Arne Heimestøl

Bli med på fiberdugnaden!YTRING 

Publisert av Arne Heimestøl 03.09.2020. Sist oppdatert 03.09.2020.

I desse dagar undersøker Sør-Aurdal Energi kor mange husstandar i Midtbygda i Hedalen det er som er vil ha internettoppkopling med fiber. Rundt 70 adresser har motteke sms frå selskapet.

Tysdag morgon hadde 41 svara ja, og 6 hadde sagt nei. 23 hadde ikkje svart. Eg håper at flest mogleg svarer ja, og at dette skjer raskt. Jo høgare oppslutning, jo større er sjansen for at SAE og Eidsiva byggjer ut. Kan vi håpe at utbygginga kjem i gang i haust, slik at flest mogleg vert kopla opp til den digitale motorvegen før jul?

Fiberutbygging i Hedalen har teke tid. I sentrum og sør i bygda har Eidsiva og SAE stått for utbygginga. I Hedalen nord har Telenor hatt ansvaret. Midtbygda, Åsli og enkelthusstandar i Hedalen nord manglar tilbod. Vi er altså ikkje i mål, og eg meiner vi ikkje skal gje oss før alle har fått tilbod om oppkobling til fibernettet.

For vel 1 1/2 år sidan kom Telenor på banen med fiberutbygging i eit stort område nord i bygda. Saman med tre andre laga eg ei liste over adresser som ville ha det same tilbodet i Åsli, Midtbygda og adresser som ikkje var med. Telenor inviterte meg til Oslo på eit møte der vi såg på moglegheitene for vidare utbygging. Selskapet rekna ut kva ei utbygging i desse områda og eit område sør i Begnadalen ville koste. Konklusjonen var klar: Det ville bli for dyrt for Telenor å byggje ut desse områda.

No er SAE på banen. Straumnettet i Midtbygda er i stor grad oppgradert, og det er lagt til rette for fiberutbygging. Transportnettet går gjennom området, og ved Hedalsheimen står ein node som kan brukast av fleire. Mykje ligg til altså til rette for at utbygginga skal lukkast – føresett at interessa er stor nok.

Det er no tre år sidan SAE og Eidsiva starta fiberutbygging i Brunbakklia og Skolehagen. Her vart 46 av 47 adresser med – den siste kom på plass ei tid etter.

Eg er svært godt fornøgd med oppkoplinga eg har fått her i Brunbakklia. Nettet er stabilt, og nettfarten eg får, er i tråd med det eg betalar for. SAE har svært høg oppetid på straumnettet. Slik er det òg med fibernettet. Eg legg til at då prosjektet vart sett i gang, så gjekk gjennomføring svært bra òg.

Eg betalar for 300-mbps linje. Når eg koplar datamaskinen min rett i ruteren, får ofte eit slikt resultat. Til samanlikning hadde eg 0,5 mbps nettfart på opplasting og omlag 5 mbps på nedlasting då eg var kopla opp via ADSL. Målinga ovanfor er gjennomført på Nettfart.no.

Konklusjon: Eg håper at alle ser på fiberutbygginga i Midtbygda som eit dugnadsprosjekt, men også noko alle vil ha stor nytte av når det kjem på plass. Koronatida har mint oss om kor viktig det er å ha skikkeleg nett. Og noko betre nett enn fibernett får vi ikkje.

Les også..

Bilvask

Ren bil til 17. mai?!ANNONSE 

9. trinn tar oppdraget! Inntektene går til 10. klassetur. Tidspunkt: ...
Begnadalen barnehage. Foto: Rune Stenslette

Det blir både barnehage og SFO i Begnadalen fra høsten

Torsdag 2. mai behandlet kommunestyret i Sør-Aurdal saken Endring av ...
Ved Småvatna. Foto: Olaf Søbekkseter

Ut på ski?

Det er fortsatt mye snø i fjellet, og det er ...
Taket på mellombygget begynner å ta form. Foto: Arne Heimestøl

Rehabiliteringsprosjektet fortsetter nær som planlagt

Til tross for kostnadssprekk på vel 25 % på rehabiliteringsprosjektet ...
Oddvar Gran. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Oddvars 11. dialektkviss

Oddvar sender fortsatt inn dialektuttrykk som vi lager kvisser av. ...
Kor

Konsertar med koret OFFbeat frå Nord-Tyskland

OFFbeat er eit kor frå Schleswig i Tyskland, nærare bestemt ...