd kom med tilbod om utbygging til dei fleste privathusstandane sør for Hallom. Prosjektet tok lang tid, mellom anna fordi lågspentnettet vart oppgradert samstundes med at SAE førte fram fiber.

Seint på hausten i 2017 kom Eidsiva og SAE i gang med eit nytt prosjekt. Denne gongen var det 46 husstandar i Skolehagen, Brunbakklia og nokre adresser til og med Solstad som vart kopla opp. Her vart oppslutninga etter kvart 100 %.

I 2018 kom Telenor på banen med ei stor satsing i fem område i Sør-Aurdal. Påmeldinga i Hedalen nord var god, og det meste av utbygginga vart fullført i 2019.

Midtbygda og Åsli stod att. Like før påske i 2019 vart eg invitert til hovudkontoret til Telenor på Fornebu. Her skulle eg kome med forslag til vidare fiberutbygging i Sør-Aurdal. Etter innspel frå rådgjevar Stig Solbrekken i Sør-Aurdal kommune nemnde eg eit område frå fylkesgrensa i Begnadalen til Begna bruk og områda Åsli og Midtbygda i Hedalen.

Telenor sette i gang utgreiing av alle tre områda, men konkluderte med at det vart for dyrt å byggje ut.

Dette var bakgrunnen for at Eidsiva og SAE vart utfordra til å byggje i Midtbygda, og no har vi endeleg fått napp.

Eg oppmodar alle til å takke ja til tilbodet som no har kome. Eg har sjølv breiband frå Eidsiva, og oppkoblinga har vore stabil og svært god.

Koronapandemien har vist oss kor viktig det er å ha skikkeleg nett. Det treng vi anten det er til skulearbeid, anna arbeid eller til velferdsteknologi. Og du kjem sikkert på fleire bruksområde…

Les også..

Salto logo

Grøtfest

BEKJENTGJØRELSE: Felles for begge gruppene på Kroken torsdag 11. des. ...
Reinli barnehage. Foto: privat

Betydelige utfordringer for barnehagene

Ifølge Økonomiplan 2026-2029 og budsjett 2026, som kommunestyret skal behandle ...
Fesjidalen

Dalen uten kartnavn

På Norgeskart finner vi i dag navnet Fesjidalsvegen. Dette navnet ...
Rolf Gunnar Olsen, Bjørg Berg og Erik Råheim. Foto: Granheim

Seniorsvømming – et populært tilbud i Sør-Aurdalshallen

Eldrerådets seniorsvømmetilbud på fredager har blitt et svært populært tiltak. ...

Foreslår 3,5 promille for boliger og 7 promille for næring og kraft

Sør-Aurdal er i ferd med å spikre eiendomsskatten for 2026, ...

Adventssamling

Foreningen Hedalsheimens venner hadde sist søndag invitert alle beboerne ved ...